Oslo kommune innvilga 5. juli 2019 rammetillating for riving av Y-blokka. Fylkesmannen i Oslo og Viken beheldt løyve 11. november.
Departementet meiner konvensjonane ikkje inneber plikt til å verne Y-blokka. Klagene, som har kome frå Oslo Arkitektforeining og Norske arkitekters landsforbund, er dermed ikkje teke til følgje og vedtaket om å rive Y-blokka blir ståande.
Y-blokka er blant Europas «mest trua kulturminne». Det offentleggjorde kulturvernorganisasjonen Europa Nostra og Den europeiske investeringsbanken (EIB) tidlegare i desember.
– Ironisk å rive Y-blokka som overlevde terroren
Skodespelar Anders Danielsen Lie er ein av mange som har engasjert i saka om Y-blokka. Han spelte rolla som 22. juli-terroristen i filmen til Paul Greengrass.
– Det er ironisk at styresmaktene vel å rive eit verneverdig bygg som har overlevd ein terroraksjon retta mot det norske demokratiet, seier Danielsen Lie til NRK.
Om han kjem til å aksjonere for å kjempe vidare for Y-blokka har han førebels ikkje teke stilling til.
Iselin Steiro: – Eg er ekstra sint
Iselin Steiro, Diplomstudent ved Arkitekthøyskolen, og ein av Norges mest kjende fotomodellar internasjonalt, reagerer kraftig.
– Eg er ekstra sint fordi eg er arkitektstudent. Eg og ei venninne fra AHO arrangerte ein trilleaksjon for småbarnsforeldre som protest for å redde Y-blokka. Det er veldig mange grunnar til å ikkje rive dette bygget.
Ho utdjupar:
– For det første er eg einig med Anders Danielsen Lie i at det er ironisk at blokka som overlevde terroren blir reve. For det andre handlar det om arkitekturen i seg sjølve. Regjeringskvartalet er eit verk, utan Y-blokka blir ikkje Høyblokka den same fordi Y-blokka er ein del av ein komposisjon. Y-blokka rammar inn plassen foran høyblokka!
Ho seier også at bygget er karakteristisk for ein tidsperiode i arkitekturen, og med Picasso-kunst som blei laga spesielt for dette bygget.
– Og så har du miljøaspektet. Det er dumt å rive det som kan gjenbrukast. Eg syns det er eit godt kompromiss å rive den eine delen av Y-blokka, og då fjerner ein argumentet om at bygget ikkje er sikkert nok. Eg kjem til å engasjere meg videre!
– Siste ord er ikkje sagt
Riksantikvar Hanna Geiran er skuffa.
– Dette var som forventa. Men vi er, i likskap med mange andre, skuffa over beslutninga. Det er inga tvil om kva vi meiner om Y-blokka. Den er blant dei viktigaste kulturminnene her i landet og har også internasjonal betydning. Bygget har også eit stort potensial for gjenbruk, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Fortidsminneforeininga er heller ikkje overraska over avgjersla til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen seier foreininga har nokre fleire trinn dei skal gå før den endelege rivinga er klar. No tek dei saka til sivilombodsmannen og har forventningar om å få støtte der.
– Vi meiner det er vesentlege feil i plangrunnlaget frå 2014. Den gong gjorde ein ikkje tilstrekkeleg for å undersøke korleis eit nytt regjeringskvartal vil sjå ut med ei bevart Y-blokk. Når det ikkje er gjort, så er ikkje plan- og bygningsloven oppfylt, seier Fjeldheim.
Riving på nyåret
Det er Statsbygg som skal gjennomføre rivinga og Hege Njaa Aschim, kommunikasjonsdirektør i Statsbygg seier det vil skje på nyåret.
– Når kjem de til å starte rivinga?
– Nå har vi akkurat fått informasjon om at rivinga av Y-blokka ikkje blir gjort om. Vi har dialog med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og vil i samråd med dei avgjere vidare framdrift, seier Njaa Aschim
– Med nyåret meiner du då i januar?
– Det skal vi avklare med departementet sjølvsagt, seier Aschim.