Hopp til innhold

Mann omkom etter å ha blitt tatt av snøskred på Sunnmøre

Mannen som blei tatt av eit snøskred ved Langenestinden i Ørsta laurdag omkom i ulykka. Det var turkameratar som varsla.

Langenestinden i Ørsta

SNØSKRED: Snøskredet gjekk på Langenestinden i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Foto: KRISTIAN DAVID SMOGELI

Politiet melder dødsbodskapen søndag føremiddag.

Mannen blei tatt av eit snøskred laurdag ettermiddag. Han blei henta ut og så flydd med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim.

– Mannen i 60-åra blei erklært død på St. Olavs hospital i går ettermiddag, opplyser politiet.

Dei pårørande er varsla. Mannen er heimehøyrande på Sunnmøre.

Turfølge varsla

Mannen skal ha vore i eit turfølge då han blei tatt av snøskredet. Det var desse som melde frå til naudetatane om det som hadde skjedd.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga og skal følge den opp.

– Det vil bli gjort undersøkingar. Innsatsleiar på staden fekk også snakka med dei som var på tur saman med mannen i går, seier operasjonsleiar i politiet, Tove Holst-Dyrnes til NRK søndag.

Foto: Roger Oldeide.

Foto: Roger Oldeide.

Tatt av snøskred på Langenestiden

Det var i 14.20-tida laurdag at politiet i Møre og Romsdal melde at ein person hadde blitt tatt av eit snøskred på Langenestinden på Sunnmøre.

– Ein person er lokalisert og henta opp av snøen. Det blir jobba på staden, sa Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet til NRK rundt 14.30 laurdag.

Både luftambulanse og redningshelikopter rykte ut til staden. Klokka 14.48 meldte politiet at personen blei frakta til St. Olavs hospital i Trondheim med luftambulanse.

Person tatt av snøskred ved Langenestinden i Ørsta på Sunnmøre.

Mannen blei flydd til St. Olavs hospital i Trondheim etter å ha blitt henta ut av snømassane.

Foto: Roger Oldeide

Turfølgje melde frå

Ifølge Holst-Dyrnes fekk dei melding om at det skulle vere snakk om eit større flakskred.

Langenestinden er 1207 meter over havet. Det er for tida moderat snøskredfare på Sunnmøre.

Langenestinden i Ørsta

Personen som blei tatt av snøskredet blir frakta til St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Skjermdump Flightradar