Hopp til innhold

Gode quizbøker til påske

Quizbøker kan vere eit flott innslag i høgtida, men då bør kvaliteten vere på plass. Her er fire bøker du kan vurdere til påskequizen i år.

Fire quizbøker som varierer i spørsmålsmengde, men som alle er store nok til å kunne vare gjennom dei
fleste påskeferiar.

PÅSKENØTTER: Blant desse fire bøkene bør alle finne ei som passar.

I år har det kome eit tosifra tal quizbøker til påske, men standarden varierer.

Prisen for beste faktafeil går denne gongen til «Barnas egen påskequiz», som hevdar at pave Benedikt 16. døydde i 2013. (Han abdiserte i 2013 og lever framleis.)

God kvalitet handlar likevel om meir enn å berre unngå faktafeil. Her er fire bøker som får grønt lys, tre påskequiz-bøker og ein joker. Dei spenner breitt i stil og vanskegrad.

Men også i gode bøker er det menneskeleg at det ein sjeldan gong snik seg inn feil. Ikkje la deg skremme av det. I staden kan du sjå merknadene til kvar bok, desse er formulerte slik at dei ikkje røper svara.

Bøkene varierer i spørsmålsmengd, men alle er store nok til å kunne vare gjennom dei fleste påskeferiar.

God påske og lykke til når quizen er i gong!

Allmennquiz på jamt over tøft nivå

Påskequiz
  • Tittel: «Påskequiz – ekstra harde nøtter!»
  • Forfattar: Roger Ødegaard

Undertittelen er «Ekstra harde nøtter», så kor hardt er det snakk om? Svaret mitt er halvvanskeleg til vanskeleg allmennkunnskap, som å oppgje det gamle namnet på Halden, foreldra til dronning Margrethe av Danmark eller den første av bøkene om Sherlock Holmes.

Me ligg med få unntak i dette sjiktet, i det som tematisk er ei breitt anlagt spørjebok. Eg la fort merke til den artige, lettbeinte forteljarstemma – sjølv om nokre av dei lengste spørsmåla kunne ha vore brotne opp med punktum.

Passar for: Den som utvilsamt er kløktig på quiz, men som ikkje treng dei beinharde spørsmåla.

Verd å vite: Du bør like både korte, mellomlange og lange spørsmål.

Fremste styrke: Forteljarstemma i kombinasjon med jamt over gode spørsmål.

Trekker ned: Kjeldebruken. På nokre spørsmål ser det ut som kjelda er norsk Wikipedia. Eg meiner dette er ei ripe i lakken, og tek stadig ein kryssjekk med Store norske leksikon, Britannica og engelsk Wikipedia. Ta med merknadene, så skulle det gå bra.

Mest for vaksne vidarekomne

Aschehougs store påske-quiz
  • Tittel: «Aschehougs store påskequiz 2021»
  • Forfattar: Vegard Eikemo Sande

Til forskjell frå «Påskequiz – ekstra harde nøtter!» dekker denne heile spennet for vaksne. Det aller vanskelegaste er pedagogisk plassert lengst bak. Sett under eitt vil eg rå deg til å vere vidarekomen. Til dømes ved å kunne namngje hovudstaden i Jordan, trenaren til herrefotballaget Manchester City og kva mykologi er læra om.

Eg opplever at alle tema er med, jamvel om det er ei medviten vektlegging av populærkultur og stoff frå dei aller siste åra. Eg har høg tillit til at fakta stemmer.

Passar for: Alle frå den gjengse quizentusiast og oppover. Det er flest korte og mellomlange spørsmål, men òg nokre lange.

Fremste styrke: Minimalt å pirke på av fakta – eg finn knapt eit einaste feilskjer.

Verd å vite: 50 av kategoriane heiter «Familiemiks», men her tenker eg den passar for familiar der barna er unge vaksne.

Trekker ned: Av og til stussar eg over språkføringa, som at spørjeord kjem meir eller mindre midt i setninga, sløsing med ord og fleire lange spørsmål som kunne vore delt opp med punktum.

Eit lågterskeltilbod til både barn og vaksne

Forside "Den originale Påskequiz 2021" av Trine Aalborg
  • Tittel: «Påskequiz 2021»
  • Forfattar: Trine Aalborg

Eg opplever dessverre at dei fleste barnequizbøker rett og slett ikkje er gode nok. Av dei seks bøkene eg har funne i kategorien, er det berre denne som passerer. Det heile startar dagen før palmesøndag, med korte, daglege spørsmål fram til 2. påskedag.

Passar for: Barnefamiliar. Eg vil òg anbefale ho til ikkje så quizvane unge vaksne, som i lystig lag les både barnespørsmåla og vaksenspørsmåla. God stemning!

Verd å vite: Einaste bok med alternativ til kvart spørsmål, barnehagebarn er nok i yngste laget. Høgst uformell forsking i eigen familie indikerer 50 prosent skår på ein 3.-klassing som svarer (og gjettar) på alt. For vaksne spenner det frå lett blanding til halvvanskeleg.

Fremste styrke: Imponerande tilrettelagt for barn, både i språkføring og det å vere oppdatert på til dømes NRK Super.

Trekker ned: Ei handfull faktafeil kjennest litt mykje for ei bok av dette kaliberet. Det hindrar likevel ikkje flyten, sidan alle fasitsvara fint kan verte ståande. Det er meir å korrigere ei og anna opplysing medan du heng i stroppen for å ikkje verte slått av minstemann.

Ein joker for dei største quizentusiastane

TørnQuiz 2020
  • Tittel: «Tørnquiz – Vol. 3»
  • Forfattar: Einar Tørnquist

Denne kom i haust, men fortener ei omtale fordi Einar Tørnquist har gitt mykje quizlyd frå seg på kort tid. Eit særtrekk er at boka opnar med eit forord som eg ler godt av.

Boka har dessutan gjesteforfattarar. Funkygine (Jørgine Vasstrand) har ein treningskategori eg blir imponert av. Arne Scheie og Egil «Drillo» Olsen er òg med. Sistnemnde skin med det som er ei perle av eit spørsmål: Ja, kva har eigentleg øyane Borneo, Bioko, Jeju, Pico og Tenerife til felles?

Boka er vanskelegare enn kva eg hadde trudd på førehand. Kjenner du at jokeren appellerer til deg, er det berre å køyre på.

Passar for: Erfarne quizfolk som ikkje tek det så høgtidleg.

Verd å vite: Det er ein fordel om du likar tilbakevendande overskrifter som «Kjendisar», «Film», «TV», «Musikk», «Tegneserier», «Skjønnhet og mote», men også «Mennesket», «Dyr» og «Natur og vitenskap».

Fremste styrke: Gjesteforfattarane. Om du likar leiteoppgåver, som med øyane ovanfor, er det berre å glede seg til «Drillos tunge geografiblanding».

Trekker ned: Boka kunne med fordel ha vore meir balansert på overordna nivå. Det er ein del tema eg kan sakne i innhaldslista, det same gjeld internt i kategoriane. Brått handlar halve kategorien om Sør-Amerika, sjølv om overskrifta er «Lett blanding III». Nokre av spørsmåla er langt ut i grenseland kuriøse. For kva er eigentleg mellomnamnet til supermodellen Claudia Schiffer? Og i kva månad har kvinner som heiter Vivi namnedag? Ein joker av ein spørrebok, som sagt.

David Tørre Asprusten skriv på oppdrag for NRK. Han er bibliotekarstudent, den mest meritterte junioren i norsk quizsport og quizmakar i Vest-Telemark Blad og Dag og Tid. Asprusten har vunne juniorklassen individuelt i alle quiz-NM sidan 2013. Med alle aldersklassar inkludert er han den einaste nordmannen med pallplass samanlagt i quiz-VM.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters