Hopp til innhold

Det blir rift om datageiter

Firmaet som har utvikla ein datastyrt klave til å styre kvar geiter skal beite, spår at det blir stor etterspørsel etter geiter i åra framover.

Oscar Hovde Berntsen

Gründer Oscar Hovde Berntsen i Nofence AS har tatt patent på databrikken og klaven som dannar eit usynleg gjerde for dyr i utmark.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Geitebønder må belage seg på stor rift frå mange hald om å få kjøpe geiter som kan settast inn i rydding av attgrodde landskap. Det spår bedrifta Nofence på Batnfjordsøra i Gjemnes.

– Den datstyrte klaven som gjer gjerding unødvendig, kjem til å skape ein svært stor etterspørsel etter geit. Dei som driv med geit, må rett og slett førebu seg på at etterspørselen av alle typar geit vil auke sterkt, seier ein optimistisk styreleiar i Nofence AS Olbjørn Kvernberg.

Olbjørn Kvernberg

Olbjørn Kvernberg er styreleiar i Norfence AS.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Skal bli ei råd

Leiar Odd Bjarne Bjørdal i organisasjonen Møre og Romsdal Sau og Geit, meiner
geitenæringa er budde på å ale opp meir geit dersom etterspørselen aukar.

– For næringa generelt er dette positivt. Fleire kje kan setjast på i staden for å bli slakta, og verd bønden vil få meir inntekt. Viss vi på denne måten kan få rydda kulturlandskapet og utnytta beiteområde betre, er det bra, kommenterer Bjørdal.

Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit.

Odd Bjarne Bjørdal leier organisasjonen Sau og Geit i Møre og Romsdal, og seier næringa skal klare å levere geiter dersom etterspørselen aukar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Han seier likvel det er begrensa kor stort areal ein liten flokk med geiter elle kje klarer å rydde på ein sesong.

Kvar flokk vil ikkje klare å beite ned for store areal i gongen, påpeiker han

Mange tek kontakt

Bedrifta med grüder Oscar Hovde Berntsen i spissen, har brukt fem- seks år på å utvikle det som ser ut til å bli ein revolusjon for bruk av beitedyr og rydding av kulturlandskapet. Siste året har dei opplevd stor pågang frå folk som er interessert i å prøve ut det usynlege gjerdet.

– Det er mange som tek kontakt. Først og fremst er det geiteeigarar som gjerne vil prøve klaven. I tillegg viser forvaltarar av utmark, som kommunar, stor interesse. Dette gjer oss skråsikre på at det må meir geiter til i framtida, seier Hovde Berntsen.

Kasjmirgeiter

Går det som firmaet spår, vil snart geiteflokkar rydde attgrodd skog og landskap over heile landet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Geit som beitedyr er eineståande til å halde kulturlandskapet i hevd,og vil bli ein viktig faktor å rekne med for å kunne ta i bruk ein langt større del utmarka som i årevis har stått ubrukt, meiner oppfinnaren.

– Geiter et omtrent alt dei kjem over, i motsetnad til sau som beiter gras og lyng. Problemet her heile tida vore å styre dei, for dei klarer å klatre både under og over gjerder. Når det no går an å avgrense på meteren kvar dei skal beite, er det klart at mange fleire vil skaffe seg geiter, meiner Hovde Berntsen

Kan bli global suksess

No set dei igang produksjon av inntil 1000 klavar som skal vere klar for bruk til komande beitesesong.

Den vesle bedrifta på Batnfjorden manglar ikkje vyer for kva oppfinninga av den datastyrte klaven kan føre til.

Kasjmirgeit

Ei av kasjmirgeitene som prøver ut gjerdefritt beite i bymarka i Molde.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Beiting utan gjerde er noko som mange land vil vere interesserte i. På den eine sida er ikkje berre Noreg som har pronlem med attgroing av landskapet. På den andre veit vi at kulturen for å bruke beiteområde, er ulik ute i Europa, seier Olbjørn Kvernberg.

Den gjerdelause løysinga vil gagne mange, meiner bedrifta,og peikar både på landbruket, reiselivet og andre.

Det usynlege gjerde

Den nye løsinga for å få husdyr til å beite i overgrodd utmark, går ut på at kvar geit har ein klave rundt halsen med ei databrikke påmontert. Straum til å drifte brikken, blir henta via eit integrert solcellepanel.

– Bonden kan teikne det digitale beitekartet på datamaskinen, eller rett og slett ta turen langs grensa. I stadenfor å ha med spett og slå gjerdestaur ned i jorda, kan han så trykke den usynlgege inngjerdinga inn på mobiltelefonen, fortel Oscar Hovde Berntsen.

Olbjørn Kvernberg

Olbjørn Kvernberg er styreleiar i Norfence AS.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Prøver geita å gå utanom den usynlege grenselinja, byrjar ein høg lyd å pipe i klaven. Stansar ikkje geita i tide, får ho eit svakt straumstøyt.

– Støyten er svakare enn den som finst i vanlege straumgjerde, og er innanfor alle lover og reglar, forsikrar Hovde Berntsen.

Gris på beite

Han legg til at bedrifta no først konsentrerer seg om å lage klavar for geit, men på sikt kan dette utviklast til bruk for andre dyreslag.

Gris

Gris er eitt av fleire beitedyr som kan ende opp med klave for at dei skal kunne beite i område utan gjerde.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Vi har fått spørsmål frå hundeeigarar, men det er uaktuelt i denne omgang. Dette er berekna på beitedyr, og då gjeld det storfe, sau, hest og gris.

– Gris?

– Ja, grisen er eit framifrå beitedyr, seier Hovde Berntsen.

Bedrifta spår spanande tider for både dei sjølve og geitehaldarar i tida framover.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL