Hopp til innhold

Bunadsskjorta lukta bæsj – dritlei gjødsling på høgtidsdagar

Sjå for deg at du akkurat er ferdig med potetløpet på 17. mai, så får du ferten av noko guffent.

Nærbilde av møkker som spres utover et jorde med snødekte fjell i bakgrunnen.

RAUDE DAGAR: Ikkje alle er like fornøgd med lukta av gjødsel på høgtidsdagar. Illustrasjon

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Det luktar godt! Det luktar vår, seier Gunnar Alstad om gjødsla som i desse dagar blir spreidd ut over norske jorde.

Han er bonde på Skatval og styremedlem i Trøndelag bondelag.

For han er lukta eit sikkert vårteikn, men det er ikkje alle som er like glad i ho. I alle fall ikkje på heilagdagar.

bonde Trøndelag

Gunnar Alstad seier at lukta av gjødsel er eit sikkert vårteikn, men ikkje alle er like glad i ho.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Bør ta litt omsyn

Lenger nord i Trøndelag irriterer Jan Aksnes seg over ein bonde som ifølge han stadig spreier møkk på raude dagar.

«No er han i gang igjen. (...) Ska vi verkeleg finne oss i dette?» skreiv han i eit innlegg på Facebook i påska.

– Dette er jo noko som har gått føre seg i mange år, seier han til NRK.

– Hovudproblemet er at det stort sett alltid skjer på høgtidsdagar der folk gjerne samlast ute og skal ha det koseleg.

Bør bønder få spreie møkk på bakkane på høgtidsdagar?

Han seier dei eit år hengde ut bunadskjortene sine natt til 17. mai, og at dei lukta møkk dagen etter på grunn av at det var køyrt gjødsel.

– Det finst alternativ: Å køyre på vanlege dagar, altså ikkje på heilagdagar, seier han.

Samtidig vil han understreke at han er for norsk matproduksjon.

– Vi skal vere runde med bonden og sjølvsagt ha forståing for at han må gjere jobben sin, men så bør også han ta litt omsyn og, seier han.

Det var Trønder-Avisa som omtalte saka først.

Les også Derfor lukter det dritt ute nå

Meg når det lukter smørsyre ute - en mann holder seg for nesa.

– Smale tidsvindauge for å kunne spreie

Til Trønder-Avisa seier den omtalte bonden at han var nøydd til å køyre akkurat den dagen blant anna på grunn av vêret.

– Fraukjellaren var full, og eg har ikkje andre jorde å køyre det på. Og eg kan heller ikkje gjere det når det er meldt regn, som det var dagen etterpå.

Bøndene må nemleg ta omsyn til ver og vind når dei skal velje tidspunkt for å spreie møkk.

Bodhild Fjelltveit

Bodhild Fjelltveit i Noregs bondelag trur bonden har gjødsla på denne dagen fordi det ikkje var andre alternativ.

Foto: Norges Bondelag

– For ein bonde, så bør ein jo ta omsyn til heilagdagane så langt som det er praktisk mogleg, og så er det den praktisk mogleg-biten som kan vere vanskeleg. Særleg når du har så smale tidsvindauge for å kunne spreie gjødsel med ver og vind som vi har i dette landet.

Det seier andre nestleiar i Noregs bondelag, Bodhild Fjelltveit, som også er bonde sjølve.

– Eg vil tru at dei bøndene som nyttar seg av finvêret, så er det nettopp på grunn av vêret at ein gjødslar også når det treffer på ein heilagdag.

Les også Solveig og Celine bretter frøposer for en bedre klode

Solveig Brørs og Celine Faudot

Heilagdagsfred

I forskrift om husdyrgjødsel står det at det skal takast omsyn til bustadfelt når bønder spreier møkk på bakkane.

«Det skal takast rimeleg omsyn til luktulemper og ulemper ved partikkelspreiing ved spreiing av husdyrgjødsel i nærleiken av bustader» heiter det i forskrifta.

I tillegg står det i Heilagdagsfredlova at det på heilagdagar skal vere heilagdagsfred som «ingen nokon stad må forstyrre med utilbørleg larm».

Les også Miljøverneren ber deg beholde den gamle fossilbilen

Elbillader