Hopp til innhold
Anmeldelse

«Ein forbløffande roman»

Lars Ramslies nye roman er lettlest, men ikkje lettvint, sier Marta Norheim, som meiner "Fatso" er forbløffande:

Lars Ramslie
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX
Bok

«Fatso»

Lars Ramslie

Skjønnlitteratur

2003

Oktober

Lars Ramslie

Fatso

Oktober 2003

Smussomslaget på denne romanen er dekka med roser. Rosa roser, det er romantisk, uskuldig og vakkert. Men tek du av dette omslaget stirrer du rett inn i ein orgie av nakne kvinner i til dels svært utfordrande stillingar. Denne doble meldinga fører oss rett inn i det konfliktfylte sjelslivet til Rino, også kalla Fatso: Han er tjukk, ekkel og har enno ikkje hatt ei kvinne, som det heiter, han er 34 år og lever aleine, i fritida leiger han pornofilmar som han ronkar til, berre avbrote av nødvendige pausar for å konsumere junk-food som han får levert på døra.

Oppbyggeleg

Lars Ramslie

Likevel er dette er riktig oppbyggeleg bok, ja den kunne vore skulepensum om det ikkje var for Rinos utsvevande fantasiliv. Han får så og seie eit nytt liv i gåve, og det frå far som ein dag bestemmer seg for å leige ut eit rom i leiligheita hans. Det kjem ei kvinne inn i livet til Rino, på ingen måte ei drømmekvinne, men leigebuaren får ting til å skje. Det er nesten evangelisk; denne mannen reiser seg frå den ytste sjølfornedring fordi han møter andre folk, sjøl om eindel av desse møta er tvetydige: det er høgst uklart kven som bruker kven innimellom, og kva med dei to gamle venene som Rino trass alt hadde?

Lettlest, ikkje lettvint

Ramslie har nok ein gong skrive om ein mannleg outsider, boka er lettlest og meir rettfram fortalt enn dei tidlegare romanane hans, men det er ingen lettvint roman: Den reiser igjen og igjen spørsmålet om kvifor Rino er ein tapar- er han feit fordi han er einsam, eller er han einsam fordi han er feit? Og kven er det som har kasta han inn i denne vonde sirkelen?

"Fatso" er ein forbløffande roman, som lever opp til det doble omslaget med romantiske roser og porno. Men det som ikkje kjem fram på overflata, er humoren og alle dei bisarre situasjonane som dukkar opp i det underlege samlivet mellom Rino og leigebuaren og i dei klønete forsøka på å nå målet: å få si eiga dame som han både kan elske og elske med. Eg skal ikkje røpe korleis det går til slutt, berre sei at viss du trur du har greidd å gjette det, så tek du heilt sikkert feil.

Marta Norheim

Kulturnytt, NRK P2

23. juni 2003

Se også