Vestland fylkesting i Håkonshallen oktober 2019
Foto: Vestland fylkeskommune

Politikk i Vestland

Oppsummert

Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman til Vestland 1. januar 2020. Her får du siste nytt frå politikken i fylket.

  • Oppteljinga er endå ikkje ferdig

    Røystesetlane frå Sogn og Fjordane blir ikkje ferdig kontrolltalde i dag. Kommunane leverer røystesetlane på Leikanger i løpet av dagen, mange av dei såpass seint på ettermiddagen at teljekorpset ikkje rekk å telja ferdig i dag.

    – Spente Stortingskandidatar må leva i spaning litt til, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland. Den endelege valprotokollen blir signert 22. september.

    Valforskar Yngve Flo seier til NRK at det truleg skal mykje til for at valresultatet blir annleis enn slik det er no.

  • Sp og Sande må forhandle

    Erling Sande vil framleis ikkje vere tydleg på om han meiner SV bør vere ein del av den nye regjeringa. Senterpartiet hadde som mål å danne regjering åleine saman med Arbeidarpartiet. Det har dei ikkje fleirtal for, så no må dei til Stortinget for å forhandle, seier Sande.

  • Framleis uvisst for Bjørlo (V)

    Det er framleis uvisst kven som får den fjerde stortingsplassen frå Sogn og Fjordane. Venstre sin toppkandidat Alfred Bjørlo var i natt inne på utjamningsmandatet, men var framleis usikker då NRK snakka med han like før midnatt.

  • Rekordmange har førehandsrøysta

    I Sogn og Fjordane har 42,24 prosent førehandsrøysta i år. Ved førre stortingsval var det 24,34 prosent som gjorde det same. –Det blir spanande å sjå kva utslag det vil få for det endelege valresultatet, seier Kristine Kopperud Timberlid, valkommentator for NRK Vestland.