Hopp til innhold
Anmeldelse

Urovekkjande og uforløyst om evig liv i digitalt format

Leve evig i digital versjon? Etter å ha lese framtidsromanen «Død og oppstandelse» takkar eg nei og tingar ein heilt vanleg, gammaldags død. Takk.

Bokomslag "Død og oppstandelse" og Bjørn Vatne

MOTSTRIDANDE: Romanen «Død og oppstandelse» er ein god og tankevekkjande roman, skapt for diskusjonar. Men slutten er problematisk.

Foto: Privat/Gyldendal forlag
Bok

Død og oppstandelse

Bjørn Vatne

Skjønnlitteratur

2020

Gyldendal

Alle veit at dei skal døy, men ingen kan vite kva som ventar bak dødens port. Evig liv har inntil svært nyleg vore religionens og filosofiens domene. Mennesket kan tru, håpe eller frykte at det er noko der.

I Bjørn Vatnes nyaste roman har eit ambisiøst forskingsmiljø sett døra til døden på klem, og midt i dørsprekken er Oda. Det er ingen bra plass å vere. Eller?

Oda gjer mange vendingar både i livet og døden. Lat meg starte i det meir handfaste:

Ålesund, 2029. Journalisten Remi elskar legen Oda, som har kreft. Før ho døyr, donerer ho hjernen sin til eit forskingsmiljø ved NTNU i Trondheim. Her arbeider Birgitte, som er ferdig med rotteforsøk og meir enn klar til å prøve å lagre medvitet til eit menneske.

Oda er ein perfekt prøvekanin. Ho skal bli det første mennesket som sigrar over døden med vitskaplege metodar.

Remi kan ha henne hjå seg alltid, og kven veit: Kanskje ho ein gong kan få ein ny kropp, også? Tanken er forlokkande og Remi er heilt med. I alle fall i starten. Til det viser seg at kjærleiken og vitskapen ikkje snakkar same språk.

Men korleis skal vi leve utan døden?

Vatne flyttar den gamle historia om kjærleik og død over på ein vitskapleg arena, og syner fram innfløkte og – håpar eg – usannsynlege vitskaplege bedrifter.

Vel og bra, men meir akutt er likevel tanken på konsekvensane, både individuelt og for sivilisasjonen. Og her famlar romanen med å få dei store orda ned på bakken. Eg greier ikkje å sjå for meg korleis livet som menneske på jorda kan halde fram etter at kroppen er død:

Korleis vil det arte seg? Kven skal ta vare på oss? Kan vi bli handelsvare? Kva kan vonde krefter få til med slikt materiale? Og: Går det an å angre?

Ein slutt som sparkar bakut

Bjørn Vatne har i løpet av kort tid og to bøker etablert seg som ein uvanleg interessant forfattar med evne til å finne romanstoff i aktuelle spørsmål som nett-troll, overvaking og spenninga mellom demokrati og upopulære klimatiltak.

I årets bok driv han prosjektet vidare, ved å vise ei løysing på det ytste spørsmålet: Døden.

Med på kjøpet får vi portrett av interessante typar som lever under andre vilkår enn oss sjølve, og desse vilkåra er skildra i stor og bildeskapande detalj.

Derfor blir saknet etter bilde av kva konsekvensar det vitskaplege klyvet kan få, påtrengande. Kva er vi med på her?

Det eg likevel slit mest med, er slutten. Eg har prøvd meg med nøklar som metafysikk, frelseslære, psykiatri, massesuggesjon og kopiering av andre romanar, men ingenting hjelper. Avstanden mellom romanen og slutten er utydeleg. I respekt for framtidige lesarar skal eg ikkje utdjupe problemet utover dette.

«Død og oppstandelse» er ein smart, interessant og til tider gripande roman om små liv og store spørsmål. Men om ein skal lese boka som ein ideroman, så glir historia litt for lett over eit par vanskelege saker.

Anbefalt vidare lesing: