Hopp til innhold
Anmeldelse

Komler og komplisert kjærleik i sorgmunter roman

«Den siste komle» naglar innvikla familieforhold, døden, Haugesund og komler på 100 sider. Det er bra jobba.

Forfatter Arild Rossebø og bokomslag "Den siste komle"

LYSANDE: Arild Rossebø romandebuterer med ei mørk historie som får lys frå bildeskapande detaljar og frydefullt originale formuleringar.

Foto: Heidi Furre og Aslak Gurholt/Flamme forlag
Bok

«Den siste komle»

Arild Rossebø

Skjønnlitteratur

2022

Flamme

Når Arild Rossebø no romandebuterer, har han bak seg både barnebøker og år med arbeid i forlag. Vi snakkar om ein nykomar med lang litterær fartstid og det merkes, ikkje minst på evna til å få sagt mykje med få ord.

Etter at forteljaren Harald har fått melding om at faren, som han ikkje har hatt kontakt med på mange år, er død, utbryt han:

Endelig var det for sent.

frå boka «Den siste komle»

Når las du om 70-talskjønnshår og plastbøttekomler sist?

Harald, Kjetil, mor og far seglar ut som ein solid kjernefamilie med Jesus som ballast, far på mekanisk verkstad og mor framfor komlegrytene.

Men etter eit sidesprang med søndagsskulelærarinna er far både ute av huset og ute av livet til dei to sønene. Dei må vekse opp med ei aleinemor som i våre dagar truleg ville fått diagnosen bipolar.

Dette er utgangspunktet for «Den siste komle», som er delt opp i tre bolkar: ein om mor, ein om far og ein om Harald sjølv, som skriv dette etter at begge foreldra døydde temmeleg samtidig utan å ha sett kvarandre på mange år.

Den bortkomne faren får den lengste bolken, som er delt opp i kapittel med overskrifter av typen «Fotokunst og 70-tallskjønnshår», «Plastbøttekomle» og «Forbannelsen over slekten».

Sjølv om den første av dei tre er mest bildeskapande og den siste er mest tungtvegande, vil eg likevel stogge ved skildringa av dei monstrøse komlene som så mang ein reisande på vestlandsferjer vil ha gått i nærkamp med.

Dei har eit klart litterært potensial, som blir utløyst på beste vis av Rossebø som trass i eit sørgjeleg tema har eit blikk for komikk, noko som kjem til syne allereie i boktittelen.

Og ikkje nok med det: Omslaget på romanen er Leonardo da Vincis måleri «Nattverden», på engelsk «last supper». At brødet Jesus stifta nattverden med til forveksling liknar på komler, understrekar det sakrale ved eit godt komlemåltid.

Bokomslag Arild Rossebø Den siste komle

MÅLERI: Bokomslaget er det svært kjende da Vinci-måleriet «Nattverden».

Foto: Bokomslag av Aslak Gurholt

Barndommen på ryggen. Og Haugesund.

«Forbannelsen over slekten» har Harald all grunn til å kjenne på. Det finst folk her som ikkje har innfridd.

I møte med døden vert det også smerteleg klart at sjølv om ein flyttar frå Haugesund og held mor på armlengds avstand og far utanfor rekkjevidd, så er dei likevel med på lasset. Jesus også.

Dette er naturlegvis ikkje noko ein må lese romanar for å forstå, men Rossebøs punktnedslag i fortid og notid inneheld ei raffinert blanding av røffe situasjonar og originale formuleringar som tek nakketak på lesaren.

Det livsnødvendige avstandsforholdet til mor løyser seg opp i ein kortvarig felles jubel over den grå juvel: komla.

Reisa mot gravferda til far vert til ein roadmovie der to brør susar gjennom barndomslandet i storebrors Porsche.

Her er heftig mimring om Kanuttapylsa på bensinstasjonane. Her er Haugesunds avis, oljetankar og regnvêr.

Komlas grenseoverskridande potensial

Rossebø skildrar ein barndom som var direkte skadeleg og som Harald ikkje har greidd å kome seg ut av. Det er den store historia.

Men barndommen ligg også i detaljane, som her ikkje berre fungerer som tidskoloritt og barndomsstemning, men som ei anna historie:

Historia om ting å gle seg over både der og då, og ikkje minst her og no, som minne. Det er lyseblå Opel Rekord. Det er rullings og tyggis og Genesis.

«Den siste komle» er eit godt døme på at kunsten ligg i detaljen.

For Harald frå Haugesund ligg kimen til livsglede der også, i komlas grenseoverskridande potensial.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Anbefalt vidare lesing: