Hopp til innhold
Anmeldelse

Leikande om livsalvor

Det er fascinerande kva som kan dukke opp i hovudet på ein dramatikar når kreften tek over regien.

Bokomslag "Jeg foreslår at vi våkner" og Beate Grimsrud

INTENS ENERGI: Beate Grimsrud går inn i dei små detaljane og ut i det store bildet når ho skal skildre alvorleg sjukdom, og ho gjer begge deler med intens energi. Resultatet er ein sterk og original roman.

Foto: Ulrica Zwenger / Cappelen DAMM
Bok

Jeg foreslår at vi våkner

Beate Grimsrud

Roman

2020

Cappelen Damm

Vilde Berg, dramatikar med timeplanen full for år framover, bestemmer seg for at denne brystkreften passar dårleg inn og må kurerast raskt. Ho har viktigare ting å tenkje på. Læringskurva blir bratt.

Romanen «Jeg foreslår at vi våkner» av Beate Grimsrud handlar om heile prosessen frå fornekting og forsøk på å bestemme over kreften, via behandlingar, smerter, godt nytt, dårleg nytt, nye rundar med behandlingar. Den store, kvite flokken av sjukehustilsette. Vener, familie, kjærast. Alle som ivrig kjem med sine krefthistorier.

Eit mindre oppløftande tema skal ein leite lenge etter. Men, som så ofte før, skjer det eit mirakel: Forfattaren greier å løfte det forferdelege. Sjå det gjennom lupe og kikkert, kitle det under buken og riste det i nakkeskinnet.

Sist eg opplevde dette mirakelet, var under lesinga av romanen «Pesten» som Albert Camus gav ut i 1947. «Pesten» var ingen fest, men i høgste grad ein roman som løfta perspektivet frå dei daglege korona-rapportane og som utan å nøle viste fram komikken i det ein del folk fekk seg til å gjere når krisa var der.

Kven sin kreft er dette?

Avislesarar kan ha fått med seg at Beate Grimsrud har hatt kreft og at ho, liksom dramatikaren Vilde, bur i Sverige. Dessutan har dei begge vore ivrige boksarar.

Det er likevel ingen grunn til å rope «sjølvbiografisk» her. Grimsrud sveiper fleire gonger innom spørsmålet, tydelegast her mot slutten:

«Det er så forskjellige steder. Livet og mennesket. Språket og kunsten. Hvis man trykker den ene tilværelsen ned i den andre blir begge mye mindre.
eg vil ikke forlate fantasien.»

Trass i erfaringsbasert, knallhard realisme frå eit sjukdomsforløp, er dette ein dikta tekst. Allereie den sju år gamle Vilde frå Dovre går Peer Gynt ein høg gang når ho diktar vidare på livet slik at ho skremmer nattesøvnen av meir uskuldige leikekameratar, og både Berg og Grimsrud er heimekjende i dette terrenget.

Grimsrud-metoden

Beate Grimsrud har frå debuten hatt det i språket. Originale vinklar, pussige ordspel, raus inkludering av draumar. Desse siste er ikkje som hjå Freud uttrykk for fortrengde sider ved livet, men ei utviding av det. Draumen er ein stad der fantasi, bakvende logikkar og alternative hendingsrekkjer får sin sjanse.

Slik er det i «Jeg foreslår at vi våkner» også, og løftet eg nemnde, ligg i måten ho skildrar kreften og alt den fører med seg på.

Her er fantasiverda supplert med Florian, eit mannleg alter ego, og dessutan det umake paret rotta og reven. Dei to siste er representantar for det usynlege livet som utspelar seg i storbyen: i kjellarar, kloakkar og randsoner. Dei kommenterer også det som skjer med Vilde, og dei har ein diskusjon gåande seg i mellom.

Trass i gode replikkar frå rottekjeft og revesnute, forsvarer ikkje desse to plassen sin i romanen. Dei avsporar, og historia deira endar i ein irriterande banal læresetning.

Elegant balanse

Resten av historia balanserer elegant mellom realitetar, eventyrbrokkar, draumar, mareritt i vaken tilstand, diskusjonar om økologi, estetikk, politikk, vennskap, kjærleik og vanskelege mødrer.

Denne legeringa gjer at teksten løfter seg og blir til noko meir enn ei sjukdomshistorie. Mykje meir.

Anbefalt videre lesing: