Hopp til innhold

Podkastar for musikkelskaren

Norsk hip hop-historie, artige anekdotar frå artistlegender og historier om korleis verdas største hitar vart skapt. Her er seks anbefalte musikkpodkastar.

Musikkpodkaster anbefalt av NRKs musikkanmeldere.

LYTTEVERDIGE: To norske og fire amerikanske musikkpodkastar er på favorittoppen til Sjur Systad Tyssen, Faduma Mohamud og Espen Borge, som alle er musikkritikarar i NRK.

Kva er vel betre enn å putte øyreproppane i øyra, skru opp volumet og lytte til skikkeleg god musikk? Det måtte i så fall vere å lytte til ein skikkeleg god podkast om musikk.

Sjur Systad Tyssen, Faduma Mohamud og Espen Borge er musikkritikarar i NRK og deler her sine favorittarpodkastar frå musikkverda.

Så er du interessert i norsk eller internasjonal musikkbransje, intervju med dei største artistane, musikkhistorie eller rett og slette berre vil høyre engasjert preik om musikk, då bør du sjekke ut desse musikkpodkastane – to på norsk og fire på engelsk:

«Kaffeslabberas med Marve»

Logoen til den norske podkasten "Kaffeslabberas med Marve"
  • Språk: Norsk
  • Lengde: 1–2 t
  • Anbefalt av: Sjur Systad Tyssen
    Musikkanmelder i NRK, Sjur Systad Tyssen.

– Norsk hiphop-historie, frå smal nisje til dominans, fortalt av dei som var der då det skjedde. Programleiar Marius Solberg har mange år bak seg som både bakmann og lidenskapleg fan, og i kvar episode får han besøk av nokon som på den eine eller andre måten kan reknast som viktig for utviklinga. Saman går dei nøye gjennom gjesten si karriere, men stoppar også innom kontroversar, refleksjonar rundt scena og bransjen, samt gode anekdotar.

«Høylytt»

Logo til podkasten "Høylytt".
  • Språk: Norsk
  • Lengde: 30–60 min
  • Anbefalt av: Faduma Mohamud
    Faduma Mohamud, musikkanmelder i NRK.

– Eit forfriskande tilskot i jungelen av podkastar som er å finne der ute. Eg trur «Høylytt» kan treffe breitt, trass fokuset på musikkbransje-landskapet. Gjestane varierer mellom å vere artistar, bransjefolk, men også andre som beveger seg innanfor den same verda. Det er morosamt og engasjerande, og programleiarane Shokor Hashi og Jørgen Berntson Aase vekslar mellom å tulle og å stille djuptgåande spørsmål til gjestane sine. Er du spesielt interessert, eller berre ute etter å fange gode samtalar, så er det verd ein lytt.

«Switched On Pop»

Logo til podkasten "Switched on pop"
  • Språk: Engelsk
  • Lengde: 30–50 min
  • Anbefalt av: Espen Borge
    Musikkanmelder i NRK Espen Borge.

– Dette er noko eg synest fleire musikksnobbar bør oppdage. Denne podkasten prøver gjennom ulike innfallsvinklar å finne ut kva det er som gjer at popmusikk (i forskjellige former) funkar. «Switched On Pop» tek den kommersialiserte delen av musikkbransjen på alvor – og sjølv om det er lett å hate dei føreseielege elementa i popmusikken, gir denne podkasten deg svaret på kvifor dei er der. Anbefaler spesielt episoden om kvifor 90-talets popmusikk er så merkeleg: «Why is 90s Pop so Bizarre?» (frå 27. august 2019).

«Questlove Supreme»

Logoen til podkasten "Questlove Supreme"
  • Språk: Engelsk
  • Lengde: 1,5-2 t
  • Anbefalt av: Sjur Systad Tyssen
    Musikkanmelder i NRK, Sjur Systad Tyssen.

– Questlove, den ikoniske og sympatiske The Roots-trommeslagaren, og hans Team Supreme sit på ei nær utømmeleg mengde kunnskap om musikk. Dei er tilsynelatande svoltne på meir, for kvar veke får dei besøk av ei ny legende å djupdykke inn i bakgrunnen og karrieren til. Anten det er Rick Rubin eller John Densmore (The Doors) som er gjest, er stemninga laussleppt, og det er kort mellom dei gode forteljingane frå bak kulissene i musikkhistoria. Kanskje er det tidvis referansetungt og nerdete, men først og fremst er det lærerikt og svært underhaldande.

«Song Exploder»

Song Exploder
  • Språk: Engelsk
  • Lengde: 15–30 min
  • Anbefalt av: Espen Borge
    Musikkanmelder i NRK Espen Borge.

– Denne med. Verdskjende artistar plukkar frå kvarandre sine største hits og forklarer korleis dei jobba med dei. Steg for steg, lag for lag. Eit svært interessant innblikk i kva som skjer i notatblokker og på diner-serviettar før ein låt erobrar hitlistene. Som alltid kunne eg kanskje ønska meg litt lengre episodar, men 15–30 min er heilt ok.

«Cocaine & Rhinestones»

Logo til podkasten "Cocaine and rhinestones"
  • Språk: Engelsk
  • Lengde: 1–2 t
  • Anbefalt av: Espen Borge
    Musikkanmelder i NRK Espen Borge.

– Om du er interessert i (god) countrymusikk og americana, er denne dokumentarserien noko for deg. Om du i tillegg gremmar deg over kva moderne countrymusikk har blitt, kan du søke trøyst i historia om framveksten av ein fantastisk musikksjanger. Du får høyre om Loretta Lynn, Merle Haggard og dei andre luringane på prærien, medan du forbannar eksistensen til Garth Brooks, Keith Urban og Billboard Hot Country Songs.

Les fleire anbefalingar og anmeldelsar på nrk.no/anmeldelser.

Vidare anbefalt lesing:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober