Hopp til innhold
Anmeldelse

Verdas finaste trikketur

Kva ønsker barn seg til jul? Sånn eigentleg? På ein magisk trikke­tur i Oslo får du svaret.

Bilde fra forestillingen: «Siste stopp: Nordpolen».
Foto: Dag Jenssen
Terningkast 5 Teater

«Siste stopp: Nordpolen»

Loftet, Kloden teater, Oslo

1. desember–31. januar.

Kva om det fanst ei hemmeleg trikke­linje som tok deg til ein stad der draumar kan bli til verkelegheit? Til Nordpolen, der dine største ønske kan bli oppfylte?

I tre år har Feil teater i Oslo tatt barn og vaksne med på nett ein slik trikketur. Det er som i Kardemomme by: Billetten koster ingenting på denne trikken her.

Dette vesle kompaniet har fått til å skapa spektakulært og meinings­fullt jule­teater heilt gratis for innbyggjarane i Oslo. Tidlegare i år fekk dei Hedda­prisen for trikke­framsyninga si.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

VRANTEN TRIKKEBILLETTØR, HOTELLRESEPSJONIST OG YMIST ANNA: Sebastian Skytterud Myers speler rolla som vaktaren av trikken til Nordpolen. Men Alva (med ryggen til) finn ei råd likevel.

Foto: Dag Jenssen

Trikke­sniking

På Økern i Oslo, nokre hundre meter frå der National­theatret tidlegare i år spelte «Døden på Oslo S», finn ein denne magiske trikken.

Det vil seia: Først kjem ein lettlurt regel­ryttar av ein billettør (Sebastian Skytterud Myers) som gjerne vil selja billett til Nordpolen til tiåringen Alva (Olivia Christine Andersson Thompson).

Det er ei lita hake ved det heile: Trikken går først om tre-fire år. Linja er råka av klima­endringar og øydelagd, og det tek tid å reparera ho.

Men Alva til Nordpolen for å legga att ønsket sitt der. Ho er nemleg redd for at beste­mora skal forsvinna, altså døy, fordi ho byrjar bli gammal.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

GLAD I BESTEMOR: Alva vil ikkje at bestemor skal bli gammal og døy. På reisa til Nordpolen finn ho ut at det med døden, det må ein berre akseptera. Ein liten boks med minne hjelper ho til det. Bestemor vert spela av Unn Vibeke Hol. Reinsdyret av Lars Halvor Andreassen.

Foto: Dag Jenssen

Bestemor (Unn Vibeke Hol), som viser seg å vera pensjonert trikke­reparatør med uhorveleg mange reparatør-pokalar i skapet, kjem snart og finn Alva. Saman snik dei seg av garde for å finna Nordpolen-trikken og reparera han.

Og publikum blir med.

Håp på Nordpolen

«Siste stopp: Nordpolen» er vandre­teater der ein må gjennom ein nesten magisk portal for å finna vegen til Nordpolen.

For det gamle kontoret til trikke­reparatør Sørensen er sjølvsagt ikkje berre eit kontor.

Dei 20 publikummarane det er plass til på kvar framsyning, vert slusa gjennom hemmelege gangar, gøymer seg i busker og kratt når billettøren får ferten av eit heilt kompani på rømmen (oss), møter eit reinsdyr, tek inn på hotell og hjelper til med viktig hjerne­forsking når det verkeleg gjeld.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

FRAMME VED SISTE STOPP: Vel framme på Nordpolen er landskapet kvitt, og det heng tett i tett med ønske frå små og store som har vore på Nordpolen før. På ein liten lapp kan ein skriva kva ein ønsker seg og henga det opp. Kan hende vert det oppfylt? Reinsdyret Randolf (Lars Halvor Andreassen) håpar det.

Foto: Dag Jenssen

Me kjem oss til Nordpolen til slutt, eit kvitt landskap fritt for julenissar, men fullt av håp.

Her kan ein skriva ønska sine på lappar og henga dei opp: «Bade­basseng», «Fred på jord», «Mobil­telefon», «En fin jul» står det på lappane.

Kjernen i framsyninga er at ikkje alt ein ønsker seg, kan ein få. Men ein kan ønska likevel. Alva må falla til ro med at beste­mora ikkje kan vera der for alltid, at det ikkje går.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

TIDLAUSE MINNE: Ein boks med minne hjelper Alva (Olivia Christine Andersson Thompson) til å hugsa at sjølv om bestemora ein dag forsvinn, er ho framleis der i minna dei har delt.

Foto: Dag Jenssen

Fantasi er avgjerande

«Siste stopp: Nordpolen» er basert på samtalar med barn i Oslo om kva jul er for dei, kva dei ønsker seg og kva som er viktig for dei.

Då eg såg den aller første fram­syninga i 2021, med tittelen «11-trikken går til Nordpolen», spelte dei for kohortar med maks fem personar om gongen.

Då sat me i små trikkar som blei dytta rundt gjennom ulike verder og rom. Ei vedunderleg reise. No speler dei utan restriksjonar, og framsyninga brukar barna som problem­løysarar.

Den oppgåva tek dei på største alvor.

Vil gjere inntrykk

Det er fint å sjå korleis barna og deira handlingar og fantasi er avgjerande for historia. Dei er medskapande, og dei veit det. Noko står på spel, men oppgåva er ikkje umogleg å løysa. I det ligg det mykje håp.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

HEMMELEG PORTAL: Ein hemmeleg portal! Bestemor (Unn Vibeke Hol, til høgre) er gammal trikkereparatør og veit ein hemmeleg veg for å komma til Nordpolen-trikken. Barnebarnet Alva (Olivia Christine Andersson Thompson) er gjerne med!

Foto: Dag Jenssen

Historia er likevel svakare enn i 2021. Her er ein del vaksne vendingar og ord, men involveringa av barna gjer at ein likevel ikkje opplever det veldig framand­gjerande.

Sjølv om avslutninga er brå heng opp ønsket ditt og vel heim, liksom så sit kjensla av å ha vore med på noko magisk i lenge. For med fantasi kan alt gå an, det er Feil teater beviset på.

Og miksen mellom fabelaktig fantasi og dei harde realitetane i livet, som at nokon ein er glad i ein gong skal døy, er livsnær og reell for barn.

Magiske landskap

Scenografien er fantasifull og forseggjort frå rom til rom.

Humoren er sterkt til stades: Billettøren som ikkje skjønar at dei han jaktar på, står rett framfor nasen på han. Eller hjerne­kirurgen med så lange fingrar at ho treng hjelp for å få gjort den minste ting.

Fra Siste stopp: Nordpolen ved Feil teater

BEGRENSA REDSKAP: Ikkje lett å vera hjernekirurg når ein har så alt for lange fingrar. Men med hjelp frå barna får doktoren (Amanda Hedvig Strand) fiksa det meste.

Foto: Dag Jenssen

Spenninga som ligg i å vera jaga, kunne vore utnytta endå betre, det kunne vore endå farlegare å snika seg rundt for å finna vegen til Nordpolen.

Så får det heller vera at det går med eit knips å reparera trikke­linja når skaden er forårsaka av klima­endringane. Hadde det berre vore så enkelt! Men i leiken går alt an.

Eg trur Nordpolen-framsyningane til Feil teater er aller, aller sterkast første gongen ein opplever dei. Og eg unner alle barn i Oslo – alle barn i det heile – å få ta del i dette magiske universet.

For Feil teater kan mykje om å gjera ting riktig.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret. 

Les også «Ei sårt trengd historie om håp»

«Annie» på Folketeateret

Les også «Må knas bedre for å bli en juleslager»

«Drømmen om en hvit jul» på Riksteatret

Les også «Kristianias hurtige tivoliteater»

Kristiania Magiske Tivolitheater

Les også «Anne Krigsvoll er en fryd når hun er fæl»

«En julefortelling» ved Nationaltheateret