NRK Meny
Normal

Oksanens krig

Då fjerde romanen til finsk-estiske Sofi Oksanen blei lansert i fjor, var det reine rockekonsertstemninga i Tallinn og 1000-vis av finnar som kom på spesial-lanserings-charter-ferje over bukta for å vere med på festen. No er romanen «Da duene forsvant» ute på norsk. Men noko skurrar.

Sofi Oksanen

Den prisbelønte finske forfatteren Sofi Oksanen er klar med sin fjerde bok, 'Da duene forsvant'.

Foto: Toni Härkönen

Vi er heilt klart i Sofi Oksanen-land. Men altså, eit eller anna er annleis. Spørsmålet er jo om Oksanen har fornya seg, mens eg som er stor fan vil at ho skal skrive likt frå bok til bok, eller om ho rett og slett har skrive dårlegare denne gongen. Lat oss ta det systematisk og starte med det som liknar:


Skogsbrør og opportunistar


Det er krig, Estland er i skvis mellom Sovjetunionen og Nazi-Tyskland. Situasjonen er uoversiktleg, makta endrar språk og ansikt på kort varsel. Dette skaper vekstgrunnlag for to svært ulike strategiar. Den eine er å snu kappa etter vinden. Den andre er å kjempe kompromisslaust mot alle okkupasjonsmakter og for eit uavhengig Estland. Det begge strategiane har som konsekvens, er at utøvarane må skjule seg. Anten heile seg, gjerne i skogen slik dei såkalla skogsbrørne gjer, eller det gjeld å skjule den delen av livshistoria som nye makthavarar ikkje vil like. Dei som må skjule noko, må før eller sidan også skjule nokon som veit for mykje. Dei som veit for mykje har gjerne vore nære og kanskje til og med kjære i ein tidlegare livsfase.


Fetterar på kvar si side

Da duene forsvant av Sofi Oksanen
Foto: Exil Design

Dette er kjent terreng frå romanane Stalins kyr og Utrenskning, romanar som har gjeve Oksanen velfortent internasjonalt ry. I denne nye romanen er historia bygd opp rundt to fetterar som vel kvar sin strategi når det brakar laus. Vel og bra, og Da duene forsvant er ingen dårleg roman, men no er det jo ein gong slik at ein ventar seg mykje frå slike som har skrive grensesprengande bra romanar.


Thriller


Det som er annleis denne gongen, er at personane er heller utvendig skildra, det verkar ikkje som det er viktig for Oksanen å fylle dei ut til å bli heile og samansette menneske. I staden får dei representere roller eller strategiar i det store spelet. Slikt treng ikkje vere gale i seg sjølv, det finst glimrande romanar der historia spelar hovudrolla, men forfattaren har også valt å la språket få noko flatt, thrilleraktig over seg. Kanskje dette er boka for dei som likar thrillerar?


Det spesifikke

For dei av oss som har sett pris på det spesifikt oksanske i stilen, er dette ein nedtur. Borte er dei ekstremt konkrete og sanselege skildringane av matlaging på kjøkkenet, livet i landsbyen og det vanskelege kjærleiksforholdet, alt det som gjorde at vi forstod kvar vi var og kva som stod på spel med alle sansar. Denne gongen må vi i stor grad tru på forfattarens påstandar. Det som sit att av personskildringa er at dei i stor grad let seg styre av sex, dette gjeld av ein eller annan grunn særleg den kvinnelege og den homofile hovudpersonen. Om dette er ei historie i historia er vanskeleg å seie, vanskeleg er det også å finne ut om det skal handle om kva press gjer med ulike personar, for dette har Oksanen skildra så mykje bestre før.


Historietime


Tilbake står ei historie om eit lite land som gjennom historia har lidd under presset frå stormaktene i regionen. Denne historia kan Oksanen betre enn dei fleste. Men dette er ikkje ei historiebok, det er ein roman. Og som roman når den ikkje det nivået vi skal vente oss av ein forfattar som Sofi Oksanen.