Hopp til innhold

Podkastar om teknologi og internett

Vil du høyre sanne historier frå den mørke sida av internett, eller snike i kulissene til Google og Amazon? Her er fem anbefalte podkastar.

Illustrasjonsfoto podkast

LYTTETIPS: Teknologipodkasten «Land of the Giants» er ein av fem podkasttips frå NRKbeta-redaksjonen.

Foto: Andrea Kvamme Hagen / NRK

Er du interessert i ny teknologi og korleis det påverkar livet ditt og samfunnet elles? Då bør du sjekke ut desse tipsa til podkastar om teknologi og internett frå gjengen i NRKbeta, NRKs ekspertar på media, internett og ny teknologi.

Logo til podkasten "Reply-all"

SETT PÅ VENT: Den kjende teknologipodkasten «Reply All» er førebels sett på pause.

Kanskje er dette ekstra gode tips for dei av dykk som har vore trufaste lyttarar av den anerkjente teknologi-podkasten «Reply All», som i slutten av februar i år vart sett på vent etter skuldingar om eit diskriminerande og lite inkluderande arbeidsmiljø (men dei 173 allereie innspelte episodane er vel verd å sjekke ut for dei som ikkje har gjort det før, ifølge NRKbeta).

Her er uansett redaksjonen sine fem favorittpodkastar – med eit breitt spekter av bidragsytarar og tema:

Det mørke nettet

Logoen til podkasten "Darknet diaries"

«Dette er dei sanne historiene frå den mørke sida av internett», åtvarar programleiar Jack Rhysider lyttarane annakvar veke. For her møter du penetrasjonstestaren som braut seg inn i feil bank, dei kriminelle hackarane og sikkerheitsfolka som held oss trygge om natta. Desse historiene er så godt fortalt at du ikkje treng å bry deg veldig mykje om teknologi eller kriminalitet før det blir umogleg å legge frå seg høyretelefonane.

Dei store aktørane

Logoen til podkasten "Land of the giants"

Korleis vart Google, Netflix og Amazon dei enorma selskapa vi kjenner dei som? Over ein sesong får du eit grundig innblikk i kvart av selskapa, godt fortalt av folka som var med på reisa. Her får du servert gode historier som gjer deg smartare, ikkje det dummaste du kan velje når det kjem til podkast.

Det store bildet

Logo til podkasten "P3 Dystopia"

«P3 Dystopia» frå Sveriges Radio er ein månadleg podkast som går djupt og kunnskapsrikt i temaa som formar vår tid. Mange av desse ligg i skjeringspunktet mellom samfunn-teknologi-medier, som vi i NRKbeta er opptekne av. Gode temaval, god forteljing og ein fin sjanse til å få eit perspektiv som ligg litt nærare norsk verkelegheit enn USA-dominansen elles på feltet. «Saker står på spel – du borde lyssna», som dei sjølv seier.

Dei gode historiene

Logoen til podkasten "Wild wild tech"

I denne podkasten får du historier om korleis teknologi påverkar kulturen vår på underlege måtar. Podkasten dyrkar dei gode historiene, men tar heile vegen teknologi på alvor. Programleiar Jordan Erica Webber var tidlegare anker i teknologipodkasten til The Guardian. Reklameavbrota kan bli litt i overkant.

Dei andre stemmene

Logo til podkasten "There are no girls on the internet"

Bridget Todd intervjuar internettpionerane som ofte blir gløymt når festtalane blir skrivne. Høyr marginaliserte stemmer om problemet med å ta bryllaupsbilde på ein tidlegare slaveplantasje eller kvifor halve internett er sure på TikTok-stjerna Addison Rae. Dette er ein teknologipodkast, men her er det få kvite menn som vil connecte verda. Eit friskt pust, altså.

Du finn alle anbefalingar og anmeldelsar på nrk.no/anmeldelser. Alle saker om podkast finn du her.

Anbefalt vidare lesing:

Logo til NRK-podkasten "Pålogga"

Høyr NRK-podkasten «Pålogga» – Gode, sterke og rare historier frå livet på internett.

Kulturstrøm

  • Toffen Gunnufsen blir ny kultursjef i Lillesand

    Toffen Gunnufsen (62) er ansatt som kultursjef i Lillesand kommune. Det opplyser Lillesand kommune i en pressemelding søndag kveld.

    – Jeg gleder meg til å påta meg rollen som kultursjef. Å skape kulturopplevelser for alle, samt å dele glede med andre er noe jeg virkelig ser frem til. Vi må sikre at det spesielle og karakteristiske ved byen vår bevares, samtidig som vi har et åpent syn på fremtiden, uttaler den kommende kultursjefen i pressemeldingen.

    Gunnufsen har lang erfaring innen festival- og kultursektoren og har tidligere jobbet for Quartfestivalen i Kristiansand i 15 år. Han var med å starte opp Hovefestivalen på Tromøya i Arendal og Skral i Grimstad.

    Toffen Gunnufsen
    Foto: Robert Rønning / NRK
  • Kongen åpnet det nye skimuseet i Holmenkollen

    Kong Harald deltok på den høytidelige åpningen av det nye skimuseet i Holmenkollen lørdag.

    Skiforeningen har oppgradert skimuseet for 90 millioner kroner og fra og med søndag er museet åpent for alle.

    Skimuseet, som i år fyller 100 år, har fått et helt nytt inngangsparti tegnet av Snøhetta. Også flere utstillinger er opgradert.

    – Nå skaper vi et reisemål som er enda mer attraktivt for både norske og utenlandske gjester – enten de er interessert i sport, kultur, arkitektur eller utsikt, sier generalsekretær Håvard Abrahamsen i Skiforeningen.

    (NTB)

    Hans Majestet Kong Harald deltar på åpningen av det nye Skimuseet.
    Foto: Frederik Ringnes / NTB