Hopp til innhold

Frp-topp Terje Søviknes nektar å betale tilbake million-lønn

Framstegsparti-topp Terje Søviknes sine mange politikargodtgjersler skaper rabalder i heimfylket hans.

Terje Søviknes

LØNN: Raudt meiner det er uhøyrt at Terje Søviknes (Frp) skal stikke av med eit beløp som langt overstig statsministeren si løn.

Foto: Lise Åserud

Million-lønna til Søviknes kjem denne veka opp i Vestland fylkesting.

Der vil Raudt endre forskrifta for økonomisk godtgjersle til fylkespolitikarane.

Målet er å gjere det umogleg for politikarar å ta imot fleire godtgjersler, slik Søviknes gjer:

  • Som ordførar i Bjørnafjorden har Frp-politikaren ei lønn på 1,1 millionar kroner.
  • I tillegg får han 847.000 for å vere Frp sin gruppeleiar i fylkestinget, kombinert med å sitje i fylkesutvalet.
  • Som hovudstyremedlem i Kommunesektoren sin interesseorganisasjon (KS) får han 214.000 kroner.
  • Som nestleiar i Frp tener han 150.000 kroner i året.

Samla får Søviknes altså over 2,4 millionar kroner i året.

Til samanlikning tener statsminister Jonas Gahr Støre 1,9 millionar i året. Ein vanleg stortingsrepresentant får 1,1 millionar kroner i året.

Terje Søviknes

Så lenge arbeidsoppgåvene blir løyste i dei folkevalde verva han har, meiner Søviknes han har krav på alle godtgjersler han får som politikar.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Uhøyrt

– Det er rett og slett uhøyrt av Søviknes å stikke av med ein total pott til seg sjølv som langt overgår det statsministeren har i løn, seier gruppeleiar i Raudt, Jeanette Syversen.

I fylkestinget føreslår partiet å kutte godtgjerslene til fylkespolitikarane med til saman 8 millionar kroner:

  • Fylkesordførar skal få kutta godtgjersla med 30 prosent. Fylkesvaraordførar med 15 prosent. Den ligg i år på høvesvis 1,3 millionar og 1 million kroner.
  • Resten av fylkespolitikarane skal få eit kutt på 10 prosent.
  • I tillegg foreslår Raudt å innføre ein regel om at ordførarar verken kan sitte i fylkesutvalet eller leie nokon av hovudutvala.

Fylkespolitikar Per Jarle Valvatne (Ap) har tidlegare uttalt at Søviknes sine godtgjersler «tenderer til griskheit». SV meiner det bryt med intensjonane i reglementet for dei fylkeskommunale godtgjerslene.

I reglementet til fylkeskommunen heiter det at ein som fylkesutvalsmedlem berre kan ha inntil 70 prosents stilling utanom vervet.

Søviknes har 100 prosent stilling som ordførar. Men sidan jobben som ordførar blir definert som eit «verv», blir det ikkje rekna som eit formelt brot på regelverket.

Marthe Hammer (SV) og Per Jarle Kosior Valvatne (Ap) i fylkestinget i Vestland

Marthe Hammer (SV) og Per Jarle Valvatne (Ap) meiner Terje Søviknes sine mange godtgjersler bryt med intensjonane i reglane for godtgjersler i fylkeskommunen.

Foto: Bård Siem / NRK

Avviser kritikken

Syversen oppmodar Søviknes å betale tilbake alt han har fått frå fylkeskommunen. Men det avviser Frp-politikaren.

– Nei, så lenge arbeidsoppgåvene blir løyste i dei folkevalde verva eg har, så må ein også ha rett på dei godtgjersler som følgjer med verva.

– Men er det mogleg å skjøtte oppgåvene godt nok når du er engasjert i mange tunge verv?

– Eg klarte det tidlegare, då eg var ordførar i Os og samtidig var gruppeleiar for Frp i Hordaland fylkesting. Også denne gongen ser eg for meg at eg skal klare det.

– Men forstår du at det kjem reaksjonar?

– Det kan eg forstå, men så lenge oppgåvene blir løyste på ein god måte bør det ikkje vere grunn til å reagere, seier han.

Janette Syversen (Raudt) og Terje Søviknes (Frp)

Jeanette Syversen, gruppeleiar for Raudt, krev at Terje Søviknes må betale tilbake godtgjersle. Saka kjem opp i fylkestinget i Vestland til veka.

Foto: Bård Siem

Søviknes viser til fylkeskommunen sitt reglement om at han vil få avkorting i godtgjersla ved fråvær i meir enn 25 prosent av møta.

– Avkortinga vil slå inn dersom eg blir mykje vekke frå møta, seier han.

På fylkestingssamlinga i november, som gjekk over to dagar, glimra Søviknes med sitt fråvær.

Partikollega godtek å redusere godtgjersla som ordførar

Også partikollega Sigbjørn Framnes har fått kritikk for å ta imot dobbel godtgjersle.

Som ordførar i Stord får han 1,1 millionar og som medlem i fylkesutvalet tek han imot om lag 500.000 kroner. Men i motsetnad til Søviknes, er Framnes villig til å redusere ordførarløna si.

For kvar gong han er vekke frå jobb i Stord kommune for å delta på møte i fylkespolitikken blir han trekt 3000 kroner.

– Dette gjer eg for å synleggjere at eg ikkje er med i politikken for pengane si skuld, men for skape utvikling og gode samfunn i Stord og Vestland, seier Framnes.

Toppkandidatene Terje Søviknes og Sigbjørn Framnes for Vestland Frp

Medan Terje Søviknes (til venstre) avviser å redusere lønna si som ordførar i Bjørnafjorden, vil ordførar Sigbjørn Framnes i Stord bli trekt 3000 for kvar gong han er vekke og deltek på fylkeskommunale møte.

Foto: Bjørn Inge Bergestuen / Vestland Frp

Meiner Søviknes må bidra i «fortvilt» økonomisk situasjon

Kommunepolitikar Jo Rune Ugulen Kristiansen (Ap) i Bjørnafjorden oppmodar Søviknes om å følgje Framnes sitt eksempel.

Ikkje minst fordi Bjørnafjorden slit med ei lånegjeld på 3,3 milliardar kroner og må kutte driftskostnadene med 150 millionar kroner.

I ein så «fortvilt» økonomisk situasjon må Søviknes vere villig til å redusere godtgjersla si, påpeikar Ugulen Kristiansen i eit brev Søviknes. Han trur heller ikkje det er mogleg å gjere ein fullgod jobb med så mange verv.

Men Søviknes er avvisande. Han viser til at han som politikarar ikkje har fastsett arbeidstid, og dermed ikkje lønn knytt til arbeidstida, og at han ved møtekollisjonar vil prioritera ordførarvervet i Bjørnafjorden framfor verv i Vestland.

«Det er etter mi vurdering difor ikkje aktuelt å avkorta ordførargodtgjersla i denne valperioden», skriv Frp-ordføraren i eit brev til kommunestyret i Bjørnafjorden.

Minner om uthenging

Professor ved Universitet i Bergen, Yngve Flo, meiner den samla godtgjersla til Terje Søviknes er urimeleg høg.

Samstundes peikar han på at det må gjerast noko med regelverket i staden for å henge ut enkeltpolitikarar.

– Søviknes gjer ikkje noko formelt feil ved å ta imot den høge godtgjersla, men om det er politisk klokt å gjere det, er ei anna sak, seier Flo.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

Professor Ynge Flo meiner det blir feil å hengje ut enkeltpolitikarar. I staden bør det opprettast ein nasjonal mal for kor mykje politikarar kan ha i godtgjersle, meiner han.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Han meiner at saker av denne typen bidreg til å svekke legitimiteten til politisk arbeid.

– Denne gongen er det Søviknes, neste gong blir ein annan avslørt for å ha svært høge godtgjersler. Det grunnleggande problemet er at det er ingen som har ansvar for totaliteten i dette, seier Flo.

Ønsker ein nasjonal mal

Eit utval sett ned av Stortinget utarbeidde i 2021 ein rapport der det blir peika på at kombinasjonen av fleire politiske verv, det vere seg på nasjonalt, regionalt eller kommunalt nivå, bør i sum gje grunnlag for høgare godtgjering.

Samstundes meiner utvalet at det vil vere «prinsipielt uheldig» om den samla godtgjersla kjem på eit nivå som blir oppfatta som urimeleg høg.

– Utvalet kjem berre med milde tilrådingar. I staden bør det utarbeidast ein nasjonal mal for kor mykje kvar enkelt politikar kan få i godtgjersle, seier Flo.

I utgangspunktet meiner han det er viktig at politikarar kan vere engasjerte på ulike forvaltningsnivå. På den måten vil dei kunne få ei breiare politisk innsikt, noko som er viktig for demokratiet, meiner Flo.