Døydde Wolfgang Amadeus Mozart, ein av verdas mest kjende komponistar, ein naturleg død då han var 35? Eller var det nokon som ville han vondt?
I teaterframsyninga «Amadeus» har Mozart ein slu fiende, komponisten Antonio Salieri. Godt etablert ved det keisarlege hoff såg han Mozart, ein barnleg, teit og umåteleg genial jypling endra heile musikkhistoria.
Han kjende seg truga. Han vart svartsjuk. Han øydelegg for Mozart.
Vedkjenning
«Amadeus» er Salieri si forteljing. Den dagen han skal døy, skriftar han for teaterpublikummet.
Dei forpinte, naturlege og attkjennande kjenslene hjå Salieri får boltra seg saman med kjent musikk frå Mozart.
I Kristiansand med symfoniorkester og fargerike operasongarar på scena, i Bergen i ein meir dempa og mørk versjon.
I KRISTIANSAND: Mozart (Fredrik Høstaker) i barnleg frustrasjon på pianoet medan kammerherre von Strack (Eirik Langås Jørgensen) står oppgitt i bakgrunnen.
Foto: Lars Gunnar LiestølI BERGEN: Mozart (Torbjørn Berglund Eriksen) og kjærasten Constanze (Reidun Melvær Berge) i «Amadeus» i Bergen.
Foto: Dag JenssenMest av alt handlar «Amadeus» om kva misunning kan gjera med eit menneske når nokon skin så sterkt at du sjølv fell i skuggen.
Salieri let seg fanga av kjensla av å vera middelmåtig. Han er ein religiøs mann. Som gut gjorde han ei avtale med Gud – som han meiner Gud no bryt når han sender Mozart inn i verda.
Å stikke kjeppar i hjula for Mozart er like mykje ein hemn mot Gud.
SVARTSJUK: Antonio Salieri (i stolen) vert spelt av Kyrre Haugen Sydness i Kilden i Kristiansand – ein by skodespelaren kjenner godt etter mange år i rolla som Kaptein Sabeltann. Sydness vekslar det svartsjuke fint opp mot alt det Mozart-muntre i «Amadeus» i Kilden. Bak: Mozart (Fredrik Høstaker).
Foto: Lars Gunnar LiestølRosa orkester og underlivshumor
I Kilden teater- og konserthus held Kristiansand symfoniorkester, Kilden Opera og Kilden Teater hus. Når dei no slår seg saman i «Amadeus», vert det storslått, overdådig og fargerikt.
Regissør Thomas Glans har plassert orkesteret på scena, ikkje i orkestergrava, og han har med fem dansarar i tillegg til operasongarar, operakor og teaterensemble.
Det er artig løyst, og kjem særleg til si rett i scenane der Mozart sine nyskrivne operaer vert framførte med kostyme og kulissar.
Slik blir det ein hitparade i Kristiansand, med kjent musikk, til og med arien «Nattens dronning» er det plass til. Det blir som å oppdaga Mozart sin musikk samstundes som han blir til.
Det store ensemblet er styrken i denne framsyninga.
MUSIKALSK STYRKE: Kristiansand symfoniorkester i aksjon, for anledninga kledd opp i rosa.
NATTENS DRONNING: Jorunn Torsheim i Kilden.
FARGERIKE, MEN FORTVILA: Det går ikkje så bra med Mozart. Her frå sluttscena der Ragnhild Meling Enoksen speler kona hans, Constanze, og Fredrik Høstaker er Mozart.
Det er overdrive og fargerikt, lystig og tilgjengeleg i Kristiansand.
Kostyma er rokokkoinspirerte med klåre hint til vår tid – eit velbrukt grep i norsk teater dei seinare åra, men effektivt og morosamt i Kilden.
Fredrik Høstaker sin Mozart er livleg og barnleg, tru mot rumpehumoren i manus.
Scenografien er ein slags plaststrimla forheng i sterke fargar – den er glatt og glossy, men vert ein smart kontrast til den samstundes både lysande og mørke dødsscena.
HØGDEPUNKT: Dødsscena skil seg positivt ut i framsyninga i Kristiansand.
Foto: Lars Gunnar LiestølEg tek meg i å sakna orkesteret undervegs i framsyninga i dei lange periodane det ikkje spelar. Eg skulle ønska det vart brukt endå meir.
Det same gjeld dansarane – deira nummer kunne vore fleire og endå meir integrerte i handlinga.
Alt i alt er «Amadeus» eit lystig og fargerikt løft i Kristiansand.
Ikkje gull alt som glimrar
I Bergen ser det ut som at Mozart har krasja ein fest i Logen.
Gullkonfetti ligg strødd, det er rotete og litt dekadent. Her gjer Svein Harry Schöttker-Hauge ein innbiten og uttrykksfull Salieri. Han er ein skodespelar med eit stort mimisk register.
EINSAM: I Bergen sit Salieri (Svein Harry Schöttker-Hauge) misunneleg på stolen sin medan Mozart (Torbjørn Berglund Eriksen) og kjærasten Constanze (Reidun Melvær Berge) har litt lystigare dagar.
Foto: Dag JenssenTorbjørn Berglund Eriksen er ikkje den analhumor-Mozarten ein forventar seg om ein har sett filmen. Han er heller frekk og eigenrådig, han er ikkje ein Mozart som gjev ved dørene, og det skapar ei spaning i denne framsyninga.
Eriksen gjev mykje motstand til figuren, gjer han både taktlaus og uutgrundeleg.
I Logen har dei ikkje plass til symfoniorkester, men musikaren Klaus Risager har med seg eit instrument laga mellom anna av innmaten til eit piano: Strengar og klangbotn saman med ei mengd andre instrument. På den vesle musikk-øya si sit han og kommenterer handlinga musikalsk.
Det fine med det er at det forsterkar Salieri sine mørke kjensler. Det utfordrande er at musikkunderlaget nokre gonger står i vegen for tekst og replikkar.
Der Kristiansand nyttar symfoniorkester, vert musikken spelt av i Bergen.
Samanlikninga er sjølvsagt urettvis, orkester trumfar avspeling. Men når Eriksen dirigerer det usynlege orkesteret i Logen, gjer han det med så stor innleving og intensitet at musikken vert ein viktig aktør.
Eriksen spelar òg på eit flygel som står der, litt av ein pianosonate, litt anna. Det fungerer godt.
KOMPONERANDE: Torbjørn Berglund Eriksen som konsentrert Mozart.
Foto: Dag JenssenDet er livleg, fargesterkt, morosamt og folkeleg i Kristiansand – mørkare, meir intenst og meir til ettertanke i Logen i Bergen.
Båe stader kunne regien godt lagt opp til mindre roping i nokre av scenane. Intenst nok blir det uansett.
Kjernen i det heile, det originale versus det geniale, kjem tydeleg fram. Og kjensla av å vere den som står i skuggen, den som lar det vonde få falda seg ut – den er tydeleg og vond.
«Amadeus» er lett å kjenna seg att i, og begge framsyningane har gode kvalitetar.
Sjølv er eg glad i teater som gjev meg litt motstand. Det finn eg mest av i Bergen denne gongen.
Hei!
Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Tryllefløyta» ved Det Norske Teatret, «Kokosbananas og moromaskinen» ved Teater Ibsen, eller «En folkefiende» ved Oslo Nye Teater.