Det opplyser Aschehoug i ei pressemelding:
– Med Liv Køltzows bortgang har Noreg og Aschehoug mista ein av våre aller fremste forfattarar, seier forleggjar og konserndirektør Mads Nygaard.
Ho var sjuk i lengre tid og døydde på Bærum sjukehus søndag kveld.
VG omtalte saka først.
I 2015 fekk Køltzow Gyldendalprisen for «ein særleg eminent forfattarskap».
Foto: Vidar Ruud / NTBKøltzow blei fødd i Oslo 14. januar 1945.
– I Aschehoug er me uendeleg takksame for at me har fått arbeida saman i femtifem år, og ho har sett varige spor i norsk litteratur og forlaget, seier Nygaard.
– Ho sette ord på noko i oss
Køltzow debuterte med novellesamlinga «Øyet i treet» i 1970.
– Ho fekk frå første stund anerkjenning for sine eksistensielt orienterte romanar, og for sitt bidrag til kvinnekampen i 1970-årene, står det i pressemeldinga.
Aschehoug skildrar eit «svimlande litterært nivå»:
– Ho sette ord på noko i oss sjølv som vi ikkje visste at var der, seier forlagssjef Nora Campbell.
Delte frå eiget liv
Som 57-åring blei Køltzow diagnostisert med sjukdommen Parkinsons.
For å dempe symptom gjekk ho gjennom ei inngripande operasjon:
I 2015 kom romanen «Melding til alle reisende», som handlar om ei kvinne som sjølv er ramma av Parkinsons.
Skriveprosessen blei dokumentert gjennom filmen «Livs liv».
Boka blei hennar siste.
Gjennom forfattarskapet blei Køltzow heidra med fleire gjeve priser:
- I 1997 vant ho Brageprisen for romanen «Verden forsvinn», mens ho i 2021 blei tildelt Brages heiderspris.
- Ho har fått Aschehougprisen og Gyldendalprisen.
- I tillegg har ho blitt nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger – i 1987 for «Hvem har ditt ansikt?» og i 2002 for «Det avbrutte bildet».