Hopp til innhold

På livet laus

Med den grublande horrorfilmjunkien Jani i sjefsrullestolen og turbosiddisen Rudi som lausmunna kanon, blir «Vi ses i morgen» eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen til Tore Renberg.

Tore Renberg

Tore Renberg på Solastranden ved Stavanger.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

«Vi ses i morgen» er ein humoristisk thriller som inkluderer psykologiske portrett, rørande scener og eit solid soundtrack. Det er høg energi og godt driv heilt fram, og det seier ikkje lite når romanen er på 600 sider. Dette var moro. Min første assosiasjon under lesinga av denne svært visuelle romanen var filmen «Arme riddere», der nokon småkriminelle typar rotar seg inn i litt for store saker.

Eit nytt høgdepunkt

Tore Renberg er den typen forfattar som bryt kraftfullt med seg sjølv og tek nye vendingar i forfattarskapen med ujamne mellomrom. Resultatet er ei rekkje bøker som er ujamne i stil, men også i kvalitet, frå det fabelaktige til det irriterande middelmådige.


«Vi ses i morgen» er eit nytt høgdepunkt i forfattarskapen. Jarle Klepp, alter ego og hovudperson i fem romanar, er sendt på velfortent ferie og er usynleg i den nye romanen til Tore Renberg, og det var sanneleg på tide. Inn kjem ein rufsete gjeng med småkriminelle. Jani er hjernen, søstera Cecilie er kroppen og kompisen Rudi er kjeften. Då far til Jani og Cecilie kasta seg på oljeeventyret og forsvann til USA og mora drakk seg i hel, starta Jani si første forretning: Fomlete nabogutar fekk sin seksuelle debut på jenterommet til Cecilie, mot betaling av ymse slag. Den kronisk kåte og like kronisk skvaldrande Rudi blei verande. Og etterkvart Tong, ein koreanar som for det meste sit i fengsel men som er kraftfullt til stades i historia likevel.

Mykje står på spel

To andre huslydar høyrer med i bildet: den spake kontoristen Pål og dei to døtrene han blei sitjande att med då kona stakk til Bergen med ny mann og karriere i oljebransjen. Også har vi den døve jenta Veronika som bur saman med mora si og den ikkje heilt tamme fosterbroren Daniel. Desse rundt rekna ti personane får kvar sine kapittel og dermed blir lesaren gjort kjent med dei både frå innsida og utsida. Felles for dei alle er at mykje står på spel. Dei står ved eit vendepunkt som på eit eller anna vis har med kjærleik å gjere. Og dermed legg kjærleikens mørke søster sjalusien seg også opp i intrigene.


Små og store skurkar

Miljøa blir kopla saman då den spake kontoristen Pål - som har vore flittig nettgamblar i lange, einsame nattetimar - treng store pengar i ein fei. Han søkjer hjelp hjå Jani og co. Eit anna krisesenter er Daniel, som forelskar seg i den kristne og uskuldige Sandra. Det skal litt meir av eit kunstgrep til for å kople denne historia på dei andre, men den ville vere humørlaust å stille strenge krav om realisme til ein roman som bevegar seg i større-enn-livet-skalaen både når det gjeld personskildringar, intriger og samantreff.

Plotet er enkelt og romanen er lang, så Renberg har rikeleg plass til å byggje ut personane med biografi og ikkje minst med draumar og, ja, livsfilosofiar. Vi blir kjent med og glad i dei vindskeive folka. Dei største skurkane her er dei som er fråverande, det vil seie foreldre som har stukke av frå barna sine for karriere eller sprit eller endå mørkare saker.


Mykje rart inni folk

Innsida av personane avslører at barndommen er sår, ungdomstida eksplosiv og kjærleiken er det einaste som verkeleg gjeld men det er krevjande å få det til å fungere. I krim som i kjærleik gjeld spørsmålet: Skal ein vende det andre kinnet til, eller er hemn det rette når ting toppar seg? Slik tangerer livet i ein litt sliten del av Stavanger dei banale og basale spørsmåla i livet. Kombinasjonen av ein rask puls som handlar om eit plot og mørke gjerningar og den langsommare reflekterande pulsen når ein er inne i personane, fungerer bra og gjer at romanen overskrid humor-thrilleren og nærmar seg Trude Marsteins originale roman «Gjøre godt» der ho let eit nettverk av personar bli sett både innanfrå og utanfrå. Og i «Vi ses i morgen» gjeld det same som hjå Marstein: Det er utruleg mykje rart inne i folk. Ikkje minst i Jani, som er det mest interessante vesenet i denne arken.


"Har jeg banket deg opp"?

Det pussige er at sjølv om romanen uttrykkeleg er lagt til Stavanger, og sjølv om mykje føregår i det inste av sjela eller i replikkar, så er talemålet så godt som uråd å spore. Kvifor velje bort eit så opplagt verkemiddel, som ville fått romanen til å lukte meir både av Stavanger og av levd liv? Det verkar litt stivt når ein type som Rudi spør: "Har jeg banket deg opp?" Røffe stavangergutar snakkar ikkje slik. Mykje dryg bannskap mjuker opp det stive inntrykket, men tek ikkje bort saknet etter stavangermålet. Tidlegare i haust har romanforfattarane Herbjørg Wassmo og Roy Jacobsen levert bøker der dei har teke i bruk nordnorske dialektar i replikkane med stort hell, utan at romanane blir meir provisielle eller vanskeleg tilgjengelege av den grunn. Og Fløgstad har mange gonger vist at også rogalandsk talemål kan fungere aldeles utmerka i romanar om nokon skulle tvile på det.


Drygt, mørkt og humoristisk

Men bortsett frå dialekten er det lite eg saknar i «Vi ses i morgen». Det ein roman med rik miljø- og personskildring. Det er drygt og det er mørkt, men det blir aldri heilt mørkt hjå Renberg. Det syter humoren for. Dessutan ligg det i dei aller fleste personane eit ønske om å ta vare på andre, sjølv om det kan vere vanskeleg å spore desse impulsane i handling. Den einaste som manglar denne sida er Tong, og eg skal ikkje røpe korleis det går med han.

Dei ulike trådane strammar seg mot slutten og går inn i eit veldig crescendo. Når det roar seg, er det framleis lause trådar att. Her går det an å håpe på ein oppfølgjar eller to om korleis det går i skuggane og nærområda, der livet er "skrekkelig og uimotståelig" i følgjer Cecilie. Men kanskje ikkje fire.