Hopp til innhold

Politiet trur ikkje at nokon har blitt tatt av snøskred i Rauma

Politiet har avslutta aksjonen etter eit snøskred på sørsida av fjellet Søre Klauva i Isfjorden i Rauma.

Snøskred ved fjellet Søre Klauva i Isfjorden i Rauma.

SNØSKRED: Politiet i Møre og Romsdal sette i gang ein aksjon etter at dei fekk inn melding om eit snøskred i Isfjorden i Rauma.

Foto: Arnt Morten Olsen

Politiet i Møre og Romsdal meldte først om snøskredet rundt klokka 15.35 måndag. Det blei så sett i gang ein aksjon for å finne ut om nokon hadde blitt tatt av skredet.

Om lag ein time seinare melder politiet at aksjonen er avslutta.

– Skispora, som var observert i området, går både inn og ut av det aktuelle skredet. Vi vurderer difor at det er eit gamalt skred, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet meidder difor at skispora stammer frå skiløparane har køyrd gjennom skredet etter at det har gått.

– Dette gjer vi med bakgrunn i det som luftambulansen og redningshelikopteret har sett når dei har flydd over området, seier Mork.

Søre Klauva ligg 1356 meter over havet i Isfjorden i Rauma.

Langrennsløpar meldte frå

Frivillige, i tillegg luftambulanse og redningshelikopter blei sendt til staden etter at politiet fekk melding om snøskredet måndag.

Leif Arne Mork Operasjonsleder Møre og Romsdal politidistrikt.

Leif Arne Mork, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det var ein person som var ute og gjekk på langrennsski litt lenger nede i bygda som observerte skredet. Det er observert skispor i området, men det er uvisst om nokon er tatt i skredet, sa Leif Arne Mork, operasjonsleiar i politiet til NRK i 15.30-tida.

På det tidspunktet hadde politiet ikkje kome i kontakt med nokon som har sett når skredet gjekk.

– Den førebelse vurderinga vår er at det har gått i løpet av ettermiddagen. No jobbar vi med å få på plass ressursar. Etter kvart som helikoptera kjem dit og kan vurdere situasjonen frå lufta, så veit vi litt meir, sa Mork.

Klokka 16.15 var to helikopter frå Hovedredningssentralen på plass.

– Dei har akkurat starta søka i området, sa Eilen Furre hos HRS.

Bad folk om å ta kontakt

I etterkant av skredet bad operasjonsleiaren bad som hadde informasjon om skredet om å ta kontakt.

Dette er ikkje lenger nødvendig, seier Mork i politiet i 16.00-tida.

– Vår vurdering er at det ikkje er nokon som er tatt av det skredet som hadde gått der.

Det er moderat snøskredfare i Romsdal no, ifølge snøskredvarslinga til NVE.

Fjellet Søre Klauva ligg 1356 meter over havet.