Hopp til innhold

Kamp og omkamp om offerrolla

«Din alltid» er eit etsande drama om innvikla bindingar mellom familiemedlemmer. Makta kan like gjerne liggje hjå den som har offerrolla, ja kanskje helst der. Men kven er offer i denne romanen?

Gøhril Gabrielsen

«Din alltid» er Gøhril Gabrielsens fjerde roman. Her er hevnen søt, og det kan offerviljen og vere.

Foto: Niklas R. Lello

Den vesle romanen gir i allefall denne lesaren den spesielle typen ubehag som det er så herleg å oppleve – i litteraturen.

Vi er ein industriby nord i landet, der ein staut arbeidar og ei vakker kontordame framleis er hovudstups forelska, etter mange års ekteskap. Eller er det det dei er? I alle fall er dei så hekta på kvarandre at dei ikkje ser dottera si når dei er heime begge to. Dottera lærer seg å leve for dei små stundene då ho er aleine med den vakre mora, og har ein sjanse til å få eit smil eller endåtil eit strøk over håret.

Familieband med renneknute

Din alltid

– «Din alltid» er provet på at det framleis går an å skrive originale og tankevekkande romanar om familiar i oppløysing, meiner litteraturkritikar Marta Norheim

Ein dag kjem det eit nytt familiemedlem, ein liten gut som skrik og sutrar meir enn familien strengt tatt orkar. Ikkje mange månader etter er guten død. Kva skjedde? Kven har skulda? Mor skuldar på far og dottera skuldar på seg sjølv. Mor trekkjer offerloddet.

Resten av romanen handlar om korleis livet artar seg for ei jente og etterkvart kvinne som trur ho er barnemordar. Og som aldri kan snakke med nokon om dette. Ein treng ikkje vere psykolog for å tenkje seg at det ikkje går så bra, men her er det at forfattaren legg eit handlingsløp som verken er opplagt eller kunstig. Dermed dukkar det opp komplekse mønster av bindingar, makt og over- og underordningar, doblingar og speglingar. Definisjonane er på gli, og kjenslene glir også.

Ein treng ikkje vere psykolog for å tenkje seg at det ikkje går så bra, men her er det at forfattaren legg eit handlingsløp som verken er opplagt eller kunstig.

Marta Norheim / Din alltid

Intens og medrivande

Hemnen er søt, javel. Men også offerviljen kan vere søt, og slik oppløyser motseningar og klare grenser seg. Det ligg noko litt uverkeleg og flytande over heile romanen, trass i at språket kan vere konkret inntil den minste, ekle detalj, til dømes i dei nesten kliniske skildringane av kroppsleg forfall. Her kjem tydelegvis sjukepleiarutdanninga til forfattaren til nytte.

Det ligg noko litt uverkeleg og flytande over heile romanen, trass i at språket kan vere konkret inntil den minste, ekle detalj, til dømes i dei nesten kliniske skildringane av kroppsleg forfall.

Marta Norheim / Din alltid

Det uverkelege kjem andre stader frå: Det kjem frå mangelen på personnamn og stadnamn. Det blir styrka av raske hopp over fleire år i slengen. Bipersonar og realistiske sidehistorier er halde på eit absolutt minimum. Historia er fortetta, intens og i stigande grad klaustrofobisk, heilt til du kjenner det rå gufset frå den opne slutten.

«Din alltid» er provet på at det framleis går an å skrive originale og tankevekkande romanar om familiar i oppløysing.