Boktittelen leier tankane mot science fiction.
Men namnet på Lotta Elstad si sjuande bok og fjerde roman, «Xiania 1» har ei enkel forklaring: «X» står for «Krist».
Då blir «Xiania» til «Kristiania», altså namnet på hovudstaden før denne bytte tilbake til Oslo i 1925.
Ingen krigarprinsesser, romskip eller marsbuarar, med andre ord. Men ei kul heltinne har Lotta Elstad så absolutt skrive fram, og miljøet ho skildrar er minst like interessant som fjerne galaksar.
Vi skal til Kristiania for hundre år sidan.
Dit kjem forteljaren i romanen, 19 år gamle Klara. Ho er uønskt gravid. Slik forklarer ho seg i aller første avsnitt av boka:
Abort
Følgene av «tidsfordrivet» har Klara prøvd å ordne opp i sjølv.
Men då verken beiskt urte-avkok og brutal skyljing av underlivet fungerer, er ho desperat. Dessutan sjuk, slik ein fort kan bli av heimesnikra gynekologi.
Bøker om unge kvinner som har hamna «i uløkka», finst der mange av.
Det originale i «Xiania 1», er at forfattaren ikkje gjer Klara til noko stakkarsleg offer. Tvert om!
Elstad meiner tydeleg at kvinna må ha råderett over eigen kropp og eiga framtid.
Men ho argumenterer ikkje eksplisitt, ho viser det fram gjennom Klara.
Slummen Oslo
Klara vert tipsa om at ho kan få utført ein abort i Kristiania. Dermed forlèt ho husposten sin nær Hamar, og dreg til hovudstaden.
Adressa ho har fått, er på Vaterland. I dag er dette området kor Plaza hotell, Oslo Spektrum og busstasjonen ligg, medan deler av Akerselva er under betonglokk.
For hundre år sidan var Vaterland slum.
Klara kjem til ein bydel kor prostituerte og alkoholikarar deler plass med arbeidarar, nyleg komne innvandrarar og andre tilflyttarar. Folk bur i glisne skur i sølete gater, med den stinkande, sterkt ureina Akerselva som næraste nabo.
At utedass er standard og dotømmarane streikar, hjelper heller ikkje på lukta. Eller på hygienen.
Lotta Elstad skriv fram stank og bråk.
Energien og den språklege driven er på topp idet ho manar fram byen slik han var for hundre år sidan.
Alkoholforbod
Vel framme på Vaterland får Klara hjelp. Dessutan nye vener, som også ordnar arbeid til henne blant dei rikaste av dei rike, i eit svært herskapshus på Bygdøy.
Klara hamnar i spenn mellom revolusjonsklare bolsjevikar som driv ulovleg familieplanleggingsklinikk i slummen, og ufatteleg velståande salongradikalar i byens aller beste strøk.
Ho sug til seg inntrykka, og deler raust vidare med lesaren. Slik opnar Lotta Elstad for at den som les kan dra linjer mellom då og nå.
Særs fortel ho om alkoholforbodet, og korleis folk lurer seg forbi dette. Å slutte å drikke alkohol er uaktuelt. I alle fall i dei miljøa Klara blir del av.
Her driv Lotta Elstad med spanande historieformidling. Ho porsjonerer informasjonen fint ut, utan å lesse på og lage «lærebok» av teksten.
Innimellom legg Elstad inn fine pausar, som denne:
Klara er ei frisk heltinne. Ung. Absolutt naiv. Men til å tru på og bli glad i.
«Sinnsykt» i 1922?
Berre eit par gonger skurrar det litt.
Som då Klara seier at noko gjer «sinnsykt vondt». Bruka ein «sinnssjukt» som «forferdeleg» for hundre år sidan? Ordet opplevast som ein språkleg anakronisme, altså malplassert moderne språkbruk.
Her er dessutan eit par passasjar kor Klara kanskje forklarer i overkant mykje. Stader kor ho brukar eit utanfrå-blikk, medan ein person som opplevde alt dette, nok heller ville fortalt om dei innanfrå, meir innforstått og mindre detaljert forklarande.
Dette er sjølvsagt ei stor utfordring for alle forfattarar som skriv historiske romanar. Kor mykje kan ein rekne med at ein vanleg lesar i 2023 allereie kan om 1920-talet, og kor mykje må ein forklare?
Sjarm og politikk
Lotta Elstad har klart å bake imponerande mengder historiske fakta inn i teksten. I dei aller fleste tilfella føyer informasjonen seg fint inn.
Det er ikkje ofte det kjennest overlessa.
Ho nyttar dessutan eit smart grep for å gjere det meir realistisk at Klara greier ut om politiske hendingar. Idet ho fortel, sit nemleg Klara litt fram i tid, ein annan stad. Då gir det meining at ho forklarer ein del.
Så innvendingane mine er mest pirk.
Hovudinntrykket er at «Xania 1» er ein særs sjarmerande roman, med ei minneverdig heltinne i hovudrolla. Lotta Elstad driv spanande historieformidling frå eit Kristiania som ikkje lenger finst.
At forfattaren torer å la eigne syn på politiske tema som abort og klasse skine igjennom, er også positivt.
«Xiania 1» inviterer til å tenke vidare, til å dra linjer mellom historie og nåtid.
Men aller mest er det ei historie med godt driv, fortald med spenst i språket.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!
Gerd Elin Stava Sande melder «Xiania 1»: