Hopp til innhold

Auka snøskredfare

I morgon aukar snøskredfaren for Romsdal til moderat. Det melder snøskredvarslinga til NVE. Soloppvarming av snøoverflata gir auka risiko for våte skred.

– I nordvende heng høgt til fjells ligg det svake lag under fokksnøen som ein kan løyse ut skred på, skriv snøskredvarslinga.

Også på Sunnmøre er det moderat snøskredfare. Her vil skredfaren variere i løpet av døgnet. Her er faren størst i solvende heng og høgt til fjells der vinden legg opp ferske flak av fokksnø.

I Trollheimen er det liten snøskredfare.