Hopp til innhold
Anmeldelse

Drag som har draget

«All About Mimi» er lettbeint under­haldning og meinings­lada dans.

Fra generalprøven på «All about Mimi» på Dansens Hus.
Foto: Yaniv Cohen
Dans

«All About Mimi»

15. desember

Dansens hus, Oslo 15.–18. desember og BIT Teatergarasjen, Bergen 20. og 21. desember

TikTok- og Instagram-fenomenet Mimi Devine gjorde stor suksess under pandemien. Ho har 80.000 følgjarar på TikTok og 15.000 på Instagram – og sitt eige show som visast i Oslo og Bergen no i desember.

Framsyninga «All About Mimi» er sjølvsagt drag, men den gir publikum eit interessant innblikk i ballroom-kulturen som blømer i byane i Noreg nett no.

Mimi Devine er alter egoet til tidlegare Carte Blanche-dansar Shlomi Ruimi. No er han prøve­leiar ved same kompani på dagtid og enter­tainer og drag­artist om kvelden, slik han seier det sjølv.

Fra generalprøven på «All about Mimi» på Dansens Hus.

PÅ RUNWAYEN: Mother Cassandra Meraki (Cassandra Moldenhauer) og Mimi Devine i «All About Mimi».

Foto: Yaniv Cohen

I showet, som byr på alt om Mimi, er det sjølvsagt lettbeint under­haldning attkjennbar frå sosiale medium, vågale kjolar, høgt hår og høge hæler. Men Mimi vil òg visa fram meir av seg sjølv.

Her kjem Ruimi med små, humoristiske anekdotar, mykje av det kombinert med lip sync (miming), som er ein av kategoriane innan ballroom­kulturen. Syncen hos Mimi sit betre etter kvart som showet skrid fram.

Framifrå familie

Det Mimi vil, er å opna opp for kva ballroom­kulturen er. Opphavleg var ballroom ein fristad og ein skeiv felles­skap for minoritets­ungdom i Harlem, New York på 1920-talet. Mange fann ein heim her.

Nokre var avviste av familien dei kom frå, men i ballroomkulturen fann dei ein ny familie der dei kunne vera seg sjølv. Det er difor desse miljøa vert kalla «hus», og leiarane «mor» og «far».

Mimi Devine har invitert tre dansarar frå Kiki House of Meraki, den leiande Ballroom-gruppa i Noreg, inn i framsyninga. I lag med dei har ho tatt med Tor Bodega frå gruppa Bodega, og Mimi kallar dei alle for sin familie.

Og her er framsyninga på sitt mest interessante: Gjennom ulike danse­nummer viser dansarane ulike perspektiv på kva det vil seia å vera skeiv i dag.

Fra generalprøven på «All about Mimi» på Dansens Hus.

ALLE ER VELKOMNE: Ballroom-kulturen er som èin heim for mange minoritetar. Her ei heit scene mellom Father Diesel (Daniel Elahi) og Mimi Devine.

Foto: Yaniv Cohen

Det er som om dei gjennom kostyme­skift og ulike nummer med stadig større intensitet dansar seg inn mot ei kjerne av noko naudsynt og alvorleg som handlar om kven ein er, om å høyra til og om å høyra saman.

Knallhard attitude

Desse numra er utan tvil det kunstnarleg mest interessante med fram­syninga.

Koreografien, som er gjort av Ruimi og dansarane saman med Nicola Gunn, er utfordrande, frekk og overraskande. Dei bygger opp til fleire fine tablå og scene­bilete.

Dansarane held eit høgt nivå, særleg imponerer Tor Bodega (Tormod Skår Midtbø) med presisjon, kontroll og eit eige dramatisk uttrykk.

Der framsyninga stadig bryt grensa mellom scene og sal, vel dansarane ulike tilnærmingar til kor mykje dei er i karakter og kor mykje dei let seg sjølv som personar sleppa fram.

Her er Midtbø konsekvent iskald og kul, og det gjev heil­skap og tru­verd til uttrykket på scena.

Fra generalprøven på «All about Mimi» på Dansens Hus.

FAMILIEN: Mimi Devine (Shlomi Ruimi) er på scenen med Mother Cassandra (Cassandra Moldenhauer), Father Diesel (Daniel Elahi), Emmadonna (Emma Damskau) og Thor (Tormod Skår Midtbø).

Foto: Yaniv Cohen

Der Ballroom er ein fri­stad og ei øving i å våga å tru på seg sjølv, er det som kunst prega av attitude, sjølvtillit og fart.

Eg tek meg sjølv i å venta på kor det svake punktet ligg, kor dei skal sleppa fram det som finst bak dei sterke og fargerike identitetane dei kler seg i.

Runwayen er kan hende ikkje ein plass for tvil, men som fram­syning trengst noko meir. Det kjem mot slutten, då Mimi tek av seg parykken og seier ting som dei er.

Og kjem med den vanlege, men viktige bodskapen i ballroom-kulturen: Alle kroppar tel, alle kroppar er bra som dei er.

Fra generalprøven på «All about Mimi» på Dansens Hus.

AVKLEDD: Drag om natta, pappa om dagen. Shlomi Ruimi fortel mot slutten om korleis livet er. Å driva med drag kan vera tøft, sjølv med 80.000 følgjarar.

Foto: Yaniv Cohen

Har draget

Eg veit ikkje kor mykje meir eg veit om Mimi etter denne kvelden. Kan hende trivst ho aller best i SoMe-formatet. Til ei framsyning trengst meir stemme­trening, tydelegare artikulasjon og ein betre tekst.

Det treng ho ikkje tenka på TikTok. Men det må ho her, når ho kaller det scene­kunst.

Men «All About Mimi» er ei framsyning å bli glad av. Ho er intens, lettbeint og meinings­full på same tid. Kostymane er forseggjorte, danse­numra engasjerande, og dei vert løfta av lys­settinga.

Ikkje minst seier framsyninga noko om gleda over å vera fri, ho viser kor mykje energi som kan verta frigjort i rein, pur fryd over å vera noko ein har bestemt sjølv – og meistrar.

Mimi har draget på fan­skaren sin. Dansarane har draget på alle.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.