Hopp til innhold
Anmeldelse

Feelgood om fellesskap etter 11. september

Det er mykje glede, energi og entusiasme, men lite djupne i musikalen «Come from Away».

En scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.
Foto: Sebastian Dalseide
Teater

«Come from Away»

Den Nationale Scene, Bergen

7. desember 2022–25. mars 2023

Då USA vart råka av terror 11. september 2001, var 4000 fly på vingane med destinasjon i Statane.

Med eitt vart luftrommet stengd, og desse flya måtte snu eller finna ein annan landingsplass.

38 av dei enda med å lande på flyplassen rett ved den vesle tettstaden Gander på Newfoundland i Canada, der innbyggjartalet nær dobla seg på ein augneblink.

Musikalen «Come from Away» handlar om desse septemberdagane i Gander og er basert på det som verkeleg hende.

En scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.

HJELPER TIL: Passasjerene i flyet treng mest av alt å ringa heim – i ei tid der mobiltelefonar ikkje var like vanlege som nå. Men i Gander fann dei fram det dei hadde for å hjelpa til.

Foto: Sebastian Dalseide

Lokalbefolkninga snudde seg rundt, ordna mat, soveplassar, fellesskap og trøyst for dei mange tusen som enno ikkje visste kva som hadde råka verda.

For fleire av dei endra opphaldet i Gander liva deira. Nokre fann kvarandre, andre vart forlatne.

Opplevinga av å verta tatt imot med opne armar, var overrumplande. Om ein ikkje var arabar, då, eller muslim.

Lite dveling ved det vanskelege

Fordi musikalen baserer seg på verkelege hendingar der fellesskap og samhald er det viktigaste, er det situasjonar og kjensler som er det drivande.

Det finst ikkje ei avgjerande handling der ei utfordring skal løysast for helten. I staden får ein presentert mange historier.

Alle dei tolv skodespelarane har minst to roller kvar. Alle spelar lokalbefolkning i Gander og ein passasjer på eit fly.

En scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.

FINN KVARANDRE: Søt musikk oppstår mellom britiske Nick (Jon Ketil Johnsen) og amerikanske Diane (Kjersti Elvik). At kjærleiken oppstod, kan dei takka Gander for. Men vil kjærleiken overleva?

Foto: Sebastian Dalseide

Skifta er mange, men det glir godt og er fint koreografert.

Ulempa er at ein ikkje kjem under huda på nokon av karakterane.

Det kan ha å gjera med dei mange skifta, men og med den happy grunnstemninga i musikalen, det er ikkje mykje dveling ved det som er vanskeleg.

Sjølv ikkje for mora med ein son som er brannmann i New York, og som det etter fleire dagar framleis ikkje er gjort greie for.

Karikert og forhasta

Energien i «Come from Away» er det ikkje noko å seia på. Det byrjar faktisk ganske hektisk.

I fleire passasjar snakkar alle i munnen på kvarandre og nokon må avbryta med eit rop for å få samla flokken. Det verkar karikert og forhasta.

I tillegg er tempoet raskt i fellesnummera, slik at delar av teksten forsvinn. Men det er god trykk og høg energi i ensemblet.

En scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.

LOKALE TRADISJONAR: Flypassasjerane vert introduserte for lokal kultur – mellom anna ein tradisjon som inneber kyssing av torskar.

Foto: Sebastian Dalseide

Musikken har sterke innslag av folkrock, og det passar bra for eit øybuarsamfunn. Orkesteret har svært god driv.

Nokre av skodespelarane får tid og rom til å ta tempoet ned, synga rolegare og landa litt i scenene.

Blant dei er Elisabeth Hammersbøen Rustad. Ho gjer ei svært god rolle som dedikert flykaptein og er den beste solisten i castet.

Elles er det interessant at musikalen sett flykapteinen sentralt, ho blir eit symbol på ei yrkesgruppe som fekk arbeidslivet sitt endra den dagen, men òg eit symbol på likestilling og yrkesstoltheit.

Kontorstoler fungerer som interiøret i et fly i en scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.

KREATIVE REKVISITTAR: Kontorstoler nyttast effektivt for å illustrera passasjerer i eit fly.

Foto: Sebastian Dalseide

Regissør Markus Virta har nyleg sett opp same musikalen i Sverige, og nyttar mange av dei same verkemidla i Bergen.

Mellom anna brukar han kontorstolar som effektive rekvisittar for å skildra passasjerane som sit tett i tett i eit fly.

Viktig bodskap

Stykket seier mykje om korleis ein tek imot framande. Eit homofilt par er redde for å visa at dei er i lag, men i Gander er det null problem.

Den einaste som møter skepsis, er karakteren frå Egypt. Thomas Bipin Olsen løftar i spelet sitt fram den frykta og mistanken som vart mange med arabisk utsjånad til del i 2001 – ein skepsis som sette seg djupt.

En scene fra forestillinga «Come from away» ved Den Nationale Scene i Bergen.

HOMOFIL: Kor mange skeive er det i Gander? Ganske mange, viser det seg.

Foto: Sebastian Dalseide

Det er som om Olsen ber alt dette med seg i dei korte glimta vi får av den egyptiske karakteren.

Det er eit viktig bidrag inn i denne feelgood-historia at smerta egyptaren kjenner får ta plass.

«Come from Away» er i det heile ein munter musikal, og den er fint gjennomført i Bergen. Samstundes fortel han ei historie som mest av alt liknar ein utopi.

Musikalen har rett nok få melodiar som sett seg for ettertida, men er fylt til randa av ein viktig bodskap: Menneska vil det gode når dei får sjansen.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret. 

Er du interessert i å lese meir om scenekunst, sjekk ut anmeldelsene i lenkene under:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.