Vêrvarsel torsdag
I dag er det meldt bris av skiftande retning i Møre og Romsdal. Elles blir det skiftande skydekke og enkelte regnbyer. Frå fredag ettermiddag blir det nordvest bris, og på kvelden blir det frisk bris utsette stader. Det er også meldt regnbyer. Det opplyser Meteorologisk institutt.