Hopp til innhold

Frykt og avsky i Skogli

Levi Henriksen har skapt sitt heilt eigne univers i utkanten av verda. Årets rapport om gode intensjonar og mørke gjerningar i Skogli er av beste merke.

Levi Henriksen kommer til Sommeråpent i kveld

Levi Henriksen

Foto: Scanpix

Når du må overtyde sosialvesenet i bygda om at du er ein stabil person og godt skikka til å ta vare på ein vanskeleg 13 –åring, parallelt med at du har eitpar nokså røffe torpedoar på nakken, då har du det politikarar kallar utfordringar og vi andre eit problem. Eit enormt problem.

Sagt på ein annan måte: Levi Henriksen har gjort det igjen. Igjen er åstaden den oppdikta og etterkvart mytiske bygda Skogli i Kongsvingertraktene, igjen har vi ein helt som har rota det ettertrykkeleg til for seg sjølv - med god hjelp frå andre instansar, det skal seiast.

Einstøing med ambisjonar


Det er Mikael denne gongen. Mikael, ein heilt alminneleg grei kar som studerte i byen men som drog heim til Skogli då kjærasten døydde i ei mopedulykke. Sidan har han gjort førefallande arbeid i bygda og blir sett på som ein tapar og einstøing. Kanskje dei uheldige pengeplasseringane var eit forsøk på å kome på sporet igjen, i så fall var det svært mislykka og no blir torpedoane stadig meir nærgåande og dei er godt orientert både om den 13 år gamle niesa og om den blinde mora til Mikael.

Livet frå kneståande


Ein klassisk Levi Henriksenhelt, altså. Ein kar som må ned i ein stadig djupare spagat mellom moralen på den eine sida og snuskete gjerningar - heilt nødvendige for å at ikkje alt skal kollapse- på den andre. Spagat er kanskje ikkje rette bildet, Mikael blir stadig pressa ned i kneståande og opplever overraskande mykje av handlinga frå knelande tilstand. Så mykje at eg tek til å lure på om Henriksen ikkje stolar på at eg har fatta poenget.

Vår fremste skitenromantikar


Det går altså an å innvende at Henriksen er vel tydeleg på nokre punkt, det andre punktet er at skurkane hans er så til dei grader skurkar at det svekkjer historia. Ein ting er torpedoane, men at også bror og svigerinne er utan nyansar er mindre heldig. Visdomsorda som understrekar moralen kan også bli vel mykje av det gode.

Men dette er for bagatellar å rekne, for ”Dagen skal komme med blå vind” er ein medrivande, ja, uvanleg spennande roman der velkjende personar frå Henriksens typegalleri snublar rundt men blir reist opp i ståande igjen og igjen. Rett og slett fordi Henriksen både har tru på den gode historia og det gode i mennesket trass alt. I alle fall verkar det slik. ”Dagen skal komme med blå vind” er ei heilt spesiell blanding av krimintrige, moralsk lærestykke med religiøse overtonar, og dryge skrøner. Her klaffar nesten alt. Levi Henriksen er vår fremste skitenromantiske forfattar.