Kaoset i Bergen held fram. I ettermiddag møttest valstyret til nok eit møte for å finne ut om dei skulle ta ei omteljing av stemmene i Bergen.
Dei enda med å utsetje møtet til i morgon. Difor er det framleis usikkert om det blir omteljing eller ei.
Fleire av dei frammøtte klokka 17 tok til orde for at dei har tiltru til valresultatet og var skeptiske til omteljing.
– Her er det frå før av to identiske teljingar, ei manuell og ei maskinell. Difor trur eg sannsynet for at oppteljinga er feil, er veldig lita. Vi ser ikkje noko behov for å gjere ei ny teljing, sa Ove Sverre Bjørdal frå Senterpartiet.
Ei eventuell omteljing betyr at det blir gjort ei ny maskinell teljing. Sist maskinelle teljing kravde 80 personar over 32 timar.
Nytt møte i Valstyret klokka 17 onsdag ettermiddag.
Foto: Tony Roald Ågotnes / NRKFleire av dei andre representantane la fram same syn som Bjørdal. Framstegspartiet bad om å få ei oversikt over alle slengarane for å sjå kor dei har kome frå.
Onsdag føremiddag godkjende valstyret i Bergen kommune valresultatet. Valoppgjeret viste at ein kandidat på Høgre si liste, Martin Smith-Iversen, hadde fått svært mange slengarar.
Bergenslisten får att eit mandat
Men så viste det seg at Smith-Sivertsen ikkje er valbar i Bergen fordi han ikkje er folkeregistrert der. Han er folkeregistrert i Bærum.
– Eg var ikkje oppmerksam på at eg ikkje var valbar. Eg trudde eg var valbar så lenge eg stod på lista, og budde i byen fram til fristen for når ein kan stemme i Bergen, seier Smith-Sivertsen til NRK.
Konsekvensen av det er at stemmene han har fått, er ugyldige. Dei har blitt ført tilbake til dei partia dei har «stole» stemmetillegg frå.
Difor har no Bergenslista fått tilbake eitt mandat som dei i går såg ut til å ha mista til Venstre.
– Vi er sjølvsagt glade for det, sidan vi eigentleg hadde flest stemmer, seier Trond Tystad på Bergenslisten etter møtet onsdag ettermiddag.
Trond Tystad er glad for mandatet Bergenslisten har fått igjen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKI går tok han til orde for omteljing då det var svært jamt og små marginar mellom Bergenslisten og Venstre. No håpar han valstyret vil vere konsekvente i sitt syn når dei møtast igjen i morgon:
– I og med at ingen var einige med oss i å ta ei ny omteljing i valstyremøtet i dag tidleg, går eg utifrå at dei ikkje vil ha omteljing når dei møtast i morgon igjen. Det vil i so fall sjå umoralsk ut, meiner han.
Det var BT som først melde at Smith-Sivertsen ikkje var valbar.
Små marginar
Grunnen til at det er så små marginar som skil, er fordi Bergenslistens veljarar har ført opp mange slengarar. Ein slengar er ei stemme på ein kandidat frå eit anna parti enn det partiet ein stemmer på.
Dette har svekka stemmetalet til Bergenslisten.
Mange av slengjarane kan ha gått til Martin Smith-Sivertsen, som likt Bergenslisten vil bygge Bybanen i tunnel i staden for over Bryggen.
Når Smith-Sivertsen ikkje er valbar, blir desse listestemmene overført tilbake til partia.
– All logikk talar for at det blir Bergenslisten som likevel får dette mandatet, sa valforskar Yngve Flo til NRK tidlegare i dag, og det fekk han rett i.
Statsvitar Elisabeth Ivarsflaten meiner det burde bli ei omteljing av stemmene i Bergen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKValstyret vil no gjennomgå alle kandidatar for å sjekke om det kan vere liknande tilfelle der kandidatar som har fått slengarar er folkeregistrerte i andre kommunar.
– Eg trur det er lurt at det blir omteljing. Ikkje fordi eg trur det har skjedd noko gale, men fordi eg trur det er viktig at alle er sikre på at oppteljinga har blitt rett, seier statsvitar Elisabeth Ivarsflaten til NRK.
– Ein tabbe
Smith-Sivertsen seier til NRK at han ikkje sjekka vallova på punktet om bustadadresse.
– Det var jo ei tabbe. Familien held på å flytte til London, og det var derfor eg melde flytting til Bærum, slik at vi hadde felles bustad i samband med flyttinga, seier Høgre-kandidaten.
– Det var mitt ønske å bli valt inn i bystyret. Så ville eg sjå kva som ville vore mogleg med tanke på deltaking, i og med at eg vil halde til tid både i Bergen og London, seier Smith-Sivertsen.