Hopp til innhold

Den hemmelige kokken

Mykje av den maten du har i deg er laga av ein hemmeleg kokk og du anar eigentleg ikkje kva han rører inn. For denne kokken er ein juksemakar.

Mats-Eric Nilsson
Foto: promo

Den hemmelige kokken
Foto: Spartacus

Det er bodskapen til Mats-Eric Nilsson, og ideen bak boka hans. Forfattaren ville finne ut kva matvarene i butikkhyllene eigentleg inneheld, og kom fram til at dei er proppa av alle slags tilsettingar, fleire enn vi trur.

Vi forstår jo at maten må tilsetjast stoff, mellom anna for at den skal halde seg betre. Men boka kan fortelja at 9 av 10 av desse stoffa berre er kosmetiske. Maten skal ha smak, lukt og utsjånad som vekkjer appetitten vår, og mykje av dette er juks. Det ferske er ikkje ferskt og det reine er ikkje reint.

Ta vårt daglege brød

Fabrikkbakt brød kan innehalde inntil 16 kjemikalier for at det skal opplevast som ferskt sjølv om det ikkje er det. Og flesteparten av brøda du finn i butikken, har svært kort gjæringstid og er pumpa så fulle av luft at forfattaren rår deg til å kjøpe brød etter vekt og ikkje etter storleik.

Men så er det det, da, at vi har ikkje meir tid å bruke på matlaging, og maten må ikkje koste så mykje, hjelpe oss for matvareprisar, særleg når det gjeld norske landbruksvarer. Og matvareprodusentane veit å møte krava våre, resultatet blir mest mogleg ferdiglaga mat til billige prisar.

Dette inneber at dei ekte råvarene blir bytte ut med billigare alternativ, nemleg tilsettingsstoff som emulgator og stabilisator og andre kunstige ingrediensar som E-stoff i store mengder. Jo fleire kjemikaliar, jo lågare pris. I tillegg til å vera lettvint og billig, skal maten i dag også vera mager. Og den hemmeleg kokken vår veit råd, mindre naturleg feitt, men meir tilsettingsstoff. Det er denne sanninga Nilsson vil ha fram, og han klarer å overtyde oss og forskrekke.

Er tilsettingane farlege?

Forfattaren stiller spørsmålet, men svaret er ikkje eintydig. Det finst jo godkjenningskontrollar, og vi må rekne med at det den hemmelege kokken puttar inn, er lovleg. Når han ikkje vil at vi skal vita det, så er det fordi han vil vi skal tru det er ekte, t.d. at vaniljesmaken kjem frå orkideplanta som er avbilda utanpå produktet, og ikkje frå eit stoff som blir utvunnen av roten gran.


Et kva du vil, men vit kva du et

Kva er minst usunt, da, vanleg kremfløyte eller eit lettprodukt som er tilsett ei mengde andre stoff? Eg veit ikkje svaret etter å ha lese boka, for Nilssons misjon er å gjera oss bevisste på kva vi har i oss, deretter er valet vårt.

Boka er ein tankevekkar, men den tok ikkje matlysta frå meg. Skulle eg likevel setja meg eit mål, måtte det bli å eta meir av den ekte maten med dei naturlege smakane, og heller eta mindre. Men eg veit ikkje om eg får det til. Mottoet må uansett vera: Et kva du vil, men vit kva du et.

Anmeldt av journalist og forfattar Magnhild Bruheim