Hopp til innhold

Ingen bybane-omkamp i Bergen - Høgre i forhandlingar med KrF og Venstre

Høgre garanterer at det ikkje blir omkamp om Bybanen. Det har ført Framstegspartiet og Senterpartiet ut av samtalar om borgarleg byrådssamarbeid.

Meyer om sondering

MINDRETALSBYRÅD: No skal Høgres Christine Meyer starte forhandlingane med Joel Ystebø frå KrF (t.v) og Per-Arne Larsen i Venstre.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

I ettermiddag møttest Høgre til sonderingar med Frp, Sp, Venstre og KrF på Bergen Børs Hotell om eit mogleg byrådssamarbeid.

Først blei det kjend at Frp trakk seg frå sonderingane. Så gjorde Senterpartiet det same.

Det betyr at berre Venstre og Kristeleg Folkeparti står igjen. Dei startar no forhandlingar om byrådssamarbeid.

– Det blir nok tøffe forhandlingar med desse to kameratane, men vi har eit veldig godt klima mellom oss og eg er sikker på at vi skal få det til, seier Høgres byrådsleiarkandidat Christine Meyer.

Ho ønsker både Frp og Sp tilbake til forhandlingsbordet, men seier Høgre no er «heilt kompromisslause» på at det ikkje blir omkamp om Bybanen.

Ingrid Nergaar Fjeldstad i Venstre seier at deira viktigaste sak har vore å sikre Bybanens framtid og at når Høgre no er tydelege i Bybanesaka, går dei i forhandlingar:

– Eg trur vi kan finne gode løysingar for byen.

Bystyret i Bergen

– Vanskeleg oppgåve

Politisk kommentator i Bergens Tidende, Gerd Tjeldflåt, meiner Meyer står føre ei vanskeleg oppgåve når ho prøver å få til ein mindretalskoalisjon.

Høgre, KrF og Venstre har ikkje fleirtal i bystyret og må difor søke støtte hos minst to andre parti for å finne fleirtal.

– Og somme av dei partia har dei støytt frå seg i sonderingane i dag, seier ho.

Om dei i det heile tatt skal kome til makta, må dei få med seg fleirtalet på å felle sitjande byrådsleiar, Rune Bakervik, Ap.

Gerd Tjeldflåt BT, bybanen og Høyre

Politisk kommentator i Bergens Tidende, Gerd Tjeldflåt.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– Det blir største utfordringa, seier Tjeldflåt.

– Eg meiner Bakervik no bør overlate styringa av byen til andre, seier Meyer.

Bakervik sa tidlegare i dag at han vil sitje som byrådsleiar så lenge det er parlamentarisk grunnlag for det.

– No er det opp til Meyer å finne ut om ho har eit tilstrekkeleg parlamentarisk grunnlag til å gå på som byrådsleiar.

I morgon skal Bakervik konstituere ny finansbyråd og for miljø og byutvikling. Bergensavisen har spurt han om Venstre er velkomen tilbake, dersom forhandlingane med Høgre bryt saman:

– No har Venstre tatt eit val, og eg forventar at dei klarar det. Dei har litt tid på seg til bystyremøtet 27. september, som er første moglegheit eg har til å gå av, seier han til avisa.

Det har ikkje lukkast NRK å få Bakervik i tale i kveld.

Bybane-saka

Stridens kjerne er den betente bybane-saka i Bergen. Diskusjonane rundt saka har gått føre seg i over ti år.

I mai i år blei det vedtatt at bybanen skal gå over Bryggen i Bergen. Det fekk Arbeidarpartiet- og Venstrebyrådet fleirtal for med stemmene frå SV, MDG, KrF og to representantar frå Sp og Raudt.

Men på sjølve valkvelden opna Christine Meyer opp for å reforhandle om Bybanen. Høgre hadde tidlegare garantert at dei ikkje skulle gjere det.

– Det at Høgre no finn saman med KrF og Venstre handlar i aller største grad om at dei no seier dei er urokkelege på omkamp om Bybanen, seier Tjeldflåt.

Her var Meyer tydeleg i sitt svar.

Framstegspartiet, Senterpartiet, Bergenslisten og Industri- og næringspartiet (INP) er mot vedtaket om å bygge Bybanen over Bryggen i Bergen.

Senterpartiet i Bergen

Senterpartiet på veg inn i sonderingar med Høgre torsdag ettermiddag. Ikkje lenge etter blei det kjent at dei trekte seg.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Frp vil heller prioritere Ringveg aust enn bybane til Åsane. Senterpartiet har villa legge Bybanen i tunnel.

Den populære nykomaren INP har tidlegare sagt at dei kan gå inn i samarbeid med parti som ikkje vil legge bybanen over Bryggen.

Då Frp trekte seg frå sonderingane var beskjeden klar:

– Christine Meyer forhandlar om eit luftslott. Høgre er ikkje villige til å rikkje seg i bybane-saka, sa Frp-topp Marte Monstad.

Like etter returnerte Senterpartiet til sonderingane, men så trekte dei seg likevel:

– Aspekt ved bybanespørsmålet var avgjerande, seier Reidar Digranes i Senterpartiet.

– Vi har vårt standpunkt: vi ønsker Bybanen i tunnel, og vi ønsker ei ny konsekvensutgreiing, legg han til.

Meyer om sondering

Joel Ystebø, Christine Meyer og Per-Arne Larsen skal begynne forhandlingane.

Foto: Tony Roald Ågotnes / NRK

Ikkje fleirtal på eine eller andre sida

Ingen av blokkene har hatt fleirtal etter valresultatet vart klart i Bergen, men Høgre vart det største partiet.

Byrådsleiarkandidat Christine Meyer (H) sa etter valet at dei «sjølvsagt tek ansvar for å danne eit styringsdyktig fleirtal».

Les også Dramaet i Bergen: Høgre mistar mandat i siste liten

tellekorps i bergen

Alternative samarbeidspartnarar som har vore nemnde er Frp, Sp, Venstre og KrF, men også INP, Bergenslisten og Pensjonistpartiet. No blir det berre forhandlingar med KrF og Venstre.

Problemet har vore at partia er rivande ueinige om ei sak: Om bybanen skal gå over Bryggen eller ikkje.

Les også Teljedrama vippa to mandat i Bergen: Ap har fått nytt håp om makt

Rune Bakervik og Christine Meyer