Hopp til innhold
Anmeldelse

Over toppen

Få kan som Roy Jacobsen mane fram slitets kvinner og menn langs nordlandskysten. Denne gongen bikkar det over og blir for mykje av det gode. Kva har skjedd?

Roy Jacobsen

Oppgraderinga av drama og menneskelege eigenskapar i «Hvitt hav» er banaliserande, meiner NRK si bokmeldar om Roy Jacobsens oppfølgjar til «De usynlige».

Foto: Fredrik Arff

Jacobsen hausta mykje og vel fortent ros for romanen «De usynlige» i 2013, der han tok lesarane med til ein liten familie som levde og sleit på Barrøy ved Helgelandskysten tidleg på 1900-talet. Styrken låg ikkje minst i skildringa av alle arbeidsprosessane fiskarbøndene måtte meistre, og om korleis klok ressursbruk og kunnskap om ver og vind var spørsmål om liv eller død. Dette er med i like stor monn i oppfølgjaren «Hvitt hav» og er ein styrke ved romanen.

Men der forfattaren i «De usynlige» skreiv seg med gehør opp mot ei grense når det galdt heroisk slit og knapp tale, der glir det tidvis over i det ufrivillig komiske i denne romanen.

Krigsdrama

Hvitt hav av Roy Jacobsen

«Hvitt hav» er oppfølgjaren til «De usynlige» og har noko av den same styrken i skildringane av kva fiskarbøndene måtte meistre.

Året er 1944, den unge Ingrid frå «De usynlige» er godt vaksen og flyttar aleine tilbake til Barrøy etter ei tid på fiskemottak. Dei andre familiemedlemmene er døde eller spreidde for alle vindar. På øya finn ho fleire døde menn og ein det så vidt spinn liv i.

I den store historia blei det tyske transportskipet Rigel senka av allierte og om lag 2500 krigsfangar drukna. I den vesle historia må Ingrid rapportere om dei døde og skjule den levande, ein russisk fange som blir elskaren hennar i nokre korte veker.

Der «De usynlige» baud på lange linjer og ei tidsskildring som strekte seg gjennom halvanna tiår, der får vi denne gongen eit punktnedslag på nokre månader og ein ytre dramatikk som krigen sørgjer for.

Melodrama

Det gjeld å skjule ein fange, det gjeld å berge livet, helsa og helst også forstanden til finnmarkingar av diverse etnisitetar som er tvangsevakuert og som må innkvarterast der det fell seg, til dømes på Barrøy. Ingrid klarer brasene trass i ein graviditet som etter kvart ikkje let seg skjule og hugsar i farten å ha seg med ein skipper for å ha materiale til ei historie om barnefar om det skulle trengast.

Når så Ingrid vel å føde barnet på sitt heilt særeigne vis, ser eg for mitt indre auge ein scene som ville ha toppa alt vi til no har sett av nordnorsk melodrama om den hadde blitt filma.

Overgår Wassmo

Både naturen, folkelivet og ikkje minst krigen gjer at den nordlege landsdelen er som skapt for skildringar i storformat. Herbjørg Wassmo har dikta fram fleire kystkvinner av episke dimensjonar og kome godt ut av det: Ei Dina med kløkt, strategisk evne og jordisk gods som gir henne gode kort på handa. Ei tante Rakel med hjartelag, klokskap og evne til å gjere det gode. Begge med handlekraft og sterk vilje til å skjule sine sår.

Ingrid er både Dina og Rakel og meir til. Ho besvimer og spyr og grin og tørkar tårer før ho jobbar endå hardare til beste for alle. Her blir det ikkje spart verken på pengebruk eller arbeidsinnsats.

Ingrid gikk ut og vurderte å ro til Stangholmen igjen og snakke med Inga, eller å sette garn, men brekte seg isteden, så ned på spyet og lurte på hva hun hadde spist, rotet rundt i det med fingrene, som på leting etter et tapt minne, til hun følte seg dum og gikk inn og vasket seg og begynte å kjevle ut lefseleiver i nøyaktige sirkler mens tårene rant og ingen av dem sa noe.

– Klar du det heran? sa Barbro før de gikk og la seg

– Ja da, sa Ingrid.

Roy Jacobsen / «Hvitt hav»

Arbeidet adlar, arbeidet erstattar også terapi, samtalar, trøyst, støtte og anna som meir tynnhuda eksemplar av menneskeslekta gjerne tyr til når det røyner på. Her gjeld regelen: tørk spyet, hald kjeft og arbeid til du stuper.

For mykje

«De usynlige» og «Hvitt hav» har noko monumentalt over seg. I ein sannsynleg tredje roman fryktar eg at den vesle jenta til Ingrid skal vekse opp og bli noko heilt ekstraordinært, om ho då ikkje går grandiost til grunne. Det gjer meg litt forstemt.

Historia om livet, slitet, kjærleiken og døden i «De usynlige» var dramatisk nok. Poesien, alle arbeidsoppgåvene, alle dei vanskelege vala, dei knappe (ok, av og til for knappe) talemåtane var monumentale nok. Oppgraderinga av drama og menneskelege eigenskapar i «Hvitt hav» er banaliserande.

Trass i dette har også denne romanen sjeldne kvalitetar. Og så går det an å håpe at Jacobsen slakkar litt på grepet og reformaterer Ingrid til nokonlunde menneskelege proporsjonar neste gong. Det kler både henne og historia.