Hopp til innhold
NRKVALG23: Christine Meyer (H) og Marit Warncke (H) på Høyres valgvake

Valet 2023 i Vestland

Oppsummert

Få siste nytt om alt som skjer rundt kommune- og fylkestingsvalet 2023 i Vestland.

  • MDG og Bakke kritiske til byrådets klimapolitikk

    – Norske tre hadde fortent betre enn å bli brukt til utskrifta av denne plattforma.

    Det seier gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne i Bergen, Thor Haakon Bakke om byrådsplattforma som Christine Meyer (H) la fram måndag.

    Han meiner klimapolitikken til det nye byrådet ikkje er god nok. Av plattforma går det fram at «summen av alle små og store tiltak monner» og målet deira er at tiltaka skal vera slik at dei har størst effekt.

    – Dette blågrå byrådet seier dei vil føra ein kunnskapsbasert klimapolitikk, men det billigaste og mest effektive klimatiltaket ein kan gjera, å redusera kjøtforbruket, er dei dønn imot, seier Bakke.

    Bakke peikar også på at det nye byrådet ikkje vil auka bompengane.

    – Samtidig blir det motorvegbonanza, meir parkering, nedbygging av natur og bybanen til Åsane blir utsett på ubestemt tid.

    Også Mikkel Grüner (SV) reagerer på klimainnhaldet i plattforma.

    – Her er det ikkje noko klimamål. Styrer dei då på det gjeldande klimamålet eller har dei ikkje eit mål om reduserte utslepp?

    Sjølve viser byrådet til at dei vil gå vekk frå symbolpolitikk som gjer kvardagen vanskelegare for bergensarane. Dei viser også til BIRs forbrenningsanlegg i Rådalen som byens største utsleppspunkt, og viser til moglege tiltak der.

    NRKVALG23: Thor Haakon Bakke (MDG)
    Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
  • Dette er det nye byrådet i Bergen

    Christine Meyer (H) presenterte i dag sitt nye byråd:

    * Marte Monstad (Frp) blir byråd for eldre, helse og omsorg

    * Daniel Hägglund (Frp) blir byråd for barnehage og skole

    * Reidar Digranes (Sp) blir byråd for næring, kultur og idrett

    * Eivind Nævdal Bolstad (H) blir byråd for finans

    * Charlotte Spurkeland (H) blir byråd for barnevern, sosiale tjenester og mangfold

    * Christine Kahrs (H) blir byråd for byutvikling

  • Presenterer nytt byråd i Bergen klokken 11

    Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet vil i dag konstituere sitt nye byråd i Bergen.

    De presenterer byrådet klokken 11 på Bergen rådhus i dag.

    Det nye byrådet er et mindretallsbyråd som har støtte fra Bergenslisten, Industri- og Næringspartiet og Pensjonistpartiet.

    Meyer-byrådet tar over etter Rune Bakerviks Ap-byråd.

  • Må fjerna kaianlegg i skjergarden

    Statsforvaltaren i Rogaland seier nei til at Fitjar kommune kan gje dispensasjon til å la eit kaianlegg i kommunen stå. Avgjerda er teken etter synfaring. Dermed må eit kaianlegg vekk, skriv dei i eit brev til Fitjar kommune. «Statsforvaltaren finn etter dette at ein dispensasjon vil sette omsyna bak byggeforbodet i strandsona vesentleg til side,» heiter det. Dermed har staten si forlenga arm sett ned foten i tre saker der Fitjar kommune ville gje dispensasjon.

    Kai Avløypet Fitjar. Statsforvaltaren på synfaring.
    Foto: Olav Røli / NRK
  • Marit Warncke (H) blir ordfører i Bergen

    Marit Warncke fra Høyre blir ordfører i Bergen. Det blir klart på dagen seks uker etter valget.

    Thomas Flesland fra Senterpartiet blir varaordfører.

    – Det er helt surrealistisk at denne dagen har kommet, sier Warncke.

    – Jeg er veldig spent, og full av ærefrykt og takknemlighet over at valget har landet på oss, sier Flesland.

    Tiden etter valget i Bergen har vært preget av uro og mange vendinger mellom Ap- og Høyre-siden i Bergen.

    Marit Warncke Thomas Flesland
    Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK