Hopp til innhold
Anmeldelse

Skarpe observasjonar frå nedlagt småbruk

Med små, pussige riss teiknar Kjersti Rorgemoen eit presist tidsbilde på under hundre sider i romanen «Eit praktisk menneske».

Bokomslag "Eit praktisk menneske" og Kjersti Rorgemoen

EIN FEST Å LESE: Kjersti Rorgemoen har eit særeige skråblikk på alt det rare folk driv med. Resultatet er mørke og morosame tekstar.

Foto: Helge Hansen / Kolon forlag
Bok

Eit praktisk menneske

Kjersti Rorgemoen

Skjønnlitteratur

2020

Kolon

Rorgemoen er ein forfattar som har sans for sprekkene, paradoksa og absurditetane i tilværet. Der ord og handling skil lag, eller der overtyding og praksis krasjar, studerer ho brotflatene. Ikkje på den vondskapsfulle måten, men heller med undring og ja, eit flir.

Det er kort sagt ein fest å lese om dei skakke og sære, men likevel heilt attkjennande folka ho skildrar.

I «Eit praktisk menneske» er det mange av dei, forbløffande mange når ein tenkjer på sidetalet. I sentrum står Liv, musealterapeuten (!) som går lei av å snakke liv og historie inn i gamle bygningar på museet. Ho vil heller lage ekte liv i hus ho pussar opp med eigne hender. Draumen om småbruk er fødd:

«Det var slik ein ærleg annonse. Blottstillande. Eg fall for det openhjartige fokuset på alt som ikkje var der: Internett, telefondekning, veg, straum og brønn.»

Liv kjøper seg slit og forsakar velferdsgode som husvarme og nettilgang. Men ho gjer jo ikkje det fullt og heilt; ho kan melde seg ut av småbrukarlivet og dra til ned bygda når ho vil.

«Ekte» liv

Ei studie i seg sjølv er amerikanarane som har vendt «tilbake» til Noreg, utan at dei nokon gong hadde vitja landet tidlegare. Kva seier det? Og kva seier det om bygdefolket at dei gav seg i kast med heilsteikt gris over open flamme på jonsokfesten, noko dei aldri hadde gjort før, for å lage «ekte», norsk feiring til ære for dei «heimvende» amerikanarane?

Dei skarpe observasjonane tvingar ein kritikar til å ty til lovleg mange hermeteikn for å få fram absurditetane.

Det moderne livet byr på uendeleg mange val og nesten like mange retrettruter. Slikt opnar for design og re-design av liv og identitet.

Liv når eit punkt der det å snakke fram nye perspektiv på fortida vert eit uuthaldeleg ordgyteri. Det ho fortel er verken «konkret» eller «praktisk» sjølv om ho spekkar historiene sine med slike ord.

I staden melder ho overgang til konkret språkkritikk i praksis på småbruket: «Kva er eit tre, i praksis? Eg veit ikkje, eg har ikkje fått start på motorsaga.»

Fascinerande mikrokosmos

Den knappe historia om arbeid og fest i Avdalen har mange lag. Mykje ligg i måten Rorgemoen både bruker og studerer språkbruken på.

Men ikkje minst ligg det i persongalleriet: den diktskrivande uteliggjaren som reknar utedoen til Liv som sin, den frodige kokken «kjend for sin sensuelle dialektoverdrivande måte å formidle oppskrifter på», gravemaskinmannen, kjærasten til Liv som synst det held å drøyme om småbruk. Saman utgjer dei eit mikrokosmos til morskap og ettertanke.

Det er all grunn til å lese «Eit praktisk menneske» ein gong til.

Anbefalt vidare: