Har oppgradert snøskredfaren
NVE har oppgradert snøskredfaren for Romsdal og Sunnmøre til betydeleg i dag. Faren blir størst frå i ettermiddag.
– I eit solvendt heng kan skred med laussnø losne naturleg. Det kan vere vedvarande svake lag i høgt snødekke, melder snøskredvarslinga.
I Trollheimen er det meldt moderat snøskredfare.