Hopp til innhold
Anmeldelse

Formidabelt kvinneportrett i overfylt framtidsroman

«Til Dancing Boy» er ein «nær framtids-roman» der tendensar i notida er forstørra. Men styrken i romanen ligg ein annan stad.

Bildekombinasjon av forfatter Sara Johnsen og omslaget til hennes bok "Til Dancing Boy"

FORMIDABELT: Johnsen har skapt eit fascinerande kvinneportrett i ei ramme som ikkje fascinerer i same grad.

Bok

«Til Dancing Boy»

Sara Johnsen

Skjønnlitteratur

24.februar 2022

Gyldendal

Historia om diktatoriske krefter som tek over eit samfunn i kaos kan godt bli sann i framtida, men ho må likevel forteljast slik at lesaren let seg overtyde.

Forfattaren Sara Johnsen har bak seg ei imponerande rekkje av filmar. Dessutan har ho gitt ut viktige bøker, som romanen « White Man », der ho set på spissen konfliktar kring etnisitet, klasse og kjønn i eit ferieparadis.

«Til Dancing Boy» er ikkje uinteressant, men det eg sit att med etter å ha lese boka, er eit personleg drama med den formidable Lizz i sentrum.

Henne skal eg kome tilbake til, men først må eg seie noko om det store rigget rundt henne.

Kaos og diktatur

Det har seg slik at miljøkrise, pandemiar og terror skapte så store problem for det norske systemet at Demokratisk Samfunnsparti tok over, skapte orden og stramma grepet. No er all makt overført til etatar som «Forvaltningen», «Tilsynet», «Barneomsorgen» og «Institutt for befolkningsvekst», det siste ettersom alle vaksinane har ført til infertilitet.

Slett ikkje bra. Men denne dystopien vert etter kvart ståande som ein påstand. Folk lever temmeleg vanlege liv, trass i alle tilsyna. Opposisjonen mot systemet er av typen: «Det er noe som er så feil nå.»

Norske forfattarar som Bjørn Vatne og Bård Isdahl har skapt nær-framtidsunivers som vibrerer på ein heilt annan måte. For ikkje å gløyme den ekstremt urovekkjande prosaen til Margaret Atwood .

Det er Lizz som held liv i denne romanen.

Og livet hennar er litt av eit liv, men det meste kunne med små justeringar ha skjedd her og no.

Driftig kvinne med heftige drifter

Var det då ho vart seksuelt misbrukt av faren til barndomsvenninna det spora av? Eller då ho som 18-åring fekk sitt første surrogatibarn? Han ho gav namnet «Dancing Boy» og som ho aldri gløymer?

Eller var det då ho slo seg samen med den ikkje heilt stødige Boje og etablerte «Pure Pleasure»? Kva er det som styrer henne? Og kor skal det ende?

Livet til Lizz er fylt av dramatikk og siste kapittel i livsdramaet kjem bokstavleg talt heilt sist i romanen.

«Pure Pleasure» er eit sofistikert lystsenter, også kalla orgasmeri. Prostitusjon og peepshow er erstatta av ei rekkje ulike digitalt framstilte fantasiunivers der kundane kan nå klimaks utan menneskeleg kontakt.

Det går naturlegvis an å diskutere om dette er eit framsteg eller ei, meir interessant er det at denne reine nytinga går inn i ein vidare tematikk i romanen. Forfattaren studerer korleis vi distanserer oss frå naturen både i og utanfor mennesket.

For lite av for mykje

Den høgst problematiske og paradoksale helten Lizz meiner folk bør ha eit meir naturleg forhold til sex på same tid som ho sjølv falbyr sine kunstige tenester på «Pure Pleasure». Slikt kan ein vente av eit levande menneske som slett ikkje har alt på stell.

At utdanningsetaten oppmodar transpersonar til å søke seg inn på teologi er meir forvirrande, og kan stå som eitt av mange innspel som hadde stått seg på meir utdjuping. Det same gjeld identitetsproblematikk, krenking og biverknader av vaksinar.

Dette er som kjent spørsmål som blir heftig debattert allereie i notida, og framtidsperspektivet fører lite med seg det eg kan sjå.

Den raude tråden gjennom romanen er «Dancing Boy», barnet Lizz gav frå seg som 18-åring, og som ho leitar etter gjennom alle livsfasar.

På vegen har ho lært nokon lekser: Omsorg frå mor er betre enn upersonlege institusjonar, hudkontakt er betre enn elektrodar og løgner er noko ein må ty til berre reint unntaksvis.

Lex Lizz er enkel, Lizz sjølv er herleg samansett, og romanen «Til Dancing Boy» er så full av saker at dei skuggar for kvarandre.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Anbefalt vidare lesing:

«BOB» av Helle Helle «Ein genistrek av ein roman»

Forfatteren Helle Helle og boka Bob

«Den siste komle» av Arild Rossebø «Tek nakketak på lesaren»

Forfatter Arild Rossebø og bokomslag "Den siste komle"