Hopp til innhold
Anmeldelse

80-talsklassikar slår hardt, men annleis i dag

Sosial indignasjon kombinert med sprudlande forteljeglede ligg framleis i botnen av Alice Walkers roman «Purpurfargen», mens andre sider kjem til overflata.

Forfatter Alice Walker og omslaget til boka "Purpurfargen".

AKTUELL: 80-talsklassikaren til Alice Walker har tatt farge av vår eiga samtid og er framleis aktuell.

Foto: Scott Campbell/Gyldendal
Bok

«Purpurfargen»

Alice Walker

Oversatt av John Grande

Skjønnlitteratur

2021

Gyldendal

Romanen om røffe levekår for svarte i sørstatane på 1930-talet vart det store gjennombrotet for den amerikanske forfattaren Alice Walker (f. 1944). Ikkje berre kom boka ut på mange språk, inkludert norsk, han vart også filmatisert med Whoopi Goldberg og Oprah Winfrey i leiande roller i 1985.

Utanlandske bøker kjem i bølgjer til vår heimlege strand, og den siste tida har vi sett ei bølgje av svart litteratur, særleg frå USA, gammalt som nytt. «Purpurfargen» føyer seg inn i denne bølgja, saman med titlar som «Blikket var vendt mot Gud» frå 1930-talet og «Berget vi bestiger» frå i år.

Når noko trendar er det nødvendig å stille det kjedelege spørsmålet: Hiv forlaga seg over titlar som passar inn i samfunnsdebatten for å få sin del av puddingen, eller har bøkene ein verdi utover det?

Som allereie antyda: «Purpurfargen» forsvarer sin plass i hylla for omsett litteratur i 2021. Dette er ei medrivande historie med mange lag.

Berre Gud kan vere taus

Romanen er forma som brev frå Celie til Gud: «Ikke et knyst til noen andre enn Gud. Da tar du livet av mor di

Far er ein hardslåande mann som valdtek Celie når den sjuke mora hennar avviser han i senga. Familien er ein farleg stad, og breva til Gud blir ein måte å overleve på.

Seinare korresponderer ho med søstera Nettie, som via omvegar hamnar som misjonær i Afrika.

Her kunne eg ha lassa opp med historier om kvite som undertrykker svarte, svarte menn som undertrykker svarte kvinner, svarte kvinner som plagar kvarandre, eg kunne fletta inn incest, vald, omsorgssvikt og sjalusi på tvers av farge, generasjonar og kjønn. Men det ville blitt feil.

Alt dette finst i boka, ja, det er dette romanen er laga av. Og det er all grunn til å la seg indignere over kva folk kan få seg til å gjere med kvarandre.

Kunsten å grave ned stridsøkser

Men: Årsakene til at «Purpurfargen» er ein moderne klassikar, ligg ikkje først og fremst i dokumentasjonen. Kanskje den sida ved romanen var meir banebrytande på 1980-talet, no er det andre sider som står fram.

Det første er tonen, særleg i Celies brev. Ho veit at ho er stygg, dum, og fattig og ventar seg lite av livet. Men ho «er her», som ho stadig minner seg på. Ho kan nyte purpurfargen og soloppgangen. Og ho skaper sitt eige, indre rom.

Det bringar oss over på det religiøse, som står tydelegare fram no enn på 1980-talet, ikkje minst fordi forfattaren no har skrive eit forord der ho hevdar at dette er det mest sentrale ved boka. Henne om det, men religionen er eit oversett poeng:

Celie og fleire med henne er religiøse, men slit med guden til kvitingane som altfor ofte står på feil side. Det indre rommet og dei sterke naturopplevingane leier henne inn i ein sanseleg, panteistisk religiøsitet, der gud er i alt inkludert henne sjølv.

Rundt henne faldar det seg ut eit usannsynleg, frodig og omvekslande liv i den etter kvart svært utvida storfamilien. Celie finn kjærleiken med ei kvinne, andre finn kjærleiken på ny og på ny. Sjalusien blømer, men som ved eit mirakel greier folk å forsone seg att, eller i alle fall leve med det sånn nokolunde. Mange stridsøkser blir gravne ned ettersom åra går.

Purpurfargen gløder framleis

Så ja: «Purpurfargen» er ei knallhard historie om undertrykking og sosial misere i sørstatane på 1930-talet, fortalt av ei svart, lesbisk kvinne utan utdanning.

Men det er også ei historie om å halde fast i seg sjølv, slik at Celie og andre både kan setje ned foten når det trengst og likevel kome folk i møte når tid har gått. Det ligg ein sjenerøsitet her som er stor – om enn ikkje grenselaus. Dette er ei historie om urett og harde frontar – og om å kome seg vidare.

Dette gir den mørke historia eit eige lys, og når handlinga rett som det er tek av og gjer dei mest usannsynlege vendingar, kan det heile bli direkte lystig og nærme seg farsen utan at det blir umusikalsk. Det sørgjer stemma til Celie for, den held heile vegen.

Purpurfargen gløder like sterkt som for 30 år sidan, men fargen har fått fleire valørar.

Alle anmeldelser og anbefalinger fra NRK finner du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare: