Anmeldelse

Frisk og skarp klassikar frå 1930-talet

Når «Blikket var vendt mot Gud» no er ute på på norsk, er nok eit hol i litteraturhistoria fylt.

Omslaget til boka "Blikket var vendt mot Gud" og forfatter Zora Neal Hurston.

SKARP: Zora Neale Hurstons roman om livet for svarte arbeidarar i sørstatane tidleg på 1900-talet, er dramatisk og skarp.

Foto: Cappelen Damm
Bok

«Blikket var vendt mot Gud»

Zora Neale Hurston

Oversatt av Aase Gjerdrum

Skjønnlitteratur

2021

Cappelen Damm

«Åffer holder hu seg ikke til sine egne?» Replikken fell på ein veranda i sørstatane tidleg på 1900-talet, der svarte arbeidsfolk sit om kvelden etter arbeidet. Fenomenet har faktisk sitt eige namn: «Front porch society». Her går praten, og her kommenterer ein folk som kjem gåande langs vegen.

Og «hu» som dei snakkar om er Janie, som stakk av med ein fyr eit par år tidlegare. Når ho no vender tilbake ser alle at det ikkje akkurat er i triumf. Kveldens tema er gitt: Kva skulle ho stikke av for?

Med denne verandascenen opnar romanen «Blikket var vendt mot Gud» og her, som så ofte elles i romanen, er blikket vendt mot gata, mot dei andre på godt og vondt.

Ganske snart får Janie ordet og fortel livshistoria si. Det er litt av eit liv.

Forfattarliv av episk format

Det same gjeld for forfattaren, Zora Neale Hurston (1891-1960), som fortener ein presentasjon:

Frå ein barnerik og fattig familie i Florida nådde ho etter mange omvegar universitetet og blei antropolog med voodoo på Jamaica som forskingsfelt.

Seinare blei ho del av ei litterær retning og eit miljø kalla «Harlem-renessansen», og skreiv fleire bøker. Så vart det taust. Då ho døydde brått i 1960, hamna ho i ei umerka grav og gjekk i gløymeboka, før forfattaren Alice Walker spora opp det ho meinte var staden der Hurston låg og sette opp eit skilt med innskrifta «Genius of the South».

Etter kvart blei Hurstons bøker trykt opp på nytt, svarte forfattarar som Toni Morrison og Zadie Smith trekte henne fram som inspirasjonskjelde, og no har altså Cappelen Damm sendt den mest kjende romanen hennar ut til norske lesarar i ein serie dei kallar «Oversette klassikere».

Eit på alle måtar glimrande prosjekt, men no: tilbake til handlinga i romanen «Blikket var vendt mot Gud», der Janie fortel historia si:

Frå mann til mann til mann

Janie veks opp hjå bestemora, ei eldre kvinne som arbeider hardt for å få gifta bort dotterdottera så snart som råd. Bryllaupet står med ein bonde den 16 år gamle Janie knapt har sett.

Brutalt? Ja, men bestemora var slave i ungdommen, og både mora til Janie og Janie sjølv er resultat av valdtekt. Vi snakkar om å handle av bitter erfaring.

Ord som «lykke» og «kjærleik» finst ikkje i vokabularet til den gamle, men dei finst i Janies, som først stikk av med ein ambisiøs kar som vil ha henne til å gå på stas, før ho stikk av nok ein gong med ein omstreifande fattig livskunstnar med gitar som lyder namnet «Tea Cake».

Trass i at Janie er ei eigenrådig sjel, går vegen vidare i livet gjennom menn. Er det fordi noko anna er utenkjeleg, eller fordi Janie ikkje kan tenkje seg eit liv utan ein mann?

Uansett, romanen opnar med at ho vender heim att frå eventyret med Tea Cake og blir sett og kommentert av nabolaget på verandaen. Singel, for første gong sidan tenåra, og kanskje klar for å stå på eigne bein.

Gruppebilde med dame

Hurston er ikkje redd for å utsetje personane sine for dramatiske hendingar, røffe livsvilkår og veldige opp- og nedturar.

Det er tydeleg at Alice Walkers roman «Purpurfargen» frå 1980-talet, som kom på norsk i ny versjon i vår, er sterkt inspirert av den 50 år eldre romanen til Hurston.

Som Walker skildrar Hurston eit svart samfunn der personane får svært menneskelege sider på godt og vondt. Kvite plantasjeeigarar og maktpersonar finst og legg premissar for livet, men dei er fjerne.

I sentrum står ei svart kvinne som fortel historia si, og det inneber å skildre eit stort fellesskap. Her er inga kvinne ei øy. Folk kjem og går. Dei er på verandaen, på soverommet, på åkeren og pregar livet til kvarandre.

Som hjå Walker blir mykje lagt på forteljemåten til hovudpersonen, i dette tilfellet altså Janie, eit herleg og aldri kjedeleg reisefølgje.

Frisk og skarp

Store deler av «Blikket var vendt mot Gud» er skriven på munnleg sørstatsmål. Omsetjaren Aase Gjerdrum har valt å skrive ein slags austnorsk sosiolekt som fungerer fint.

Gjerdrum har også greidd å løfte over til norsk det humoristiske og absurde som ofte dukkar opp i replikkvekslingane, og ikkje minst dei små glimta av poesi og originalt bildespråk:

«Det var en mann med mye salt i seg. Han kunne sette smak på alt mulig

I «Blikket var vendt mot Gud» ser vi verda gjennom sørstatsjenta Janie, skapt av den ateistiske, republikanske forfattaren Zora Neale Hurston frå 1930-talet.

Det er eitt av litteraturens mange små mirakel at historia til Janie verkar frisk, skarp og aktuell for norske lesarar i dag.

Anbefalt vidare lesing: