Hopp til innhold

Banksy-kommentar til Brexit dukka opp ved ferjekaia mot Europa

Eit gigantisk veggmåleri av ein arbeidande mann som meislar bort éi av stjernene i EU-flagget, dukka opp i Dover natt til søndag. Gatekunstnaren Banksy er ansvarleg.

Banksy EU

Den verdskjende gatekunstnaren Banksy la sjølv ut to bilde av veggmåleriet på Instagram-kontoen sin søndag. Dette er eit utdrag frå eitt av dei to posta bilda.

Foto: Banksy / Instagram

Representantar for den anonyme, britiske gatekunstnaren stadfestar til avisa The Independent, at det er Banksy som står bak veggmåleriet.

Det blei vist til Instagram-kontoen til Banksy der to bilde av det svære veggmåleriet er lagt ut.

«Dover, England» er einaste kommentar kunstnaren har lagt ved.

Ferja mot Calais

Veggmåleriet ber tydeleg preg av å vere inspirert av Brexit og det politiske landskapet i Europa. Val av stad ser heller ikkje ut til å vere tilfeldig.

Kunstverket er nemleg ført opp på ein bygning like ved ferjeterminalen i Dover. Terminalen knyter Storbritannia saman med Europa og Dover er stor hamn for ferjer til Calais i Frankrike.

Calais har husa éin stor flyktningleir med tidvis stor uro.

Brexit

Statsminister Theresa May i Storbritannia har under to år på å sluttføre Brexit.

Foto: Dylan Martinez / AFP

Harde forhandlingar

Den Bristol-baserte kunstnaren er kjend for politiske kunstverk verda rundt. Det ferske veggmåleriet er først Banksy-kommentar opp mot Brexit, ifølgje The Guardian.

Storbritannia står midt i prosessen med å gå ut av EU, etter at britane 23. juni i fjor stemte for å forlate unionen.

29. mars i år utløyste statsminister Theresa May artikkel 50 i EU-traktaten, noko som gjorde at Storbritannia har to år på å sluttføre utmeldingsprosessen.

For tida går det føre seg harde forhandlingar om korleis ein framtidig avtale mellom EU-landa og Storbritannia skal sjå ut.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.