Hopp til innhold

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no

Landet over blir det demonstrert for å få på plass ei samtykkelov. – Den kjem, seier justisministeren i Debatten.

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Men kva vil det hjelpe om ordet samtykke kjem inn i loven?

Eit folkehav møtte opp for å demonstrere utanfor Stortinget i ettermiddag.

Over heile landet har det den siste tida blitt arrangert demonstrasjonar til støtte for valdtektsoffer, etter at tre menn blei frifunne i den såkalla gruppevaldtektssaka i Bergen.

Samtidig har diskusjonen om ei samtykkelov blussa opp igjen. Danmark, Sverige og Finland er blant landa som alt har ei slik lov.

Anine Olsen, påverkar og ein av initiativtakarane til demonstrasjonane, meiner samfunnet er på veg inn i ei retning ho ikkje synest noko om.

– Eg håpar de vil høyre på folket i dag, sa ho til justisministeren i Debatten.

Anine Olsen i Debatten 18. april 2024

Anine Olsen, påverkar og initiativtakar til fleire av demonstrasjonane under Debatten i kveld.

Foto: Lars Os

Olsen er blant dei som meiner det no er straffefridom for valdtekt. Det er ikkje justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) einig i.

– Det kan vere vanskeleg å få ei domfelling, men det er forbode å ligge med nokon som ikkje vil det. Det er behov for ei tydelegare lov, seier Mehl.

På oppmodinga frå Olsen om å lytte til dei som vil ha ei ny samtykkelov, svarte Mehl:

– Den kjem.

– Er det eit mål å få fleire dømde?

– Det er eit mål å få domfelling i fleire av dei sakene der det er grunnlag for det, seier justisministeren.

Justisminister Emilie ENger Mehl i Debatten

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Lars Os

– Rein symbolpolitikk

Advokat Odd Rune Torstrup kallar dagens lov «utmerka», og meiner ei samtykkelov er rein symbolpolitikk.

Han meiner det er ein god tanke, men trur det vil bli vanskelegare å etterforske valdtekter.

– Kor langt går samtykke? Kan det bli trekt undervegs i samleie? Det er ein utruleg god vilje bak forslaga, men eg trur det gjer det verre og ikkje løyser problem.

– Eg vil heller at politiet skal vise interesse enn å avfeie opplevinga, svarer influensar og aktivist Frida Marie Grande Grande.

Frida Marie Grande

Frida Marie Grande har tidlegare jobba i Amnesty. Ho har vore med å arrangere demonstrasjonen, og stilte i kveld i Debatten.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Torstrup meiner ein effekt av ei slik lov vil vere at fleire blir uskuldig dømde.

– Det er berre tull, seier Patricia Kaatee, politisk rådgivar i Amnesty.

Amnesty er blant dei som vil at ei reell samtykkelov kjem på plass, og har arrangert demonstrasjonar i ei rekkje byar.

Tårevått i folkehavet

I Oslo tok fleire til tårene under appellane i dag.

Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19) seier det var viktig for dei å møte opp.

– Eg er her fordi eg og mine venner opplever ting vi ikkje skal oppleve. Når vi seier ifrå møter vi veggen, i form av rettssystemet i Noreg, seier Bauge.

 Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19) på markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Noomi Bauge (21) og Martine Haugen (19).

Foto: Julianne Flølo / NRK

Grande var også med på å arrangere dagens markering i Oslo, og trur anslår at eit par tusen møtte opp.

– Eg blei veldig overraska over min eigen kjenslemessige reaksjon. Eg grein og grein.

– Det var mange av dei frammøtte som grein undervegs. Kva trur du er grunnen til det?

– Eg trur at mange har opplevd ting sjølv, eller kjenner nokon som har opplevd eit overgrep. Og eg trur mange kjenner på følelsen av at ingen bryr seg fordi ein opplever at saker blir lagt bort.

Tema i russetida

– Vi må få på plass ei skikkeleg samtykkelov. Det må vere ei ja-er-ja-samtykkelov og ikkje ei nei-er-nei-samtykkelov, seier Fride Fiskegård.

Ho er leiar i Amnesty i Ålesund.

Sunniva Botn Kjølstad på markering for samtykkelov i Ålesund.

Fride Fiskegård leiar i Amnesty i Ålesund og Sunniva Botn Kjølstad på markeringa.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Sunniva Botn Kjølstad er russ i år og seier at samtykkelova er eit aktuelt tema i russetida. Også ho meiner at dagens forslag ikkje er bra nok.

– Det er ikkje alle som greier å seie nei, mange fryser til i slike situasjonar. Vi i Noreg må skjerpe oss. Det er flaut at vi er det einaste landet i Norden som ikkje har ei samtykkelov.

– Skammeleg

Selma Kristiansen Kolltveit, organisatorisk nestleiar for AUF i Rogaland, meiner det hastar å få på plass ei samtykkelov.

Samtykkelovdemonstrasjon Haugesund

Selma Kristiansen Kolltveit, som er organisatorisk nestleiar for AUF i Rogaland, under markeringa i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det er veldig viktig med ei slik lov for alle, uansett kjønn. Det er skammeleg at vi ikkje har ei lov som kan beskytte.

Kolltveit viser også til saka i Bergen og meiner at den er eit eksempel på kvifor det hastar å få på plass ei samtykkelov og kvifor den er viktig.

– Eg håper at vi klarer å presse politikarane til å få på plass denne samtykkelova fort.

Demostrasjon utanfor Stortinget i Oslo om samtykkelov

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo. 

Foto: Julianne Flølo / NRK
Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Markering for samtykkelov på rådhusplassen i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK
Kun ja betyr ja, stod det på eitt av bannera i Haugesund.

Kun ja betyr ja, stod det på eitt av bannera i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK
Demonstrasjon foran Stortinget
Foto: Julianne Flølo / NRK
Demonstrasjon foran Stortinget

Demonstrasjon framfor Stortinget.

Foto: Julianne Flølo / NRK
Demonstrasjon foran Stortinget

Demonstrasjon framfor Stortinget.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Begge må seie ja

I fjor blei ei utgreiing frå Straffelovsrådet om seksuallovbrot og forslag til ny samtykkelov sendt ut på høyring.

Men fleire har meint at forslaget ikkje er godt nok.

Linda Gröninger leiar i Straffelovsrådet.

– Vårt forslag inneber at nokon, med ord eller handling, skal gi uttrykk for å ikkje ville ha samleie, seier ho.

Nokre har reagert på forslaget, blant anna fordi straffelovsrådet ikkje vil krevje uttrykt samtykke i ein ny paragraf om valdtekt.

Fleire ønsker at det i sjølve lovteksten blir gitt uttrykk for at det er straffbart å ha seksuell omgang med nokon som ikkje har samtykka til det.

Men det er ei stor usemje blant advokatar om ei samtykkelov er vegen å gå.

Les også Ny undersøkelse: Én av fem kvinner oppgir å ha blitt voldtatt

– Jeg slet med depresjon fra før og merket at det ble utrolig mye verre etter voldtekten, sier «Nora».