Hopp til innhold
Anmeldelse

«BOB» – ein genistrek av ein roman

Helle Helle skriv sensasjonelt bra om det usensasjonelle. Korleis får ho det til?

Forfatteren Helle Helle og boka Bob

GENISTREK: Helle Helle skriv djuptloddande historier om det som skjer på overflata.

Foto: Berit Roald/NTB og Forlaget Oktober
Bok

«BOB»

Helle Helle

Oversatt av Trude Marstein

Skjønnlitteratur

2022

Oktober

Det er ikkje spenning, det er eit sug. Det er ikkje drama, det er intensitet. Det er ikkje desperasjon, det er ... jo, av og til er det desperasjon.

I romanen «BOB» ser du det på mange ting, som på kor mange bussar Bob let passere medan han sit i busskuret og er på veg heim. Eller «heim».

Helle Helle har ein særeigen måte å få fram sinnsstemningar på: Bøkene hennar er gåvepakker til dei som synst det kan bli vel klaustrofobisk under huda til romanpersonar.

Utanfor huda, på overflata, får Helle Helle mykje rart til å skje med få og tilsynelatande enkle verkemiddel. Det er som om ho har valt bort store deler av verktøykassa og så utnyttar ho det som er att til fulle.

Den einsame vandraren i Bogholder Allé

Det er Bob (22) denne gongen. Han har flytta frå barndomsheimen, ein gard på Lolland, til København. Veslebroren har sagt han vil overta garden og då blir det slik. Sambuaren (20) skal studere og då blir det København.

Og mens sambuaren er på studieturar og deltek i kollokviegrupper, har Bob god tid. Veldig god tid. Arbeidsformidlinga skaffar han jobb på ei ferje, men Bob kjem for seint første dagen.

Det var nemleg ei dame som snubla like framfor Bob. Ho trong både trøyst og kaffi for å kome til hektene att, og når Bob kjem på kaia har ferja kasta loss. Dermed er Arbeidsformidlinga stengt for han; du kjem berre ikkje for seint første dagen.

Kort sagt: Bob let seg styre av andre, og av det som dukkar opp rett framfor nasen. Som barn fekk han mykje ut av å vri og vrenge på orda som stod på corn flakes-pakka på frukostbordet.

På dei mållause vandringane rundt i København festar han seg ved gatenamn. Han fyller hovudet med Kastanje Allé, Bogholder Allé, Linde Allé og Grønlands Parkvej. Det er ikkje urimeleg å tru at han prøver å halde tunge tankar unna på den måten.

Kva er det med Bob?

Bob koplar seg ikkje på. Her er han i slekt med ei lang rekkje personar frå tidlegare bøker av Helle Helle. Eg tenkjer på ungjenta i romanen «Rødby-Puttgarden» (2006) som hadde jobb i parfymeriet på denne ferjestrekninga og køyrde fram og tilbake dag ut og dag inn, utan å kome av flekken.

Eller jenta i «de» (2019) som lever saman med ei kreftsjuk mor, utan at dei nokon gong snakkar om det. Når mor er på sjukehus, sit jenta aleine heime og et av det som finst i huset.

Helle Helles romanar handlar gjerne om slike som ikkje har ordet i si makt, som kjenner seg framande i verda og som ikkje veit kvar dei skal.

Er det velferdsstaten som har skulda? Sit personane fast på «frihedens mugne bagside» som ein dansk kritikar formulerte det? Eller utforskar forfattaren slike som ville stått på sida av seg sjølv og livet uansett? Ikkje godt å seie om tilstanden er politisk eller eksistensiell, om den handlar om klasse eller fødestad. Men oftast teiknar ho dei opp på ein måte som skaper djup sympati hjå lesaren.

Helle Helles genistrek

Heilt på tampen må eg vedgå at det er ein viktig ting eg har halde tilbake om romanen «BOB». Helle Helle har gjort eit uvanleg grep som gjer meg nesten mållaus av fryd.

Med fare for å bli tatt for grammatikknerd: det har med pronomen å gjere. Og grammatikalske tider som presens og preteritum – og ja, med forteljar.

For høyr: Det er ikkje Bob som fortel historia om seg sjølv, dette er ein tredjepersonsroman. Og den som fortel, er ikkje ein vanleg allvitande forteljar, nei, det er sambuaren hans.

Sambuaren som sjeldan er til stades i Bob sitt liv, veit alt: Ho veit at han var bakfull på horngjelfestivalen foreldra drog han med på ein søndagsmorgon, ho veit at han flørtar med ei dame som også virrar rundt i København, ho veit kva han hadde på brødskiva til lunsj og at han ligg på senga og prøver å tenkje på ingenting når ho er på universitetet.

Kva seier det om henne? Om Bob? Og om Helle Helle, som her gjer noko i litteraturen som definitivt er uråd å få til i livet?

Og presens er brukt berre to stader, det er i første og siste setning, og det er ikkje tilfeldig – sjølvsagt er det ikkje det. Men svimlande er det. Eg vil rå alle lesarar frå å smugkikke på siste setning.

Helle Helle hentar svært lite frå den enorme verktøykassa moderne romanforfattarar har til rådvelde. Nettopp derfor verkar det ho faktisk bruker så utruleg sterkt.

Hei!

Eg er hovudkritikar på skjønnlitteratur i NRK. Dei mest leste bokmeldingane mine finn du her.

Alle anmeldelsar og anbefalingar frå nrk.no finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: