Hopp til innhold

Skiløparar løyste ut snøskred på Røyrhusnibba

Leiteaksjonen etter snøskredet på fjellet Røyrhusnibba på Sunnmøre er no avslutta. Skiløparar skal ha løyst ut skredet.

Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe og Norske redningshunder under skredaksjonen på Rørhusnibba.

SNØSKRED: Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe og Norske redningshunder stilte med mannskap under aksjonen.

Foto: Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe

Det melder politiet i Møre og Romsdal rundt klokka 14.25.

– Vi avsluttar aksjonen då vi har kome i kontakt med folk som har vore i det aktuelle området. Ut ifrå bilde som dei har tatt og deira lokasjon, så samsvarer det med skredet. Dermed konkluderer vi med at ingen skal vere tatt, seier Erik Daniel Dyb, operasjonsleiar i politiet til NRK.

Snøskred på fjellet Røyrhusnibba. Fjellet ligg på grensa mellom Volda og Stranda.

SNØSKRED: Fjellet Røyrhusnibba ligg mellom Grodås og Hellesylt på Sunnmøre.

Foto: Tor Odd Kjellstadli

Fjellet Røyrhusnibba er 1.279 meter over havet og ligg mellom Grodås og Hellesylt på Sunnmøre.

Hadde observert skispor

Politiet meldte først om snøskredet rundt klokka 13.30.

Roar Fylling, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, sa då at det hadde vore observert skispor i området, men at ein ikkje visste når desse var frå.

Både eit redningshelikopter frå Florø og ei luftambulanse frå Dombås var med på å søke over skredområdet frå lufta.

– Dette blei gjort på grunn av faren for å løyse ut nye skred, seier Dyb i politiet.

Det blei kalla ut mykje mannskap i samband med søket. Ressursar frå skredgruppa var på veg. I tillegg rykte Norske Redningshunder har rykt ut med fem lavinehundar.

– Vi vil takke alle frivillige som melde seg, seier Dyb.

Stor snøskredfare

Det er no stor snøskredfare på Sunnmøre. Snøskredvarslinga til NVE opplyser at kraftig vind frå torsdag ettermiddag fører til aukande skredfare og krevjande forhold i regionen.

Store og naturleg utløyste skred kan oppstå og nokre av dei kan bli svært store.

– Det er krevjande forhold. Det er vedvarande svake lag i snødekket og samlingar av fersk fokksnø. Vis stor varsemd inntil vidare, oppfordrar snøskredvarslinga.

Fjellet Røyrhusnibba er 1.279 meter over havet og ligg mellom Grodås og Hellesylt på Sunnmøre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL