Illustrasjon til sak "Bok for tog"
Illustrasjon: Marco Vaglieri

Bok for tog

I år blir det vanskeleg å reise langt. Men i ei bok kan du reise dit du vil. Her er 18 reisetips frå NRKs litteraturekspertar.

Å lese er ein billigbillett til overalt.

Mary Schmich, Pulitzer-vinnande journalist

Gå rett til boktipsa

– Til sommaren reiser vi til Italia, sa eg til mannen min då vi sat framfor peisen heime i romjula.

Dei siste somrane har vi hatt fantastiske feriar på Vestlandet, der vi begge kjem frå. På besøk heime hos foreldre og svigerforeldre. På hyttene på fjellet. Med fjordar og fjell, svele og kaffi. Borna har elska turar i fjøra med morfar, bading i kalde fjellvatn med mormor og turgåing og pølsegrilling (sjølv i duskregn) på hytta med farmor. Vi har til og med vore heldige med været. Den såkalla norske sommaren (i alle høve den vestlandske sommaren) med 12 grader og regn har hatt stor konkurranse av 20 grader og strålande sol.

Så vi har kosa oss. Verkeleg. Men det er noko med den forlokkande tanken på eit endå blåare hav, endå meir lunkne sommarkveldar, espresso servert av den eldre herren i kvit frakk på kaffibaren i den vesle italienske landsbyen. Fersk pasta vongole med lokal olivenolje. Og den anbefalte lokale vinen eller likøren som lindrar ein saltvatn-marinert kropp med lett solbrentheit og lovnader om ein like varm dag i morgon.

Det vert ikkje Italia. Turen, også i år, går til Vestlandet. Og vi kunne ikkje gleda oss meir. Men etter ein vår der vi har vore meir heime enn nokon gong – og der lengselen etter verda og livet der ute har trengt seg på etter kvart som heimekontor-timetalet har stige i taket – har eg likevel eit behov for noko meir. Så kva gjer eg då? Eg spør dei eg veit om som har det best moglege utgangspunktet for å sende meg på reise: NRKs litteraturkritikarar og bokelskande journalistar.

Destinasjon: verda. Transportmiddel: bøker.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur1

DESTINASJON: KARLSTAD, SVERIGE

  • BOK: «Löwenskölds ring» av Selma Lagerlöf
  • ANBEFALT AV: Marta Norheim, litteraturkritikar
Marta Norheim

Ei eventyrleg slektskrønike.

Marta Norheim om «Löwenskölds ring»

– Kva med ein tur til Karlstad? Ja, den byen som ligg rett over svenskegrensa frå Ørje. Lite eksotisk over den, sjølv om vi ikkje kan dra dit for tida. Men Selma Lagerlöf skrur tida tilbake til 1700-talet og gjenopplivar segner, mytar, historier: om ringen til Karl 12. som kastar forbanning over dei som har den, om gjenferd, svik, stor kjærleik, høge kliv og djupe fall både sosialt og moralsk. Ei eventyrleg slektskrønike der landskapet og byen stig fram gjennom det «sagolika», som det heiter på svensk. Og om ein vil vite korleis det går med slekta og den forbanna ringen, kan ein lese dei to neste romanane i trilogien: «Carlotte Löwenskiold» og «Anna Svärd».

kultur2

DESTINASJON: ISLAND

  • BOK: «Trilogien om gutten» av Jón Kalman Stéfansson
  • ANBEFALT AV: Anne Cathrine Straume, litteraturkritikar
Anne Cathrine Straume

Det triste kan også vere vakkert.

Anne Cathrine Straume om «Trilogien om gutten»

– Island! Kven vil vel ikkje til Island, om ikkje det akkurat er det landet vi tenker på i samband med sommarferie. Denne forteljinga om guten, som består av bøkene «Himmelrike og helvete», «Englenes sorg» og «Menneskets hjerte» viser eit landskap som er røft, men tiltrekkande. Den foreldrelause guten representerer det vesle, sårbare mennesket i den hardhendte naturen. Stéfansson er ikkje redd for dei store kjenslene, men det blir aldri klamt eller sentimentalt. Det triste kan også vere vakkert.

kultur3

DESTINASJON: FÆRØYANE

  • BOK: «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?» av Johan Harstad
  • ANBEFALT AV: Cille Biermann, programleiar i «Åpen bok» på P2
Cille Biermann

Hovudpersonen er vedunderleg fråkopla tidsånd, trendar og turboliv.

Cille Biermann om «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?»

– Mattias blir fødd same dag som mennesket set foten sin på månen for første gong. Og i likskap med Buzz Aldrin held Mattias seg i skuggane, ein god nr. to som ikkje gjer stort av seg og som manøvrerer seg gjennom livet utan nokon konkret plan. Etter at jobben går rett vest, og det same skjer med forholdet med kjærasten, dreg han vestover også fysisk. Til Færøyane, der han blir buande i eit slags kollektiv på ein nedlagt fabrikk. Ute blant dei forblåste, fuktige, nakne, irgrøne, tåkedraperte færøyske heiene. Her blir livet og sjela lappa nokolunde saman, og gjengen byrjar å bygge båt for å kunne reise til Karibia. Ein destinasjon ein heilt klart forstår lengselen etter i denne boka. Men det er Færøyane og Mattias si forsonande filosofering om at ikkje noko menneske er åleine, som blir ståande. Hovudpersonen er vedunderleg fråkopla tidsånd, trendar og turboliv.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur4

DESTINASJON: PARIS, FRANKRIKE

  • BOK: «Dora Bruder» av Patrick Modiano
  • ANBEFALT AV: Anne Cathrine Straume, litteraturkritikar
Anne Cathrine Straume

Den fristar til å vandre gatelangs i Paris.

Anne Cathrine Straume om «Dora Bruder»

– Kven var Dora Bruder? Og kvar vart ho av då ho rømte frå internatskulen foreldra hennar hadde plassert henne på i 1941? Patrick Modiano, den siste nobelprisvinnaren i litteratur frå Frankrike, søker gate for gate i Paris etter den 15 år gamle jødiske jenta i ei bok som sameinar skjønnlitteratur, dokumentar og essay. Ei sterk, kortfatta forteljing som byr på fleire spørsmål enn svar. Ein kan lese boka igjen og igjen. Og den fristar til å vandre gatelangs i Paris.

kultur5

DESTINASJON: PARIS, FRANKRIKE

  • BOK: «Alberte og friheten» av Cora Sandel
  • ANBEFALT AV: Marta Norheim, litteraturkritikar
Marta Norheim

Flyktig virvlar byen forbi henne med lukter, lydar, fargar, gater, parkar.

Marta Norheim om «Alberte og friheten»

– Paris er den andre hovudpersonen i romanen der Alberte Selmer er den første. Ho har flykta frå norsk småbyliv for å utvikle seg som kunstnar på Montparnasse. Flyktig virvlar byen forbi henne med lukter, lydar, fargar, gater, parkar, tre, invitasjonar som ho overhøyrer: «tu viens, mademoiselle»? Paris byr sjenerøst på motiv for målarane og kafear for alle dei innflytta kunstnarsjelene som likevel slit både med kunsten, kjærleiken og pengemangelen.

kultur6

DESTINASJON: AVIGNON, FRANKRIKE

  • BOK: «Året» av Tomas Espedal
  • ANBEFALT AV: Knut Hoem, litteraturkritikar
Knut Hoem

Byr på vittig-melankolske betraktningar om gleda ved å bu åleine på hotell.

Knut Hoem om «Året»

– I kjølvatnet av ei stor sorg reiser forfattaren til Avignon i Frankrike, i fotspora til den italienske renessansediktaren Petrarca. Espedal er inspirert av Petrarca sine kjærleikssonetter til Laura, men byr også på vittig-melankolske betraktningar om gleda ved å bu åleine på hotell.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur7

DESTINASJON: LISBOA

  • BOK: «Nattog til Lisboa» av Pascal Mercier (pseudonym for Peter Bieri)
  • ANBEFALT AV: Cille Biermann, programleiar for «Åpen Bok» på P2
Cille Biermann

Ei spanande historie om Portugal under diktaturet til Salazar frå 1932 til 1968.

Cille Biermann om «Nattog til Lisboa»

– Lisboa er ein av dei desidert vakraste byane i Europa og med sveitsiske Pascal Mercier sin roman «Nattog til Lisboa» kjem ein til og med med tog frå Bern! Der bur nemleg ein noko konform lærar, som får det for seg at han skal følge spora til ei kvinne han berre så vidt har møtt. Dette fører han altså til Lisboa der han etter kvart byrjar å jakte på heilt andre personar enn kvinna. Romanen er skildra som ein «lettlesen filosofisk thriller», så her er det noko for alle, ikkje minst for dei som er nysgjerrige på Lisboa sine tronge smug og sjarmerande torg, dufta av sjømat og lyden av ei fjern fadosongarinne. Men det er først og fremst ei spanande historie om Portugal under diktaturet til Salazar frå 1932 til 1968.

kultur8

DESTINASJON: ITALIA

  • BOK: «Og ditt navn er mitt» av André Aciman
  • ANBEFALT AV: Siss Vik, journalist og programleiar med litteratur som spesialfelt
Siss Vik

Kvar einaste side i boka syd av ungdommeleg begjær.

Siss Vik om «Og ditt navn er mitt»

– Dette er sommarromanen sin! Den 24 år gamle amerikanaren Oliver jobbar ein sommar som assistent for ein fransk professor i eit gammalt hus på den italienske rivieraen. Sonen i huset, 17 år gamle Elio, fell hardt og djupt for den flotte amerikanaren. Han blir pint av lengsel gjennom dagar fylt med jogging, bading, tennis og seine middagar med italiensk mat og vin. Kvar einaste side i boka syd av ungdommeleg begjær og av den skjellsetjande opplevinga det er å finne sjelevennen sin. Mange har fått med seg historia gjennom filmatiseringa «Call Me By Your Name».

kultur9

DESTINASJON: KRETA, HELLAS

  • BOK: «Fortell Zorbas, fortell» av Nikos Kazantzakis
  • ANBEFALT AV: Arild Jonsjord, prosjektleiar for litteraturprogramma «Åpen bok», «P2-lytternes romanpris» og «Brenner live»
Arild Jonsjord

Ei stor leseoppleving.

Arild Jonsjord om «Fortell Zorbas, fortell»

– Ei fargerik folkelivsskildring frå Kreta. Når ein ung intellektuell, britisk forfattar treffer den lokale bonden Zorba er det to ulike verder som møtast. Udødeleggjort av Anthony Quinn i filmversjonen «Zorba, the greek» frå 1964, men dette er også ei stor leseoppleving.

kultur10

DESTINASJON: KRETA, HELLAS

  • BOK: «Kreta-døgn» av Tove Nilsen
  • ANBEFALT AV: Knut Hoem, litteraturkritikar
Knut Hoem

Timianvinden blafrar bedageleg over boksidene.

Knut Hoem om «Kreta-døgn»

– Tove Nilsen si kjærleikserklæring til den største av dei greske øyene byrjar med ei heimvend gymlærarinne som prøver å få elevane til å danse Zorba. Allereie i taxien på veg inn til hovudstaden Chania (som ikkje uttalast «sjania») blafrar timianvinden bedageleg over boksidene.

kultur11

DESTINASJON: HELLAS

  • BOK: «Magikeren» av John Fowles
  • ANBEFALT AV: Arild Jonsjord, prosjektleiar for litteraturprogramma «Åpen bok», «P2-lytternes romanpris» og «Brenner live»
Arild Jonsjord

Ein skikkeleg kultroman frå 1965.

Arild Jonsjord om «Magikeren»

– Unge Nicholas er kostskulelærar på den oppdikta greske øya Fraxos (forfattaren har brukt øya Spetses og tida si som lærar der som inspirasjonskjelde). Nicholas er ein søkande ung mann og ein dag oppdagar han ein bortgøymt villa. Eigaren av huset blir ein slags læremeister for Nicholas som blir vikla inn i underlege situasjonar. Kva er draum? Kva er verkelegheit? Ein skikkeleg kultroman frå 1965.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur12

DESTINASJON: ISTANBUL, TYRKIA

  • BOK: «Svart bok» av Orhan Pamuk
  • ANBEFALT AV: Arild Jonsjord, prosjektleiar for litteraturprogramma «Åpen bok», «P2-lytternes romanpris» og «Brenner live»
Arild Jonsjord

Vi får innblikk i den fascinerande historia og kvardagslivet i Istanbul.

Arild Jonsjord om «Svart bok»

– Ein dag advokaten Galip kjem heim frå jobben er kona borte. Gjennom Galip si vandrande leiting gjennom byen får vi innblikk i den fascinerande historia og kvardagslivet i Istanbul. Så viser det seg at nokon også følger etter Galip ... Eit av høgdepunkta i forfattarskapet til nobelprisvinnar Orhan Pamuk.

kultur13

DESTINASJON: KINA

  • BOK: «Balzac og den lille kinesiske syersken» av Dai Sijie
  • ANBEFALT AV: Anne Cathrine Straume, litteraturkritikar
Anne Cathrine Straume

Sanseleg og overraskande søt.

Anne Cathrine Straume om «Balzac og den lille kinesiske syersken»

– Langt frå kinesiske våtmarknader, heldigvis! Denne vesle romanen handlar om kjærleiken til litteratur og er ei typisk good read-bok, som også har blitt ein populær film. Leikent og smart frå tida under kulturrevolusjonen. To gutar på omskolering fôrar ei syerske frå landsbygda med historier frå verdslitteraturen. Begge er forelska i den nydelege syersken. Men innføringa ho får i den klassiske litteraturen får heilt andre konsekvensar enn det gutane hadde tenkt seg. Sanseleg og overraskande søt.

kultur14

DESTINASJON: MUMBAI, INDIA

  • BOK: «Balansekunst» av Rohinton Mistry
  • ANBEFALT AV: Cille Biermann, programleiar i «Åpen bok» på P2
Cille Biermann

Ein nydeleg, brutal, sanseleg, fargerik og forrykande roman.

