Hopp til innhold

Må fjerna kaianlegg i skjergarden

Statsforvaltaren i Rogaland seier nei til at Fitjar kommune kan gje dispensasjon til å la eit kaianlegg i kommunen stå. Avgjerda er teken etter synfaring. Dermed må eit kaianlegg vekk, skriv dei i eit brev til Fitjar kommune. «Statsforvaltaren finn etter dette at ein dispensasjon vil sette omsyna bak byggeforbodet i strandsona vesentleg til side,» heiter det. Dermed har staten si forlenga arm sett ned foten i tre saker der Fitjar kommune ville gje dispensasjon.

Kai Avløypet Fitjar. Statsforvaltaren på synfaring.
Foto: Olav Røli / NRK