Hopp til innhold

Maskinist Bob gjekk ned med Rocknes i 2004. No fortel han for første gong om dramaet.

18 mista livet då lasteskipet forliste i Vatlestraumen. For første gong fortel maskinisten si historie frå ulukka. – Eg var heilt sikker på at slutten var komen.

Bob de Beaurs, pensjonert sjømann

TILBAKE ETTER 20 ÅR: Nederlandske Bob de Beurs fortel om sin oppleving på MS Rocknes

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det var eigentleg ingenting som skulle tyde på at noko skulle skje.

Lasteskipet var berre nokre år gamalt. Vêret denne januardagen var pent.

Turen hadde gått roleg etter at 23 tonn stein og grus vart lasta om bord på Eikefet i Lindås rett nord for Bergen.

MS Rocknes gjorde eit siste stopp for bunkring før kursen vert sett mot Emden i Tyskland.

Men skipet skal ikkje ein gong komme seg ut av Bergen kommune.

Rocknes

Rocknes gjekk rundt i Vatlestraumen rett før dagslyset tok slutt denne januardagen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Grunnstøyting

Då lasteskipet svingar inn i Vatlestraumen er nederlandske Bob de Beurs saman med to landsmenn og kollegaer på eit kontor.

– Me kjende ein vibrasjon i skipet. Det tenkte vi var rart, sidan vêret var så godt, seier den no pensjonerte maskinisten.

Så la Rocknes seg litt over på sida. Bøker og permar datt på golvet. Me sette dei opp att i hyllene utan å tenke så mykje meir på det.

Bob de Beurs Maskinist på MS Rocknes

Men det skal ikkje gå mange sekund før han forstår at dette er alvor.

Samstundes, på land på Hilleren mellom Haakonsvern og Flesland, ser Atle Hansen at noko er i ferd med å skje rett utanfor stoveglaset.

Eit stort skip er har fått slagside i den tronge Vatlestraumen.

Så høyrer han alarmen; taktfaste, illevarslande støyt.

Lyden, og så mykje anna frå denne ettermiddagen, har brent seg inn i minnet til både Hansen og mange andre som får ei rolle i det som er i ferd med å bli ein storstilt redningsaksjon.

Eit skip på størrelse med Rocknes passerer havaristaden i Vatlestraumen

Eit skip på størrelse med Rocknes passerer havaristaden i Vatlestraumen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Det dramatiske forliset

I ein fersk podkast kjem det fram nye detaljar om kva som skjedde då Rocknes forliste, kring klokka 16:30 19. januar 2004.

Ulukka skjedde innaskjærs, med los om bord. I fint ver og med eit berre tre år gamalt skip.

Den kosta 18 sjømenn livet.

Den fekk eit veldig etterspel, men framleis opplever mange at ein manglar klare svar.

Nye augevitne fortel no om si oppleving for første gong.

Som Bob de Beurs. På kaien i Hilleren gjenopplever han sekunda som endra livet hans.

Då han kjem seg ut på dekk forstår han kor alvorleg situasjonen er.

– Vatnet sto allereie inn på hoved-dekket. Eg prøver å komme meg til rekkverket, men vatnet slår meg i ryggen før eg kjem fram.

Rocknes går rundt. Og det skjer fort.

Det som skjer så skildrar han som panikk, forvirring, mørke og angst.

MS «Rocknes»

Rocknes under redningsoperasjonen.

Foto: Erlend Aas / SCANPIX

Gav opp

– Det var ein veldig lyd. Eg forstod ikkje kva som skjedde, kva som var opp og ned.

Bob de Beurs trur han må ha blitt trekt djupt ned. Han er i ferd med å gå tom for luft. Og håp.

Eg hadde gitt opp. Eg ville opne munnen slik at lidinga skulle bli så kort som mogeleg, fortel de Beurs.

Bob de Beurs Maskinist på MS Rocknes

Så bryt han overflata. Ei redningsskøyte får plukka han opp. Han er iskald og full av dieselolje frå Rocknes som no ligg opp ned som ein stranda kval.

Atle Hansen hugsar då Bob de Beurs vart sett av på kaien på Hilleren.

No møtes dei to på same stad, 20 år seinare.

Atle Hansen og Bob de Beaurs

Atle Hansen forklarer Bob de Beurs kvar han vart henta på land

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Eg trur du må ha vore i sjokk, seier nordmannen.

– Ja, det mentale sjokket var det verste. Så eg hugsar ingenting frå kaien, seier nederlendaren.

Men Hansen hugsar.

– Eg trur det var deg eg spurde: «Kor mange var de om bord?».

Han fekk svaret 28.

– Men det var berre seks eller sju på kaien. Eg tenkte; kvar er då resten?

Fekk livet endra

For Bob de Beurs er det vondt å tenke tilbake. Men samstundes terapi.

– Først tenkte eg at eg ikkje ville fortelje i ein podkast. Men kona mi gav meg streng beskjed; dette skal du vere med på.

Han har brukt lang tid på å bearbeidet. Han kom seg tilbake på jobb i maskinrommet.

Då Rocknes var sett i stand att var han tilbake på jobb.

– På same skipet. I same farvatnet. Med dei same kollegaene. Eller, dei som overlevde, seier de Beurs, som seier han trur det var viktig at han fekk tilbake tryggleiken på skipet som nær kosta han livet.

Hendinga endra meg. Først og fremst på den måten at eg set meir pris på vennene mine.

Bob de Beurs Maskinist på MS Rocknes
Opprydningsarbeid etter Rocknes-forliset i 2004.

Det var store oljeutslepp etter forliset. Vatlestraumen ligg bak i biletet.

Foto: KYSTVERKETS OVERVÅKINGSFLY / SCANPIX