Cille Biermann om «Balansekunst»

– Rohinton Mistry sin prislønte og store – på så mange måtar – roman «Balansekunst» er ei reise i Indias nyare historie. Frå frigjeringa i 1947 til unntakstilstanden i 1975. Ein nydeleg, brutal, sanseleg, fargerik og forrykande roman, akkurat som India sjølv. Handlinga er frå Mumbai og gjennom fire hovudpersonar blir det komplekse indiske samfunnet bretta ut. Og frå kvar side siver det lukter og smakar; chili, curry og chai.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur15

DESTINASJON: KENYA

  • BOK: «Den afrikanske farmen» av Karen Blixen
  • ANBEFALT AV: Marta Norheim, litteraturkritikar
Marta Norheim

Ei fengslande historie om hardt arbeid og kjærleiken til landet.

Marta Norheim om «Den afrikanske farmen»

– «Å ri, å skyte med bue og å tale sannhet» står som motto for denne romanen. Vonde tunger vil har det til at Blixen ikkje var særleg god til noko av dette og særleg ikkje det siste. Uansett er historia om livet på kaffiplantasjen ved fjellet Ngong i Kenya ei fengslande historie om hardt arbeid, kjærleiken til landet og til Denys Finch-Hatton, og om menneske med svært ulike liv. No, over 80 år seinare er det fascinerande å studere korleis Blixen skildrar forholdet mellom seg sjølv og kenyanarane ho kom i kontakt med.

kultur16

DESTINASJON: GEORGIA, USA

  • BOK: «Hjertet er en ensom jeger» av Carson McCullers
  • ANBEFALT AV: Siss Vik, journalist og programleiar med litteratur som spesialfelt
Siss Vik

Eit klokt og innsiktsfullt portrett av USA på 1930-talet.

Siss Vik om «Hjertet er en ensom jeger»

– Sørstatane er ein merkeleg stad, og for den som likar sol og steikande hete, er dette rett bok. I ein namnlaus by i Georgia er det så varmt at asfalten nesten smeltar. Vi møter den døvstumme John Singer og fire personar som brukar han som ein slags skriftefar. Alle ber dei på lengslar som verkar umogleg å oppfylle. McCullers var berre 23 år då ho gav ut denne romanen, som er eit klokt og innsiktsfullt portrett av USA på 1930-talet og av det menneskelege hjartet.

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"
kultur17

REISERUTE: LONG ISLAND, NEW YORK – HELLAS

  • BOK: «En odyssé. En far, en sønn og et epos» av Daniel Mendelsohn
  • ANBEFALT AV: Knut Hoem, litteraturkritikar
Knut Hoem

Lesaren får ei fordjupa forståing av eitt av dei største verka i litteraturhistoria.

Knut Hoem om «En odyssé. En far, en sønn og et epos»

– Daniel Mendelsohn sin 81 år gamle far insisterer på å følge sonen si undervisning i «Odysseen». Etter ein vinter med undervisning reiser dei to på cruise i fotspora til Homer. Faren overraskar sonen med friske perspektiv. Lesaren får ei fordjupa forståing av eitt av dei største verka i litteraturhistoria.

kultur18

REISERUTE: ARKTIS – NAPOLI – BAYERN – GÉNÈVE – ARKTIS

  • BOK: «Frankenstein» av Mary Shelley
  • ANBEFALT AV: Siss Vik, journalist og programleiar med litteratur som spesialfelt
Siss Vik

Eg garanterer at boka har mykje nytt å by på.

Siss Vik om «Frankenstein»

– Denne visjonære romanen om mennesket som leikar Gud gir også den reiselystne lesaren valuta for pengane. Verdas første sci-fi-roman opnar med ei rammeforteljing på eit skip i Arktis. Doktor Victor Frankenstein fortel historia si til kapteinen, som er ein eventyrar på veg til å utforske Nordpolen. Gjennom Frankenstein si livshistorie bevegar vi oss til Napoli, Bayern og Génève, før vi endar opp tilbake i Arktis, dit «monsteret» har flykta. Du har kanskje sett «Frankestein» som film? Eg garanterer at boka har mykje nytt å by på, for hjernen, hjartet og sansane. (Boka finst i mange utgåver, nyleg omsett til nynorsk på Skald forlag og i ei nydeleg innbunden Penguin-utgåve med smarte forord.)

God lesereise!

Illustrasjon til artikkelen "Bok for tog"

Anbefalt vidare lesing: