To kaianlegg, og eit naust som enno ikkje er ferdig bygd.
Tre saker der politikarar i Fitjar kommune i Vestland er på kollisjonskurs med Statsforvaltaren i same fylke.
Kommunen meiner dei kan gje dispensasjon til begge kaianlegga.
Dei meiner også at naustet kan byggjast, trass i at byggjeløyvet har gått ut.
Men Statsforvaltaren i Vestland meiner noko anna enn kommunen.
Dei meiner kaianlegga må justerast og rivast, medan det ubygde naustet skal vera nettopp ubygd.
Dette har dei avgjort utan å vera på synfaring.
Denne kaien på Teistholmen er for stor, meiner Statsforvaltaren i Vestland. Deler av han må rivast. Grunneigar seier han må ha så stor kai for å skjerma mot vèret.
Fitjar kommune vil gje mellombels dispensasjon til dette kaianlegget. Både for å sikra tilgang, men også i påvente av ny kommunedelplan for skjergarden. Eigar får ikkje merka kaien som privat. Statsforvaltaren seier nei.
Her er det søkt om å setja opp nytt naust, etter at det gamle vart teke i storm i 2005. Statsforvaltaren i Vestland seier nei, sidan byggjeløyvet er gammalt. Etter dette har det komme ny kommuneplan.
Meiner kommunen veit best
Vedtaka har fått den lokale ordføraren til å sjå raudt opptil fleire gonger.
– For meg handlar det om lokaldemokratiet, seier ordførar i Fitjar, Harald Rydland (KrF).
Han er tydeleg på at lokal kunnskap og handtering av eit nasjonalt regelverk er riktig.
Og at Fitjar kommune i desse sakene tek godt vare på både nasjonale og regionale interesser i strandsona.
Statsforvaltaren i Vestland meiner denne kaien må rivast frå cirka baugen av seglbåten og bort. Grunneigar meiner storleiken er for å sikra naustet mot uvêr.
Foto: Olav Røli / NRKMen trass i fleire klagerundar, har Statsforvaltaren halde på sitt syn:
Fitjar kommune kan ikkje gje dispensasjon.
Ordføraren og politikarane på Fitjar seier på si sida nei til å bøya seg for staten sin forlenga arm.
Det vart vedteke i eit kommunestyremøte i vår.
Noko Rydland har reagert mest på er at Statsforvaltaren ikkje har vore på synfaring, men behandla sakene frå eit kontor.
– Når ein skal vurdera jussen i desse sakene må ein gå godt inn i kvar sak, og sjå på forholda. Sjølv om eg har forståing for at ein ikkje kan ha synfaring i alle klagesaker, seier han.
Sist veke var Statsforvaltaren i Rogaland på synfaring i skjergarden i Fitjar. Dei skal behandla tre klagesaker. Frå venstre Bård Inge Sørfonn, Randi Lind, Harald Rydland og Erik Thomsen.
Foto: Olav Røli / NRKSa nei til digitalt møte
Sist veke fekk han viljen sin, då to saksbehandlarar frå Statsforvaltaren i Rogaland tok turen ut i skjergarden for å sjå.
Som settestatsforvaltar har dei teke over behandlinga av dei omstridde sakene.
– Aller først fekk me tilbod om ei digitalt møte via Teams. Men dette er ikkje godt nok, meiner Rydland.
Kommunestyret stilte nemleg som krav at dei skulle ha synfaring.
– Me er her for å sjå, og eventuelt stilla nokre spørsmål. Me går ikkje inn i behandlinga av dei ulike sakene, sa seniorrådgjevar Erik Thomsen til grunneigarane som dei møtte på båtturen.
Erik Thomsen, seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Rogaland, dokumenterer eit kaianlegg som Fitjar kommune vil la stå.
Foto: Olav Røli / NRKSlike synfaringar er svært sjeldan, opplyser både Statsforvaltaren i Vestland og Rogaland.
– Ser me tilbake på dei siste fire åra, er dette den andre synfaringa me gjer, skriv avdelingsdirektør Monica Nessa hos Statsforvaltaren i Rogaland.
Digitale hjelpemiddel har redusert behovet for synfaring.
I dette inngår både kart, flyfoto og andre data som dei har tilgjengeleg.
– I dei aller fleste tilfella vil opplysningar frå dokument i sakene og våre fagsystem gje tilstrekkeleg opplysningar om faktum i saka, kommenterer Nessa.
I tilfellet Fitjar valte dei synfaring mellom anna grunna høgt konfliktnivå og for å få betre oversikt over området.
Seksjonsleiar Egil Hauge hos Statsforvaltaren i Vestland seier det same.
– Me har sjeldan høve til å synfare einskildsaker om fråvik frå lov eller juridisk bindande planar, når vi får dei til uttale, skriv han.
Han legg til at det er sjeldan dette vert kravd frå kommunane, som i Fitjar sitt tilfelle.
Men, sidan saka har gått så langt som i Fitjar, var dei også med på denne synfaringa.
Skulle vore på fleire synfaringar
Kommunal- og distriktsdepartementet opplyser til NRK at dei ikkje har ein samla oversikt over tal på synfaringar i strandsonesaker.
Jostein Ljosland, leiar i fylkesstyret i KS Vestland, seier dette er ei problemstilling som jamleg har vore oppe.
I styret sit det mange ordførarar frå kystkommunar i Vestland.
– Statsforvaltaren kunne gjerne ha vore ute meir i einskildsaker. Både for å justera sitt skjønn, og betre forstå kommunane sine vedtak, seier han.
Fitjar kommune vil gje dispensasjon til dette kaianlegget medan ein ventar på ny kommuneplan. Feil, seier Statsforvaltaren.
Foto: Olav Røli / NRKHåpar dei snur
På Teistholmen i Fitjar har grunneigar og lokal Ap-politikarar Jarle Helland bygd ein stor kai.
For stor, meiner Statsforvaltaren i Vestland, som meiner deler av han må vekk.
– Eg kan ikkje forstå at noko så alvorleg som eit rivevedtak kan gjerast utan synfaring, meiner Helland.
Han er likevel glad for at han endeleg fekk besøk av Statsforvaltaren.
Harald Rydland (KrF) er ordførar på Fitjar. Her med lokalpolitikar og grunneigar Jarle Helland (Ap) på Teistholmen.
Foto: Olav Røli– Kva trur du vert utfallet?
– Det har eg ingen meining om. Men no har dei no i alle fall vore her og sett, svarar Helland.
PS! Onsdag kveld vart det klart at Harald Rydland er ferdig som ordførar. Wenche Tislevoll (H) tek over.
Hei!
Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker. Send meg ein e-post.