Hopp til innhold

Overrasking i det nye byrådet i Bergen: Ukjent joker får bybane-ansvaret

Det nærmar seg to månader sidan valet. Etter vekevis med forhandlingar er resultatet klart: Måndag er det nye byrådet i Bergen på plass.

Christine Kahrs, byutviklingsbyråd i Bergen

Christine Kahrs (H) er den ukjende jokeren som no får ansvaret for bybanen i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Klokka 11 presenterte byrådsleiar Christine Meyer (H) dei nye byrådane sine på ein pressekonferanse på rådhuset.

Den store overraskinga var Christine Kahrs som blir byutviklingsbyråd.

– Ho har heile tida vore eit wildcard. Eg måtte finna ei namnesøster, fleipa Christine Meyer.

Kahrs er dagleg leiar av Kahrs eiendom.

– Ho kjenner alle sidene av byutvikling og næringsutvikling i Bergen.

Sjølv er Kahrs spent på sin nye jobb.

– Eg ser på det med skrekkblanda fryd, eg veit ikkje kva eg går til, seier Kahrs.

Ho får mellom anna ansvar for saka som har prega bergenspolitikken i tolv år: bybanen. Sjølv seier ho at ho har kjempa for bybanen sidan tidleg på 2000-talet.

– Eg elskar bybanen, seier Kahrs.

Det nye byrådet i Bergen ser slik ut:

  • Marte Monstad (Frp) – byrådsavdeling for eldre, helse og omsorg
  • Daniel Hägglund (Frp) – barnehage- og skulebyråd
  • Reidar Digranes (Sp) – byråd for næring, kultur og idrett
  • Eivind Nævdal-Bolstad (H) – finansbyråd
  • Christine Kahrs (H) – byutviklingsbyråd
  • Charlotte Spurkeland (H) – byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald

– Me er eit sterkt byråd som ikkje vil vera redde for å ta tydeleg standpunkt som viser retning for byen, seier Meyer.

Reidar Digranes Sp og Marte Monstad Sp

Marte Monstad (Frp) er byråd for eldre, helse og omsorg.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK
Daniel Hägglund

Daniel Hägglund (Frp) er byråd for barnehage og skule.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK
Reidar Digranes (Senterpartiet, byråd for næring, kultur og idrett i Bergen

Reidar Digranes (Sp) er byråd for næring, kultur og idrett.

Foto: Leif Rune Løland / NRK
Eivind Nævdal-Bolstad (H)

Eivind Nævdal-Bolstad (H) er byråd for finans.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK
Christine Kahrs, byutviklingsbyråd i Bergen

Christine Kahrs (H) er byråd for byutvikling.

Foto: Leif Rune Løland / NRK
Spurkeland, Høyre

Charlotte Spurkeland (H) er byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Det nye byrådet er eit mindretalsbyråd som har støtte i bystyret frå fleire parti: Industri- og næringspartiet, Pensjonistpartiet og Bergenslisten har inngått ein samarbeidsavtale med dei tre bystyrepartia.

Det nye byrådet i Bergen

Her er det nye byrådet i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tar over etter Bakervik

Meyer-byrådet tek over etter Rune Bakervik (Ap) sitt byråd.

Bakervik trekte seg under førre bystyremøte, 18. oktober. Sidan har byrådet hans fungert som eit forretningsministerium, altså eit byråd som fungerer i ein mellomperiode og som har avgrensa autoritet.

Rune Bakervik (Ap)

Rune Bakervik (Ap) er ferdig som byrådsleiar i Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Førre måndag vart det klart at Marit Warncke (H) er ny ordførar i vestlandshovudstaden, medan Thomas Flesland (Frp) er ny varaordførar.

Les også: Marit Warncke (H) er ny ordførar i Bergen: – Vil vere ein god og omsorgsfull ordførar

Marit Warncke Thomas Flesland ute

Då Meyer måndag presenterte det nye byrådet sitt, presenterte ho òg seks «grunnpilarar» som det nye byrådet skal styra etter.

  • Hjelp og tryggleik når du treng det
  • Ta alle gode krefter i bruk
  • Tidleg ute
  • Byens barn, Bergens framtid
  • Ein by i utvikling
  • Ansvarleg styring

Samtalar, sonderingar, forhandlingar

Etter valet 12. september vart Høgde det desidert største partiet i Bergen. I tida etter valet 12. september hadde Høgre samtalar og sonderingar med fleire parti i sentrum og på Høgresida.

Sentralt i samtalane stod ei sak: bybane over Bryggen.

I årevis har saka blitt diskutert. Det store spørsmålet har vore om bybanen skal gå over Bryggen, framfor dei Unesco-merkte trehusa, eller bak Bryggen, i ein tunnel. I mai kom det endelege vedtaket som sa at bybanen ikkje skulle i tunnel, men at det skulle koma skjener over Bryggen.

Bybanen i Bergen

Sjølv om det er gjort eit «endeleg» vedtak om kvar bybanen skal gå, har Høgre no opna for ein omkamp med ei ny

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Før valet garanterte Høgre at det ikkje var aktuelt med omkamp. Likevel skulle denne saka visa seg å bli heilt sentral i samtalane med potensielle samarbeidspartnarar.

14. september sa Meyer at Høgre var «heilt kompromisslause» på at det ikkje blir omkamp om bybanen. Då trekte både Frp og Senterpartiet seg frå sonderingane, og Meyer sat att med Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Problemet var at dette ikkje gav fleirtal i bystyret.

Men Høgre snudde igjen og vende seg mot partia som ikkje ønskjer at bybanen til Åsane skal gå langs Bryggen. Denne gongen var det KrF og Venstre som trekte seg frå samarbeidet.

Også Arbeidarpartiet prøvde å få til eit samarbeid med Høgre, først og fremst for å redda bybaneplanane.

Men etter fleire veker med sonderingar, samtalar og forhandlingar, var resultatet klart 6. oktober:

Høgre hadde funne einigheit om byrådssamarbeid med fem andre parti:

Framstegspartiet, Senterpartiet, Bergenslisten, Industri- og næringspartiet og Pensjonistpartiet skal sikra eit styringsdyktig byråd i Bergen.

Nytt byråd i Bergen

Det nye byrådet vart klart måndag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Til saman har dei seks partia fleirtal i bystyret.

Samarbeidsavtale

Noko av grunnen til at det har teke tid å få på plass eit styringsdyktig fleirtal i Bergen er at valresultatet var svært jamt. Verken venstre- eller høgresida hadde reint fleirtal med sine «vanlege» samarbeidspartnarar.

IMG_8036

Christine Meyer (H) under pressekonferansen måndag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Førre veke uttalte Meyer til VG at noko av grunnen til at Høgre tapte veljarar mot slutten av valkampen, var at dei «måtte ta standpunkt i saker».

– Min analyse er at det gjekk bra fram til me blei tvungne til å ta standpunkt i saker. Då mista me veljarar, følte eg.

– Essensen i politikk er vel å ta standpunkt?

– Jo, men når standpunkta splittar folk, så endar me opp med å skyva veljarar frå oss, sa ho til avisa.

Christine Meyer H bybane PK

Byrådsleiar i Bergen, Christine Meyer.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

Eit av standpunkta som har splitta bergenspolitikken, er nettopp bybanesaka. Det var òg eit av dei viktige punkta då samarbeidspartia signerte Klosterhagen-avtalen.

Sentralt i samarbeidsavtalen mellom dei seks partia står fire punkt:

  1. Avtale om bybaneutgreiing
  2. Avtale om å samarbeida om budsjettet
  3. Avtale om valteknisk samarbeid
  4. Høgre skal gå til samarbeidspartia først i store, prinsipielle saker

Les også Reagerer på u-sving i bergenspolitikken: – Tøft å bli dratt i tvil og vridd på

Tarje Wanvik

Les også Livleg demonstrasjon for Bybanen: – Vi er fleirtalet. Bygg den banen!

Marianne Aanerud i "Bergens Mødre" under demonstrasjon for Bybanen langs Bryggen