Hopp til innhold

Sjekkar om straum og GPS plagar geitene

GPS-signal ein kvinande lyd og ein lett straumpuls kan hindre geiter i å stikke av og syte for at gjerde og innhegningar blir overflødige. Men først må forskarane finne ut om utstyret plagar geitene.

Geiter Vevang

Desse geitene har klaven som har fått namnet NoFence. Klaven heng rundt halsen og gjev først frå seg eit varsel, og så eit elektrisk støyt om geitene får utanfor det oppsette området.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Utstyret fungerer som eit usynleg gjerde. I GPS-systemet er det definert kva slags område geitene kan bevege seg i. Om ei geit går utanfor området sitt gjev systemet frå seg eit lydsignal og eit lite elektrisk støyt. Geitene finn fort ut at det er best å halde seg innanfor det lovlege området.

Det ser ut som om geitene tek opp att normal åtferd relativt fort etter at dei har blitt utsett for lyden og den elektriske støyten, seier forskar Silje Eftang frå NMBU på Ås. Ho er sivilagronom og skal no finne ut korleis utstyret påverkar geitene.

Mattilsynet sa nei

Sommaren 2016 blei det sett i gang eit større pilotprosjekt der 78 besetningar skulle prøve ut NoFenc, systemet som blir karakterisert som elektriske klavar som skal erstatte gjerde Den gongen uttalte Mattilsynet at NoFence ikkje var tilstrekkeleg utprøvd og dokumentert i lys av lova om dyrevelferd. Dermed blei bruk av elektriske klavar på geit ikkje godkjent, utanom i regi av godkjende dyreforsøk.

Silje Eftang og Linda Haug

Silje Eftang (til venstre) er forskar og Linda Haug er geitebonde og tilsett i bedrifta NoFence.

– Erfarne geiter skjønar systemet

No er forsøka i gang på nytt, og på Vevang i Møre og Romsdal er ein flokk geiter utstyrt med dei GPR-styrte elektriske klavane.

– Det ser ut til at dei erfarne geitene har ei god forståing av kva som skjer om dei ikkje snur når dei får lydsignalet, seier Eftang til NRK.

Linda Haug er både geitebonde og tilsett i bedrifta NoFence i Batnfjorden i Møre og Romsdal. Det er selskapet NoFence som har utvikla produktet som kan erstatte inngjerdingar. No er dei i ferd med å avslutte arbeidet med å dokumentere at klaven fyller krava til dyrevelferd.

– Dette kan bli eit vegskilje for oss. Når dette er klart får vi kanskje løyve til å selje klaven i marknaden, seier Haug.

– Unikt prosjekt

Mellom 10 og 15 geitebesetningar er med i prosjektet som Noregs miljø og biovitskaplege universitet på Ås har sett i gang.

Forskingsprosjektet er unikt fordi vi samlar inn data frå mange ulike besetningar. Det er mange dyr med i forsøket. Men det er ikkje opp til oss å konkludere noko vidare, seier Eftang.

Forskingsarbeidet skal gå føre seg nokre veker til. Etter dette skal det leggast fram ein rapport. Konklusjonane skal mest sannsynleg vere klare innan årsskiftet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL