Hopp til innhold
Bybanen i Bergen
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Politikk i Bergen

Oppsummert

Byrådet i Bergen består av Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet. Byrådsleder er Christine Meyer (H).

  • Byrådet utset tunnelutgreiinga

    Forprosjektet for tunnelutgreiinga for Bybanen til Åsane blir ikkje klar før sommaren som planlagt.

    – Vi har jobba på spreng, men vil trenge litt meir tid til over sommaren, seier byutviklingsbyråd i Bergen, Christine Kahrs (H), til BA.

    Ho seier det blir jobba med «eit veldig konstruktivt spor, med fleire farbare løysingar» for å gi ei god utgreiing med høg tillit i befolkninga.

    – Byrådet har ikkje levert eitt fornuftig ord om korleis denne bybanetunnelen skal bli utgreidd. Dei skal ha éin ting: Dei er gode på trenering, meiner Thor Haakon Bakke (MDG).

    Byråd for byutvikling i Bergen, Christine Kahrs fra Høyre.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK
  • BA: Måtte trekke seg i 2018. No er han tilbake som rådgjevar

    Petter Nilsen (H) er tilbake i politikken som rådgjevar for den nye finansbyråden Jacob Mæhle (H).

    Nilsen og Mæhle kjenner kvarandre godt frå før av, og har vore partikollegaer i både Unge Høgre og Høgre si bystyregruppe.

    Nilsen sin førre periode i bystyregruppa var kortare ein venta. Medan han var gruppesekretær dukka det opp ein varslingssak internt i Høgre.

    Varselet blei formelt sendt ut i november 2017. Bakgrunnen var ein hyttetur i 2015. Han var då leiar i ungdomspartiet.

    Fylkessekretæren og generalsekretæren i Høgre blei orientert om varselet i slutten av januar 2018.

    Hilde Onarheim (H), som den gang leia bystyregruppa, seier til BA at saka førte til at Nilsen måtte trekke seg frå politikken.

    Bergensavisen har vore i kontakt med Nilsen, han ønskjer ikkje å kommentere på den tidlegare varslingssaka.

    Han viser til byrådsleiar Christine Meyers sin rådgivar og pressesjef, Rune Indrøy.

    – Byrådsleiaren si vurdering av dette er at det ikkje er livstidsstraff i dette landet, og at det må vere rom for å gi folk ei ny sjanse, seier Indrøy.

    Jacob Mæhle og Christine Meyer.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK
  • Jacob Mæhle blir ny finansbyråd i Bergen

    Jacob Mæhle (31) blir ny finansbyråd i Bergen. Byrådsleiar Christine Meyer presenterte nyheita på ein pressekonferanse torsdag.

    – Det er ingen løyndom at jobben som finansbyråd er krevjande, spesielt no. Det blir viktig å jobbe med mange parti, både på innsida av byrådet og på utsida. Vi må bruke mindre pengar, og bruke dei på ein smartare måte. Bergen skal vere ein by ein har lyst til og råd til å bu i, seier Mæhle.

    Han er utdanna siviløkonom frå NHH, og kjem frå jobben som strategisk rådgjevar i kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen.

    Han blei presentert ein månad etter at Eivind Nævdal-Bolstad gjekk av som finansbyråd. Årsaka han oppgav var at han hadde gått utover sine fullmakter i utnemninga av kommunens styrerepresentantar i ulike selskap.

    Mæhle er tidlegare bystyrerepresentant for Høgre i Bergen, og har også vore leiar av Hordaland Unge Høgre.

    Han bur i Oslo med kone Anne Rokkan, som er DN-kommentator, men flyttar no tilbake til Bergen, så snart folkeregisteret innvilgar søknaden om å få bu på ulike stader.

    – Eg gler meg til å flytte heim att til Bergen, det vil seie, når eg får lov.

    Christine Meyer seier Mæhle helst skulle ha starta i jobben «for fleire veker sidan».

    – Eg er trygg på at Jacob kjem til å gå inn i stillinga med både energi, positivitet, og med innstillinga og evnene som skal til for at byens økonomi er i trygge hender, seier Meyer.

    Ho vil ikkje kommentere kor mange ho har spurd om å bli finansbyråd før Mæhle sa ja, men seier til NRK at han var høgt oppe på lista.

    – Han er ein mann som likar å ta på seg store utfordringar, og det har han no fått, seier byrådsleiaren.

    Jacob Mæhle og Christine Meyer.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK