Hopp til innhold

Arrangerer protestkonsert for Y-blokka

Torsdag neste veke mobiliserer kultur-Noreg til protestar og folkefest for å bevare Y-blokka i regjeringskvartalet. Åse Kleveland, Lars Lillo-Stenberg og Ravi er blant artistane som skal stå på scenen.

Y-blokka med kunstverket Fiskerne av Carl Nesjar og Pablo Picasso.

Mange har protestert mot rivingsvedtaket av Y-blokka. No vil kultur-Noreg arrangere protestkonsert for å få gjort om vedtaket og bevare blokka.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Rivingsvedtaket av Y-blokka har skapt debatt. Det har vore både underskriftskampanjar, aksjonar og fakkeltog for å bevare blokka.

No ønsker ei rekke artistar, kunstnarar og andre kulturpersonlegdommar å arrangere ein protestkonsert og folkefest torsdag neste veke for å bevare blokka som blei skadd i terrorangrepet 22. juli.

Dei har søkt om å få halde konserten framfor Y-blokka, men ventar framleis på løyve frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er grunneigar.

Blant dei som etter planen skal delta på konserten er tidlegare kulturminister Åse Kleveland, Lars Lillo-Stenberg, Ravi og Elvira Nicolaisen.

Arrangørane har samla inn pengar for å få dekka kostnadane til scene, lys, lyd og tryggingsutstyr. Dersom dei ikkje løyve til å arrangere konserten, vil dei gi pengane vidare til Fortidsminneforeningen og Støtteaksjonen for bevaring av Y-blokka.

Vil rive av tryggingsomsyn

Etter terrorangrepet i 2011, blei det vedteke at Regjeringskvartalet skulle byggast opp på nytt. Men av tryggingsomsyn blei Y-blokka vedteke riven i 2014. Det blei peka på at delar av bygget ligg over vegen som går tvers gjennom Oslo sentrum.

Vedtaket vekte harme hos mange. Det blei peika på at Y-blokka arkitektonisk høyrde saman med Høgblokka, som skulle få stå.

I tillegg har blokka unike utsmykkingar av Pablo Picasso og Carl Nesjar både ute og inne.

Protest mot riving av Y-blokka

Fakkeltoget mot riving av Y-blokka samla mange personar i januar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Statsbygg har planar for korleis desse skal bli bevart, sjølv om bygget blir rive, men mange fryktar at kunsten likevel skal få store skadar i arbeidet.

Protestane har ført til fleire utsettingar av rivinga. Men i sommar gav Oslo kommune grønt lys til riving, og i januar blei ein klage til Sivilombodsmannen avvist.

Dersom rivinga av blokka ikkje er i gang innan april, meiner Statsbygg at forseinkingane kjem til å koste fleire millionar kroner i månaden.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.