Hopp til innhold
Anmeldelse

To bestevener og ei dame

«Vår store fortvilelse». Tittelen kunne spelt på fryktelege, blodige kapittel i tyrkisk historie eller på tragiske konfliktar i familiar der nokon vil følgje islam og andre vesten. Men dette er ikkje ei slik bok.

Our Grand Despair

To ungkarer forelsker seg i den samme kvinna, når ho flytter inn i bofellesskapet deira. Frå filmatiseringa av «Our Grand Despair», med Gunes Sayin i rollen som Sahin.

Foto: IMDb.com

Trass i at det er ei bilulukke som set handlinga i gang, har vi her ein vemodig og ikkje minst humoristisk roman om svært gjenkjennelege ting: tida som går, menneske som går, og menneske som blir.

Vakkert venskap

Med «Vår store fortvilelse» frå 2004 blir den Ankara-baserte forfattaren Baris Bicakci introdusert for norske lesarar. I romanen møter vi Ender og Cetin, to svært nære vener frå barndommen som – trass i diverse kvinnehistorier – framleis er single når dei møter kvarandre att i vaksen alder. Dei flyttar saman og trivst med det, men så ein dag skjer det noko:

Ei jente i slutten av tenåra flyttar inn til dei to ungkarane etter at foreldra døydde i ei bilulykke. Storebroren hennar er ein tredje barndomsven av dei to. Men etter å ha følgt foreldra til grava må han rett tilbake til USA der han no held til. Ender og Cetin lovar å ta seg av veslesøstera til ho er ferdig på universitetet.

Uvanleg trekant

Det nye livet byr på utfordringar. Ungkarsvenene opplever visse spenningar seg i mellom når dei oppdagar at også den andre er forelska i den vakre Nihal, men dei finn saman att når det viser seg at ho har fått seg kjærast på universitetet, ein jypling som naturlegvis ikkje er henne verdig. Historia om denne nokså uvanlege trekanten er så full av verkeleg gode scener at det ikkje er til å undrast over at romanen blei til ein kritikerrost film for nokre år sidan.

Enkel fryd

Eg såg aldri filmen, men på høgst sviktande grunnlag vågar eg å påstå at boka er betre; i tillegg til dei openbert sceniske kvalitetane finst det noko i teksten som ikkje like lett let seg overføre til bildespråk: det er den underfundige filosoferande tonen i monologen til Ender som tenkjer på venskapen, ikkje minst bandet han har til Cetin, på kva som knyter folk saman og kva som støyter dei frå kvarandre. Filosoferingane, som gjerne har utspring i dei pussige episodane, handlar i siste instans om at vi alle er grunnleggande sett aleine og at vi ein dag skal døy. Nei, det er ikkje ei trist bok, men denne stemninga ligg under det heile, som ein jamn, nesten umerkeleg basstone.

Denne tonen, i tillegg til det pussige bufellesskapet for ikkje å gløyme den enkle fryden ved å la seg overraske over bøker frå land ein kjenner lite til, desse tre tinga gjer at "Vår store fortvilelse" ikkje skaper fortviling med tvert om glede hjå lesaren.