GRÜNDER: Oscar Hovde Berntsen står bak ideen om dei straumførande geiteklavane.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKI fleire år har den vesle bedrifta Nofence i Batnfjorden i Møre og Romsdal kjempa for å få Mattilsynet si velsigning for bruk av produktet og no kan dei endeleg sette i gang full produksjon og sal av GPS-halsklaven dei har utvikla.
– Dette gjer at vi kan sjå framover og selje med tryggleik om at dette er lovleg. Det betyr veldig mykje for oss, seier gründer Oscar Hovde Berntsen.
Klaven gjer at bøndene ikkje lenger treng å setje opp straumgjerde, men kan i staden bestemme kvar geitene skal gå via ei datamaskin. Ein liten lyd eller ein lett straumpuls skal halde geitene innanfor gitt radius.
Sjå reportasjen om korleis geiteklaven fungerer. Reportasjen er frå 2015.
Les også:
Landbruksministeren involvert
Landbruks- og matminister Jon Georg Dale valte å gripe inn i saka etter at Mattilsynet prøvde å forby geiteklaven i fjor. Bakgrunnen for forbodet var at «Nofence» ikkje var tilstrekkeleg utprøvd og dokumentert i lys av lova om dyrevelferd.
GREIP INN: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale greip inn i saka etter at Mattilsynet prøvde å forby geiteklaven i fjor.
Foto: Bjørn Opsahl / NRKStatsråden er glad for at situasjonen no har løyst seg og at den straumførande geiteklaven no kan lanserast på både den norske og utanlandske marknaden.
– Det må vere slik at verkemiddelapparatet bidreg til at teknologiutvikling som skjer med utgangspunkt i den norske marknaden kan kommersialiserast, og det opplever eg no at vi har fått til, seier ein godt nøgd Dale.
Landbruksministeren instruerte byråkratiet om å legge forholda til rette for denne nye teknologien og gi ein peikepinn på kva som måtte til for å dokumentere at «Nofence» kunne brukast med tilstrekkeleg dyrevelferd.
– Eg opplever at Mattilsynet har gjort det eg oppfordra dei til og dei har no konkludert med at dette produktet er noko vi kan bruke i framtida, seier statsråden.
Les også:
MILEPÆL: Her feirar dei fire tilsette Erik Harstad (f.v.), Oscar Hovde Berntsen, Linda Haug og Magnus Gabrielsen milepælen at dei har klar dokumentasjonen som gjer at produktet er lovleg.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKDokumentasjonen endeleg på plass
FORNØGD: Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet er fornøgd med dokumentasjonen som Nofence og NMBU har levert.
Foto: MattilsynetTorsdag leverte Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) dokumentasjon som beviste at klavane frå «Nofence» tek i vare dyrevelferda. Fredag kom klarsignalet frå Mattilsynet.
– Vi ser at Nofence kan dokumentere effekten av dette produktet på dyrevelferda og det er vi fornøgde med. Straum er veldig ubehageleg for dyr, difor måtte vi vite korleis dyra reagerte på akkurat dette produktet, seier Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet.
Nofence har allereie bestillingar inne på 7700 geiteklavar til ein verdi av 16 millionar kroner.
Denne reportasjen handlar om geitebonde Anne Aamodt sine erfaringar med geiteklaven og produksjonen på Batnfjordsøra.